Magasinett

Utskrift

Mangschou vil visa fram ungdomsliv frå Midtausten og Russland

Skrive av Tora Hope .

Mangschou forlag vil gje norske ungdommar innblikk i andre kulturar. Difor omset dei ungdomsromanar frå mellom anna Russland og Libanon. Illustrasjon: Frå «Du, jente».

Norsk barne- og ungdomslitteratur er veldig kvit og veldig norsk. No inviterer forlaget Mangschou deg med inn i kvardagen til libanesiske og russiske tenåringar.

 

Neste gong du er i ein bokbutikk – sjekk om du finn ei bok som ikkje er frå anten Noreg, Storbritannia, USA eller Skandinavia.

Ikkje mange, seier du?

Ikkje overraskande, seier Mangschou forlag. No satsar dei på ungdomsbøker frå andre språk enn dei du vanlegvis finn i bokhyllene.

Først ut er forteljinga om femtenåringen Faten frå Libanon. Før var ho den beste i klassen, men no er ho tenestejente hos ein rik familie i hovudstaden Beirut. Faten er einsam og fortvila, men nektar å gje opp kampen for å få seg ei utdanning.

Du, jente er noko så uvanleg som ein arabisk ungdomsroman på norsk.

Veldig kvitt og veldig norsk…

Det er dommen til Hilde Mugaas, som har skrive master om norske ungdomsbøker. Veldig få bøker handlar om ulike innvandrargrupper i Noreg, finn ho. Og det til tross for at over halvparten av bøkene for barn og unge i Noreg er omsett frå andre språk.

Ifølgje Ny Tid er nær 70 prosent av desse omsett frå engelsk.

– I Noreg snur vi oss ofte mot USA og Storbritannia, både i film, TV, musikk og litteratur. Dei store forlaga frå desse landa har proffe agentar og er synlege. Det er ikkje noko gale i at mykje av litteraturen er omsett frå engelsk, men vi vil også tilby noko anna. Verda er meir samansett og spanande enn som så.

Redaktør Johanne Hille-Walle meiner norsk ungdom fortener å lese bøker frå andre språk enn engelsk. Det seier Johanne Hille-Walle (bildet). Ho er redaktør i Mangschou forlag, og har ansvar for satsinga på ungdomsromanar frå den store verda. Satsinga kallar dei for «Nærvær», og målet er kort og godt å bringe verda nærare norsk ungdom.

– Vi vel ut språkområde og kulturar som sjeldan vert omsett. Tekstane skal vere realistiske, om ungdom for ungdom, seier ho.

Å vere ung i Noreg og i Libanon er på mange måtar likt, trur redaktøren. Men rammene er ganske annleis.

– Kjensler ein har som ung kan ein kjenne seg att i alle stader. Forskjellane på å vekse opp i Libanon og i Noreg er samstundes enorme, og det påverkar korleis ein kan finne seg sjølv og byggje sin identitet.

Homofil i Russland
Neste bok ut i satsinga er skriven av den russiske forfattaren Daria Willke og handlar om ein tenåringsgut og hans jakt på kven han er. Boka har ikkje fått norsk tittel enno, men originaltittelen er direkte omsett Narrens lue.

Russiske forlag vert i dag knebla av lover som innskrenkar kva tema som er lov i barnelitteraturen. Bøkene får aldersgrenser og kven som helst kan melde frå om bøker dei meiner er krenkjande.

Sommaren 2013 vart lova mot homofil propaganda innført. Forlaget Samokat svara med å publisere boka om 14 år gamle Grisja, som har fått den førebelse norske tittelen Narrens lue.

I etterkant vart forleggar Irina Balakhonova truga. Men ho fekk også ein ytringsfridomspris for den modige avgjersla.

– Eg trur desse bøkene kan skape dialog og forståing, i ei verd som vert meir globalisert. Dei kan få fram nyansane, og motverke stereotypiske inntrykk, seier Hille-Walle.

Ho meiner at satsinga vil få fram nye perspektiv, som er annleis enn dei norske og vestlege forfattarar har.

– Ei bok av ein arabisktalande som er oppvaksen i Noreg vil vere annleis enn ei bok frå nokon som lever i ein annan kultur. Det kan gje kunnskap om andre måtar å leve på, og historier med nye og annleis blikk.

Forlaget er i full gang med å vurdere kva titlar dei skal omsette. Nokre ekstra utfordringar er det med utradisjonelle språk.

– Eit problem er at vi ikkje kan lese bøkene sjølv, fordi vi ikkje kan russisk og arabisk. Det gjer at vi bruker litt lenger tid på å vurdere kva bøker vi skal satse på.  

Men kvifor er bok-Noreg så blendakvitt?

– Noko av forklaringa ligg i bokindustrien sjølv, og korleis dei største språka har eit sterkare PR-apparat i ryggen. Eit anna aspekt er dei ekstra ressursane som skal til for å finne bøkene frå andre språk, som ikkje så mange kan. Også er vi jo ein del av Vesten, og bokhandlarane tenkjer kanskje at spranget er større til andre kulturar.

Redaktøren seier at det kan syne seg å vere vanskelegare å selje dei bøkene som er omsett frå utradisjonelle språk, men at ho trur dei skal få de til.

– Alle syns det er flott med ei slik satsing, men å få den ut til lesarane kan vere tyngre. Som med alle bøkene vi gir ut, må vi jobbe aktivt for å nå ut til ungdommane.

Ho trur likevel dei skal få det til. No håpar ho at lærarar og bibliotekarar let seg begeistre.

– Bøkene vil vere gode å bruke i undervisning, om tema som språk og andre kulturar. Norsk ungdom fortener å lese bøker på alle desse språka.

Fakta 1:

Tenestejenta som drøymer om fridom

Den første boka i Nærvær-serien handlar om Faten. Før var ho best i klassen, men no er 15-åringen tenestejente hos ein rik familie i Libanons hovudstad, Beirut. Alle pengane ho tener går til familien på landsbygda, og Faten er einsam og fortvila.

Men ho nektar å sleppe draumen om å ta utdanning og verte sjølvstendig. I nabohuset bur ein ung, kjekk mann. Kanskje han kan hjelpe ho?

Forfattaren Fatima Sharafeddine er ein av dei mest anerkjente forfattarane av arabisk barne- og ungdomslitteratur. Boka Du, jente  om Faten er særleg aktuell i ljos av Nobelprisvinnnar Malala Yousafzai sin kamp for at jenter skal få ta utdanning.

Fakta 2:

Å vere 14 år og homofil i Russland

I boka Sjutovskoj kolpak møter vi 14 år gamle Grisja, som nærmast har vakse opp i dukketeateret i Moskva, der foreldra jobbar. Både bestefaren og klassekameratane mobbar Grisja, men i teatermiljøet er han trygg og fri.

Då vi møter Grisjas er fleire av hans næraste vener på veg bort, fordi dei ikkje lenger orkar å leve i eit Russland som ikkje aksepterer homofili. Det mystiske og forlokkande teateret verkar heller ikkje lenger så trygt som det var. Og Grisja, som innser han sjølv kanskje er homofil, må finne ut kven han er og korleis han vil leve sitt liv.

Boka nummer to i Nærvær-seiren har ikkje fått norsk tittel enno, men direkte omsett tyder tittelen Narrelue på norsk.