Magasinett

Utskrift

– Unge veit for lite om valdtekt

Skrive av Kristine Askvik .

Agathe Waage (17) ynskjer at ungdom får lære meir om mellom anna grensesetting og relasjonar på skulen.

– Det er nedslåande å sjå at både gutar og jenter legg ansvaret på jenta når det skjer ein valdtekt, seier Silje Berggrav i Redd Barna.

 

Rapporten «Den som er med på leken…» er nyleg publisert av Redd Barna. Berggrav intervjua 35 ungdommar i alderen 14 til 19 år om deira syn på valdtekt. 

Deltakarane fekk både høyre om opplevingar andre hadde hatt og skulle fortelje kva dei synast om desse, og dei delte òg uoppfordra sine eigne opplevingar.

– Sjølv om utvalet var avgrensa, kom det fram historier om overgrep og krenkingar. Jentene ga i stor grad seg sjølve skulda for det som hadde skjedd, sjølv om det var heilt klart at dei ikkje hadde noko skuld, seier Berggrav.

Halvparten skjer på fest

Ein stor del av valdtektene som skjer i Noreg, skjer mellom ungdom. Nær femti prosent av alle valdtekter i Noreg skjer relatert til ein fest.

– Sidan ein så stor del av valdtektene skjer mellom ungdom, er det viktig å kartlegge ungdomane sine haldningar til valdtekt, seier Berggrav.

I rapporten kjem det klart fram at det er eit skilje mellom teori og praksis. I teorien meiner ungdom at eit nei skal respekterast, men når dei vert stilt overfor konkrete eksemplar meiner både guter og jenter at jenter sjølv har lagt opp til overgrepet.

Redd og urørleg

– Til dømes viss ei jente sa nei fleire gonger og så spelte med fordi ho gav opp, meinte ungdom at jenta hadde eit ansvar fordi ho ikkje var tydeleg nok. Eit anna døme var viss ei jente var veldig redd og låg urørleg fordi ho ikkje klarte å vise motstand. Då meinte òg både jentene og gutane at det var jenta hadde noko av ansvaret for at overgrepet skjedde.

Berggrav meiner det er viktig at skulen tek ansvar og lærar elevane om grensesetting, haldningar og relasjonar.

– I dag tek seksualundervisninga berre for seg det fysiologiske. Ungdom må lære meir om relasjonar og grensesetting, seier Berggrav.

– Det er ikkje ei stor overrasking å lese om funna i denne rapporten, men det er veldig trist, seier Agathe Waage, fylkesleier for Elevorganisasjonen i Hordaland og elev ved Olsvikåsen vidaregåande skule.

Ho trur det handlar om generelle haldningar i samfunnet, som til dømes at viss ein kler seg i korte miniskjørt aukar ein risikoen for å verte valdteken.

– Treng å lære meir

– Det er heilt tydeleg at ungdom treng å lære seg meir om dette. Vi må lære meir om grensesetting, om å respektere kvarandre, om seksualitet og om førebygging, seier Waage.

Å utbetre seksualundervisninga i skulen, har vore eit gjentakande tema hjå Elevorganisasjonen.

– Vi elevane etterlyser det. No lærer vi berre om det fysiske kring sex. Vi må lære meir om det psykiske òg, seier Waage.

Ho meiner meir kunnskap vil vere viktig og naudsynt.

– Den einaste måten vi kan endre desse haldningane på, er å gi ungdom meir kunnskap. Der bør skulen og helsevesenet ta ansvar, seier Waage.