Magasinett

Utskrift

Meiner russebussar får eit ufortent dårleg rykte

Skrive av Synnøve Nyheim .

Sju av medlemmane til russebussen «Bad brains»: Ludvik Wolfgang Fiksdal, Trym Solberg, Torvald Hope Birkeland, Hogne Brekke, Gerhard Nærø, Erlend Handal Aase, Andreas Torgersen.

– Vi lærer minst like mykje av å ha russebuss som vi gjer på skulen, seier russegutane frå Fana.

 

Gjengen bak russebussen «Bad brains» ved Fana Gymnas i Bergen kjenner seg ikkje att i mykje av det dei les og høyrer om russ og russetida.

– Eg trur enkelte lærarar brukar russetida som ei unnskyldning for å klage på elevar som skulkar og oppfører seg dårleg uansett. Det har ikkje så mykje med russetida å gjere, meiner Torvald Hope Birkeland.

Elevinspektørane ved seks av dei vidaregåande skulane i Bergen, inkludert Fana Gymnas, skreiv i november eit lesarinnlegg i Bergens Tidende med tittelen «Russen fester seg til stryk». I dette innlegget trekk dei fram problematiske sider ved russetida, mellom anna det at trenden med russebussar inneber at dei som vil vere med på ein buss, må begynne planlegginga av russetida fleire år før den startar, noko dei meiner går ut over skulearbeidet, men også fører til utestenging av dei som ikkje er med på ein buss.

Ikkje sett på som tapar

– Du vel sjølv kor mykje tid du vil bruke, både på festing og på bussen. Vi har lagt til rette for at dugnadar og liknande ikkje skal gå ut over skulearbeidet, fortel Trym Solberg.

­– Du blir ikkje sett på som ein tapar om du er heime for å lese til ein prøve, legg Gerhard Nærø til.

Ingen av russegutane har kjent på eit press til å vere med på noko dei ikkje vil, og dei fortel at det er mange som er med på russebussen som ofte prioriterer skule over russerelaterte aktivitetar.

I innlegget til elevinspektørane peiker dei også på problematikken rundt fråvere frå skulen på grunn av «intens festing midt i skuleveka frå september til mai». På grunn av trenden med «dekknamn» på bussar, som blir lansert på hausten, før «konseptnamnet» som blir sleppt  på våren før russetida startar, har russetida blitt utvida til å gjelde meir enn dei vekene i mai den gjaldt tidlegare. Men Fanarussen meiner ikkje dette har ført til mykje fråvere i deira tilfelle.

– Ja, det er ein del sleppfestar på hausten, men det varer berre i ein månad, og så er det ferdig. Vi trur ikkje det er russetida som fører til mykje festing, det er noko resten av elevane på skulen også driv med, og studentar festar jo også like mykje som oss, seier dei.

Ein stad å vere

Trenden med russebussar har dei siste åra blitt stor i Bergen, og russegutane kan fortelje at det i år er rundt 18 bussar i byen.

– Kvifor er det så populært?

– Det har litt å gjere med at russen har blitt kasta vekk frå område der dei brukte å samlast. Dersom vi har buss, har vi ein stad der ein kan vere mange saman, seier Trym Solberg.

– Og så har vi jo sett på dei som er eldre enn oss, kor kjekt dei har hatt det i russetida, og vi vil oppleve det same, seier Torvald Hope Birkeland.

Ikkje sosial utestenging

Gjengen begynte med planlegginga av russetida i første klasse på vidaregåande, og då var dei allereie ein stor vennegjeng som bestemte seg for å ha russebuss saman.

– I lesarinnlegget står det at folk blir utstøytt, men i vårt tilfelle iallfall så var vi ein god gjeng frå før. Vi er kompisar som skal ha buss saman, og då gir det ikkje meining å ta med vilt framande på bussen, seier Trym Solberg.

Men dei meiner at det ikkje er noko problem for folk å finne ein buss å vere med på, dersom ein går inn for det.

– Så driv vi ikkje med noko sosial utestenging av folk som ikkje er med på bussen heller, forklarer dei.

Lærer om pengar

Russegjengen har hatt dugnadar i tre år, og jobba mykje sjølv for å få råd til bussen. Dei meiner det har vore ein god læringsprosess.

– Det er mykje vi har lært meir om i arbeidet med bussen enn det vi gjer på skulen, spesielt når det gjeld pengebruk, seier Solberg.

– Det er svært få som får pengar av foreldra sine til russetida, dei fleste av oss må arbeide sjølv for å få råd, legg Torvald Hope Birkeland til.

Dei meiner russebussen har bidrege til at dei har fått eit sunnare forhold til eigen økonomi.

– Russetida er ein lang tradisjon, og vi meiner det er feil at spesielt russebuss blir sett på som noko så negativt. Før var det vanlegare med «vans», men russebussar er eigentleg berre å slå to eller fleire «vans» saman, meiner dei.

Nulltoleranse for narkotika

«Det kanskje mest urovekkande ved russebuss-kulturen er det aukande fokuset på rus og dop som vi ser følgjer med», skriv elevinspektørane i BT-innlegget. Russegutane meiner det blir feil å knytte dop direkte opp mot bussane.

– Når enkeltpersonar blir tatt for narkotikabruk, kan det virke som om det gjeld heile bussen, når det eigentleg berre er snakk om ein person. Det vil alltid vere folk som driv med det, men det har ingenting med russebusskulturen å gjere, seier Trym Solberg.

«Bad brains» har ein kontrakt som alle medlemmane har skrive under på, der det står at dei tar fullstendig avstand frå narkotika.

– Det har vi nulltoleranse for, slår dei fast.