Magasinett

Utskrift

Slik blir du ikkje perfekt

Skrive av Tora Hope .

Kristine Storli Henningsen vil hjelpe deg til å bli uperfekt. Foto: Marit Reiersgård.

Bloggar Kristine Storli Henningsen hjelper deg til å bli antisuper og uperfekt.

 

– Det er helsefarleg å vere lukkeleg heile tida.

Det skal ho ha oss til å tru, Kristine Storli Henningsen, aka Antisupermamma. Ho er bloggar, forfattar, journalist, radiostemme og gestaltterapeut. Tidlegare har ho vore vikar i eit begravelsesbyrå, og der lærte ho særleg ein ting:

– Ingen kjem til å hugse deg for dine nyvaska kjøkkenvindauge.

I boka Antisuper brukar ho eigne erfaringar til å syne at livet er for kort til å vere perfekt.

Å utlevere seg sjølv
Kristine gjorde seg først til talsperson for det uperfekte og antisupre då ho vart mamma. Då følte ho på eit veldig krav om følgje oppskrifta, oppdra superbarn og late som ho alltid hadde det bra.

I staden for å halde fasaden, byrja Kristine å blogge om medaljens bakside – om å vere mamma og føle at ho ikkje takla det.

Men Kristine forsikrar at ho var antisuper lenge før ho vart mor. I boka skriv om korleis ho har svikta andre og sjølv blitt svikta. Ho deler erfaringer frå det å leve med ein rusavhengig mann og oppleve sjølvmord på nært hald. Og altså, om at det er helsefarleg å vere lukkeleg heile tida.

Ut av firkanten
Bakteppet er mellom anna ein påstand om at Noreg er eit av dei mest konforme landa som finst. I ei undersøking av sosiale normer i 33 land publisert i tidsskriftet Science, hadde Noreg dei strengaste normene blant dei vestlege landa. Normene våre er på nivå med Pakistan og Malaysia, og vi er kjappe med å «straffe» dei som er annleis, meiner forfattaren.

– Eg føler sterkt at vi vert pressa inn i ein firkant. Eg trur noko av grunnen er den veldige tilgangen på informasjon, i kombinasjon med at vi har tid og økonomi til å strebe mot det perfekte. Forbrukarsamfunnet i Vesten spelar på vår draum om det perfekte, og det vert lite rom for det uperfekte og det å vere seg sjølv, seier ho på Skype frå Malaga.

Etter eitt år i søramerikanske Panama, bur ho no i Spania med familien.

Reisinga med mann og to born er eitt døme på bryte med norma. I alle fall om ein skal tru nokre av reaksjonane Kristine har fått.

Verst var det då ho gjekk ut av komfortsonen for første gong, og skreiv eit reisebrev for Dagbladet. Med ein baby på berre ein månad reise ho og mannen rundt i Asia for nokre år sidan. Dei ville ikkje leggje eigne liv på hylla berre fordi dei var blitt foreldre.

– Kommentarfeltet var grenselaust og heilt katastrofalt. Nokon meinte eg burde verte fråteke barnet. Øksa kom med ein gong eg gjekk ein grad utanfor det som var vanleg.

Etter det tok det tid før Kristine var offentleg att. Etter kvart vaks det fandenivoldske i henne.

Det måtte då også vere rom for foreldre som hadde hobbyar utanom barna?

– Det er greit at folk er usamde i kva eg gjer. Eg vil berre ha mangfaldet, seier ho.          

Bli sterkare som sårbar
Bak antisuperfilosofien ligg mellom anna denne leveregelen: «Du er ikkje perfekt, ein kjem aldri til å bli perfekt, perfekt finst ikkje, og ingen liker perfekte menneske uansett». Ein annan viktig bodskap i boka er at ein må lære seg å stå i ubehag for å utvikle seg.

– Gjennom å syne at ein er sårbar, vert ein sterkare. Sjølvsagt har det noko å seie kva setting ein er i, å syne sårbarheit og så bli avvist er frykteleg vondt. Likevel er det noko med det – når du deler noko ekte, så kan ingen ta deg.

Sjølv om ho har fått mange følgjarar nettopp ved å gjere seg sårbar og open på bloggen, er ho framleis engsteleg.

– No er eg 41 år og å vere sårbar har ikkje blitt mindre skummelt enn då eg var 14. Likevel opplever eg det nesten som ei naturlov at om ein er ekte, så skaper ein ei form for tryggleik. Å vise seg sårbar er noko av det beste ein kan gjere for å bli trygg på seg sjølv.

Akseptere for å skape endring
Kristine har ei veldig tru på å dukke ned i det ubehagelege, i staden for å rasjonalisere bort kjensler og angst. Det er eit ledd i det ho kallar «den paradoksale teorien» om endring.

– Mange kan kjenne seg att i kjenslene av å heile tida ville forbetre seg sjølv. Endeleg skal ein få langt hår, fjerne tannreguleringa, bli sjølvsikker og fantastisk. Resultatet er som regel mildt sagt varierande. Men det paradoksale er at endringane til det betre først kjem når vi aksepterer oss og situasjonen vår. Gir slepp, rett og slett, utdjupar ho.

Og legg til:

– Det latterlege er jo at eg ikkje får det til sjølv. Eg prøver endå, og klarar ikkje å godta kroppen min, sjølv om den har født to flotte barn. Det gjer meg forbanna, ler ho.

Sjølv om også Kristine vert påverka av kroppspress, strekker ho seg mot å akseptere og skape aksept.

– Det handlar om å ikkje tenkje negativt, men om å godta at det er som det er. Det er litt som når eg kranglar med mannen min og vi snakkar oss lenger og lenger ned i ein spiral. Til slutt kjenst alt som drit, og når vi godtek det, då står sola opp på ny!

Kristine blir provosert over sjølvhjelpsbøker og ekspertråd som skal gjere deg til den beste versjonen av deg sjølv.

– Eg har ikkje lyst til å vere den beste versjonen av meg sjølv. Nokre gongar har eg til dømes berre lyst å vere sur, utan å gidde å gjere noko med det.