Magasinett

Utskrift

Nye forfattarar gjer heile jobben sjølv

Skrive av Synnøve Nyheim .

Lisa Myklebust og Halvard Husefest Lunde har gjeve ut sine eigne teikneseriebøker på ebok.no.

Lisa Myklebust (23) valte bevisst sjølvpublisering då ho skulle gi ut teikneserie. Er dette framtida til bokbransjen?

 

Då 23 år gamle Lisa Myklebust skulle gi ut teikneserien «Dei travle dagane» saman med Halvard Husefest Lunde, var det eit heilt bevisst val å sjølvpublisere bøkene som e-bøker på internett.

– Det er fordi vi vil ha fridomen til å gjere akkurat som vi vil utan at nokon blandar seg inn, i tillegg til at vi ville ha sjansen til å produsere og publisere ei bok i månaden, seier ho.

Teikneserien, som er laga for barn, skal til slutt bestå av tolv utgåver. Ein for kvar månad i 2015. Bøkene har blitt publisert både på ebok.no og amazon.com.

– Det var rett og slett dei einaste kanalane vi fann som var opne for sjølvpublisering, seier Myklebust.

Ein demokratisk trend

Elisabeth Sellevold i Ebok.no.– Sjølvpublisering er ikkje så stort i Noreg endå, men det vil berre bli større, seier administrerande direktør i ebok.no, Elizabeth Sellevold.

Ebok.no er i dag den einaste norske aktøren som driv med sjølvpublisering, sjølv om det også er mogleg å publisere bøkene sine gjennom utanlandske kanalar, som til dømes Amazon.com. Sellevold meiner det gjeld å vere tidleg ute, då ho trur det er ein marknad som kjem til å vekse, slik den har gjort i fleire andre land.

– Det er ein veldig demokratisk trend. Kven som helst som meiner dei har noko folk vil ha interesse av å lese, kan publisere bøkene sine, seier ho.

Ho fortel at det har vore ein jamn pågang med nye publisistar til sida. Då går det i alt frå skjønnlitteratur til historie. Enkelte bøker sel betre enn andre.

– Det er til dømes ei bok som heiter «Norsk på 30 dager» av Leif Harboe, som har selt svært godt, seier Sellevold, som tykkjer det er spennande å følgje med på utviklinga.

50 shades of grey

I mellom anna USA og Storbritannia og  har sjølvpublisering av e-bøker vore stort ganske lenge. Sellevold peikar på det mest kjente eksempelet, boka «50 shades of grey», som vart publisert av den britiske forfattaren E.L. James under pseudonymet «Snowqueen’s Icedragon» på fanfictionsider, før den seinare vart plukka opp av eit forlag.

– Det er eit godt døme på at sjølvpublisering kan vere ein rekrutteringskanal for forlag, seier Sellevold, som ikkje trur at sjølvpubliserte forfattarar kjem til å ta over for forlagsbransjen.

– Sjølvpublisering er eit eige kretsløp. Det er ein god moglegheit for bøker som har livets rett, sjølv om dei kanskje ikkje er lønsame for forlag å gi ut, forklarar ho.

Samtidig trur ho at det i dag er fleire næringsorienterte forfattarar enn tidlegare, og at det er mange som vil utnytte andre moglegheiter enn dei heilt tradisjonelle.

Sosiale medium

– Det dei sjølvpubliserande forfattarane må hugse på er at dei må finne ein måte å promotere sine eigne bøker, seier ho.

Det er ifølgje Sellevold noko ikkje alle er like flinke til. For å bli synleg i mengda anbefaler ho å bruke sosiale medium aktivt.

– Det gjeld å finne eit publikum til bøkene sine. Det å ha eit etablert forfattarnamn hjelp sjølvsagt veldig, og så ser vi jo at enkelte sjangrar, som krim, sel mykje meir enn til dømes populærvitskap.

– Blir alt som blir sendt inn publisert?

– Det er den som utgir boka som står som utgivar, ikkje ebok.no. Men vi har ei godkjenningsrutine, og enkelte vilkår for publisering. Det skal til dømes ikkje vere støytande innhald, og vi har eit visst kvalitetskrav, seier ho.

Få nordmenn les e-bøker

Sjølv om fenomenet sjølvpublisering har blitt stort i fleire andre land, er det ikkje alle som meiner at det nødvendigvis kjem til å bli det i Noreg. Avdelingsleiar i Cappelen Damm, Håkon Havik, meiner strukturen i bokmarknaden er annleis i Noreg enn i landa der sjølvpublisering har slått stort an.

– Noreg er i verdstoppen når det gjeld kor mange forlag vi har samanlikna med innbyggjartal. I tillegg har vi ein bokhandel og eit bibliotek på omtrent kvar einaste tettstad i landet. I større land der dei har få bokhandlar i forhold til innbyggjartal, og samtidig høg grad av internett og  bruk av lesebrett, vil det nok vere større sjanse for at sjølvpublisering blir stort, seier han.

Han tar det derfor ikkje for gitt at det kjem til å bli like stort i Noreg.

– Det er ein aukande, men framleis liten del nordmenn som les e-bøker. Samtidig trur eg det er lettare å få gitt ut bøker på forlag her, både fordi det er så mange, og fordi det er gode støtteordningar i Noreg. Forlaga kjem nærmast springande etter deg dersom du har eit spennande prosjekt på gong, og då blir det kanskje mindre grunn til å sjølvpublisere, seier han.

Men Havik ser absolutt ikkje på sjølvpublisering av bøker som noko negativt.

– For forlag er interessa for bøker eit gode som er viktigare enn noko anna. Vi ser ikkje på det som nokon trussel, og ser på det som ein veldig positiv ting at folk er interesserte i å skrive bøker, seier han.

Korrekturlese seg sjølv

Lisa Myklebust seier at ho og Halvard Husefest Lunde merka at marknaden for e-bøker for barn ikkje var så stort, og har derfor begynt å trykke opp papirhefter av teikneserien.

– Det gjer vi fordi vi har fått mange førespurnader om det. I tillegg har vi planar om å trykke alle tolv utgåvene i ei bok til slutt, seier ho, og reknar med at salet vil gå endå betre når dei har bøkene på papir.

Den største utfordringa har i følgje Myklebust vore korrekturlesinga, noko ein gjerne får hjelp til når ein gir ut bøker på forlag. 

– Det er utruleg vanskeleg å korrekturlese seg sjølv. Men det fine med e-bøker er at ein kan gå inn og korrigere dei, noko vi måtte gjere eit par gonger med dei første, seier ho.

Ho seier fridomen, og det at det har vore så lærerikt, har vore dei største fordelane med sjølvpublisering.

– Trur du sjølvpublisering er framtida til bokbransjen?

– Absolutt, dersom marknaden blir meir open for det, svarar Myklebust.