Magasinett

Utskrift

«Vi er så fordømt priviligerte. Det er vår plikt å hjelpe andre».

Skrive av Tora Hope .

Eirik Ingebrigtsen har skrive ei bok som handlar om omsorg og grusomheit. Foto: Tora Hope

Kvifor engasjerer vi oss for syriske flyktningar, men innfører tiggarforbod mot romfolk?

 

– Borna mine er med på Rusken-aksjonen i Oslo før 17. mai. Då plukkar dei søppel og gjer klart til feiringa. I 2012 fekk Rusken-organisasjonen i oppdrag å rydde vekk romfolk frå Sognsvann. Det var som om dei skulle rydde søppel.

Forfattaren Eirik Ingebrigtsen er opprørt.

Romfolket flytta frå Sognsvann i Oslo til eit steinbrot på Årvoll, der grunneigaren let dei slå seg ned. Men heller ikkje her fekk dei vere i fred, og då dei flytta frå steinbrotet, feira folk med fyrverkeri.

Hendingane opprørte forfattaren så mykje at han skreiv romanen Spikrar frå fallande plankar.

Omsorg og hjarteløyse
I romanen møter vi Sven, som bur i farfarens hus saman med søstra Bett. Ho er pleietrengjande, og Sven tek vare på henne. Ei natt vaknar han av at ein romfamilie har slått seg ned i hagen.

Sven får først sjokk, men vert fort kjent med gatemusikanten Ilie. Han er på veg til Ungarn for å gravleggje broren og niesa, som har blitt drepne av ein ungarsk mobb.

Sven set seg på bussen med Ilie nedover Europa. I det store huset sit Bett åleine att.

Romanen handlar om både omsorg og hjarteløyse.

Ser utover
I bokbutikken på Litteraturhuset i Oslo er hyllene fulle av sjølvbiografiske romanar. Å skrive samfunnsorientert skjønnlitteratur er ikkje på moten.

I kafeen sit Ingebrigtsen og samanliknar fyrverkeri på Årvoll med rovmord i Ungarn.

– Frykten og noko av språket er den same. I Noreg er den ei kald skulder på gata, medan i Ungarn er brutaliteten større. Boka er ein protest mot dei haldningane som ligg under, seier forfattaren frå Os.

Plikta til dei fordømt privilegerte
I boka forsøker Sven å handle riktig i møte med romfamilien. Likevel opplever han mykje usikkerheit og mange ubehagelege scener, der han ikkje veit om Ilie set pris på han eller ikkje.

Og kven har vel ikkje kjent på det ubehageleg skeive i møte med tiggarar i norske gater, anten ein gir eller går forbi?

– Det er vel ei kjensle av hykleri. Me gir lett først 500 kroner til ein organisasjon som reddar livet og går i ein demonstrasjon, før vi trekkjer oss tilbake og kosar oss framføre peisen. Vegen til kosen er veldig kort.

Sjølv har han dagar der han går forbi tiggarane på gata, dagar der han gir pengar, og dagar der han kjøper ein kaffikopp. Den korte vegen til kos til trass, grunntanken er klår:

– Vi er så fordømt privilegerte. Det er vår plikt å gjere det vi kan for andre.

Det beste og det verste
I løpet av dei siste månadane har romanen hans vorte endå meir aktuell. Ikkje på grunn av romfolk, men på grunn av auken i menneske som fluktar frå Syria, Afghanistan og andre krigs- og konfliktherja land.

Pågangen har trigga ei oppblomstring i engasjement blant nordmenn.

Hjelpeorganisasjonane melder om fleire frivillige enn vanleg. Facebookgruppa «Refugees – Welcome to Norway» har i skrivande stund over 85 000 medlemmar. Resturanteigarar, næringslivstoppar, studentar, kunstnarar og andre har samla inn klede, bygd senger, delt ut mat og følgt flyktningar til legevakta.

Fortener vi eit klapp på skuldra?

– Flyktningkrisa hentar fram det beste og det verste i oss.

Dugnadskrafta og godheita er stor. Og vi ser mykje fint, som menneske med språkkompetanse som tolkar frivillig. Så ser ein også dei som mistenkeleggjer næringslivsaktørane til dømes, og seier dei vil tene pengar på andres ulukke.

Forfattaren meiner dei fleste av oss er medlem i korttidsklubben.

– Vi ser eit valdsamt engasjement for syriske flyktningar no. Samstundes demonstrerer svært få utanfor den israelske ambassaden. Om tre månadar kan det ha snudd, dersom nyhendebiletet endrar seg. Det går i bølgjer.

Frå seig til proaktiv politikk
Ingebrigtsen meiner vi må verte meir proaktive i møte med flyktningane og jobbe for å integrere folk.

Det handlar om verdigheit.

– Ingen er tent med at vi snur ryggen til. Vi må heller bruke flyktningane smart. Det finst mange jobbar nordmenn ikkje ønskjer seg og det finst mykje kompetanse i menneska som kjem hit, seier Ingebrigtsen.

Arbeid med tariffløn er betre enn pengar i ein kopp, også for dei som ventar på å få handsama ein asylsøknad, meiner forfattaren.

Han kallar norsk politikk nummen.

– Debattar om flyktningar og romfolk vert ofte redusert til ein ideologisk dragkamp.

Den norske folkesjela og stigmatiserte grupper
Kanskje er vi fødd slik at vi helst fyre i peisen og ta vare på familien, spekulerer Ingebrigtsen. Ei norsk folkesjel som helst vil vere i fred.

Han meiner grupper fort får eit rykte og eit stempel – eit stigma.

– Eg ser mange positive nyhende om syrarar, at dei er middelklassefolk med utdanning. Somaliarar vert som regel framstilt som khattyggande konemishandlarar, og romfolket har alltid vorte mistenkeleggjort.

I boka til Ingebrigtsen er ikkje folk gruppa si. Derimot er det good guys og bad guys blant både nordmenn, innvandrarar og romfolk. Helten Sven, er også ein antihelt, som forlét si pleietrengjande søster.

– Vi må alle byrje med oss sjølv. Om du er ein av dei som sit på nett og spreier hat om andre, så må du logge av. Og når vi går på gata må vi øve oss på å tore å møte blikk, seie hei og spørje korleis det går.

Skiljet mellom omsorg og hjarteløyse
Boka opnar med eit sitat frå ein psykoanalytikar ved namn Ludvig Igra. Han hevdar at skiljet mellom omsorg og hjarteløyse er tynt.

– Er det?

– Ja, alltid.

Ingebrigsten utdjupar:

– Rasismen er større enn nokon gong, sjølv om det berre er fire år sidan Utøya. Vi har ikkje lært ein pøkk av våre eigne feil. Vi trur at vi alltid har rett, og lærer ikkje nok av historia.