Magasinett

Utskrift

– Du er ein kvardagshelt, og handlingane dine speler ei rolle

Skrive av Synnøve Nyheim .

 Hilde og Anita har fleire samarbeidspartnarar. F.V: Christine Tøgersen, Christian Westblikk, Anita Bui, Cecilia Marie. Framme: Hilde Øvreeide.

Anita Bui og Hilde Øvreeide vil heidre kvardagshelten med emballasjefri handel.

 

Anita Bui og Hilde Øvreeide opnar Bergens første Zero Waste-kolonial til våren. Der skal varene bli selt i lausvekt, og kundane må ta med sin eigen emballasje, som til dømes tomme syltetøyglas. Slik vil dei bidra til å redusere søppel, gjere det enklare for folk å handle bærekraftig, og vise at kvar og ein sine handlingar betyr noko for miljøet.

Idéen har bakgrunn i  Zero Wast»-rørsla, som er ein filosofi som oppmodar til gjenbruk, slik at ein unngår å produsere søppel. Bui og Øvreeide er ein del av Rå Lab, som er ei rekke eksperimentelle forretningsinitiativ som siktar på å redusere folks avfall. Zero Waste-kolonialen «Råvarene» opnar i Skostredet i mai. I Oslo er det allereie moglegheit for å handle emballasjefritt på butikkane Holisten og Mølleren Sylvia.

– Det er ein internasjonal trend på full fart inn i Noreg, seier Hilde Øvreeide.

Mange eldsjeler

Bui og Øvreeide er kjernen i prosjektet, men har ei rekke gode hjelparar og samarbeidspartnarar.

– Vi møter mange eldsjeler som vil vere med og bidra, seier Bui.

Fredag 27. november hadde dei «pop-up shop» på Impact Hub Bergen, der ein kunne få sjå litt av korleis butikken kjem til å vere. Då hadde dei lånt lausvektavdelinga til butikken Reindyrka, og selde også varer frå mellom anna nettbutikken Agent M, til dømes «Bee’s wrap», eit gjenbruksalternativ til innpakking av mast i plast.

– Er det eit miljø for Zero Waste i Bergen?

– Eg trur det er litt både og. Det er mange som er interesserte, men vi ser jo at dette framleis er noko nytt i Noreg, seier Bui.

Sjølv kjøper 23-åringen så mykje gjenbruk ho kan når det kjem til klede. Og det er sjeldan ho kjøper noko som er innpakka i plast frå butikken.

– Det er ein livsstil der ein vel sjølv kor langt ein vil gå, men det viktigaste er at ein er ein bevisst brukar,  seier ho.

Eit utval av salsvarene på Råvarene sin Pop-up shop. Dei vil tilby både tørrvarer, frukt og grønsaker i lausvekt.

For mykje blir kasta

Bui peiker på problematikken rundt det at mange nordmenn bur aleine, mens det ofte er billigast å kjøpe store familiepakningar med mat på butikken. Det fører til at altfor mykje mat blir kasta, meiner ho.

Ifølgje Naturvernforbundet kasta kvar nordmann i gjennomsnitt 437 kilo hushaldningsavfall i perioden 2011-2014. Samanlikna med perioden før har det vore ei auke på ti kilo per innbyggar.

Anita Bui sitt engasjement starta etter at ho var ferdig å studere på NHH, og fann ut at det var noko som mangla i livet hennar.

– Eg fann ut at eg skulle reise eit år. Då drog eg mellom anna til Thailand, og deltok på ein meditasjonsretrett. Der var det ti dagar der ein levde med berre dei nødvendige tinga i livet. Det førte til at eg begynte å sette meir pris på maten eg åt, til eksempel.

Ho skildrar at ho fekk ei slags openbaring då ho såg på naturen, og innsåg at alt kjem derifrå. Ho fann ut at ho ville gi noko tilbake.

– Då eg kom heim igjen, var det ein gong mamma bad meg ta ut søpla, og eg såg på ei tom ketchupflaske som låg der, og tenkte «kvifor kastar vi all denne emballasjen? Vi vil jo berre ha innhaldet», seier ho.

Stort i Australia

Anita Bui møtte Hilde Øvreeide på ein eplesidersmaking i Hardanger, og dei innsåg at dei delte ideen om å starte ein Zero Waste-butikk i Bergen.  Øvreeide hadde ei karriere i grafisk design bak seg, og hadde også reist rundt i verda eit år etter at ho slutta i jobben. På reisa kom ho i kontakt med fleire som var engasjerte i Zero Waste-filosofien, og det forsterka hennar miljøinteresse.

– Eg var mellom anna i Australia, der dei har mange slike lausvektbutikkar, seier Øvreeide.

Ho seier at ho håpar at det vil skje eit skifte i tankegangen til folk flest når det kjem til forbruk og emballasje.

– Eg håpar at folk vil få ein betre og meir berekraftig måte å handle på, seier ho.

Ho trur det er mange som veit kva som skal til, men at det er eit skilje mellom haldning og handling.

– Det er ikkje så mange plassar ein har moglegheit til å handle berekraftig, men vi vil gjere det enklare for folk, seier ho.

Hilde Øvreeide demonstrerer bruk av gjenbruksemballasjen Bee's Wrap.

Bambustannbørster

Butikken vil i tillegg til mat innehalde verktøy for ein nullavfallslivstil, slik som bomullsvesker og bambustannbørster. Vaskemiddel vil også vere tilgjengeleg i lausvekt, slik at ein kan ta med brukte glasflasker og fylle på. Dei vil satse på sesongbasert frukt og grønt, og tørrvarer i laus vekt, som ris, mjøl og quinoa, samt tørka frukt. Dei vil også legge til rette pakker med mat slik at folk kan handle akkurat nok ingrediensar til ein middag for to personar.

– Og så vil vi at folk skal lære noko nytt kvar gong dei kjem innom, vi vil dele av kunnskapen vår. Så når det kjem inn ein kunde kan vi til dømes seie: «Visste du at tomater eigentleg ikkje skal stå i kjøleskåpet?» smiler Anita Bui.

Eit utval av salsvarene på Råvarene sin Pop-up shop. Dei vil tilby både tørrvarer, frukt og grønsaker i lausvekt.