Magasinett

Utskrift

Berre ein liten del av eit måltid

Skrive av Tora Hope .

 Paal Maage Eldstad debuterer med ei diktsamling. Bergensforfattaren vil ikkje undergrave korkje boka eller lesaren med å kommentere sin eigen tekst for mykje. Foto: Renate Espe Aase.

Debutant Paal Maage Eldstad overlet tolkinga av dikta i Kun en liten del av universet til lesaren. – Boka er berre ein av ingrediensane i leseprosessen.

 

Denne hausten debuterer Paal Maage Eldstad med diktsamlinga Kun en liten del av universet.

Kropp, natur, heim, liv, seksualitet, lys, natt, død og sorg er nokre av temaa i boka. Når ein googlar Eldstad kjem ein raskt til Urørt og låtane «Navn» og «Holde pusten og plante trær». Tekststrofene i songane kjenner ein att frå boka. Også andre stader finn ein att tekstsnuttar frå boka, som i dikt- og kortprosatidsskriftet Slagtryk. Der har Eldstad bidrege med teksten «Utflod (vårskisse)». «Jeg har aldri skrevet et fenomenologisk dikt om hvorvidt blodet er Kropp etter det har forlatt meg», skriv han både her og i debutboka.

– Bruker du ofte tekstane på ulike måtar slik som her? Og kvifor tek du med deg akkurat desse tekstlinjene vidare?

Noko av det som er interessant med å utgje ei bok, er at det er noko «fastsatt» ved formatet til boka. Men dette er ikkje til hinder for at eg sjølv, eller andre, kan klippe i teksten og plassere desse brotstykka inn i nye samanhengar. Eg brukar sjølv sitat frå både andre forfattarar og frå samfunnet for øvrig, når eg skriv.

– Eit anna inntrykk er at du skiftar mellom kjønn, eller at kjønn i alle fall tidvis er flytande i tekstane. Ser du føre deg ein eg-person i diktsamlinga, og kva kan eller vil du seie om denne personen?

– Personleg har eg aldri teke seriøst den der ideen om at bøker er busett av «personar». Det er som om enkelte ikkje er i stand til å sjå skilnaden på språk og menneske. Det er for øvrig naturleg å mistenkje ein eller annan forbindelse mellom ei bok og omverda. Nokre vil påstå at vi lever i ei tid der kjønnsomgrepa har synt seg å vere utdaterte, tomme og gjennomrelativiserte omgrep – og då er det ikkje så rart om dette skulle gjenspegle seg i nokre av tidas tekstar, svarar Eldstad, og legg til:

– Men det er farleg å kommentere sin eigen tekst for mykje. Ein risikerer å undergrave, ikkje berre boka sjølv, men også lesaren. I ein leseprosess er boka berre ein ingrediens, der lesaren sjølv har ansvaret for tillaginga av måltidet elles.

 

Kulturbyen Odda

Samlinga er den første diktsamlinga frå forlaget Vigmostad & Bjørke, og den nyaste med røter i Odda, der også forfattar Frode Grytten er frå.

– Er det noko med Odda som inspirerer til å skrive?

– Ein skal passe seg for å romantisere Odda som kulturby. Det Odda eg vaks opp i var dominert av jantelov og framandfrykt, med sterke tradisjonar for rasisme og homofobi. Ikkje ein stad som inspirerer til kunst og filosofi, med andre ord. Når det er sagt, så har dei ein god kulturskule i Odda, der eg vart introdusert for ei anna verd, på utsida av den industrielle, svarar Eldstad.

No er det Bergen som er debutantens heim. Han studerer litteraturvitskap der, og har gått på Skrivekunstakademiet. Byen er også tilstades i debutboka, som på s. 71:

En lyktestolpe i nærheten

slår ut med lyset

 

Jeg går trappene ned

fra Johanneskirken

med hånden skjermende

foran pungen

 

– Bergen er min heim. Det er her eg bur, og det er her skrivegruppa mi held til. Det å ha andre rundt meg som skriv, er veldig viktig. Kritiske lesingar undervegs i arbeidet med ein tekst er avgjerande. Andre vil vere i stand til å påpeike både problem og potensiale i tekstane mine, som eg ikkje ser sjølv.

Eldstad meiner Bergens aktive skrivemiljø skuldast fleire faktorar.

– Å vere oppteken av skriving er ofte ein einsam hobby, og ein må flytte til storbyen for å møte andre med same interesse. Det er difor naturleg at det vert skapt grupperingar av folk som ønskjer å skrive innanfor studentmiljøet i ein kvar storby. For det andre har vi Skrivekunstakademiet, som får folk til å flytte hit spesifikt for å skrive. Ein del av desse vert verande etter at dei er ferdige med skriveutdanninga, og over tid har ein enda opp med eit mangfaldig miljø av forfattarar som bur og skriv i Bergen.