Magasinett

Utskrift

Ope hus og opne hjarte i jula

Skrive av Synnøve Nyheim .

Rumenske Horia Barbulescu (31) har mykje fritid og vil bruka litt av ho på å gjere jula triveleg for andre, samstundes som han får øva seg på norsk.

Både Røde Kors og Kirkens Bymisjon opplever at mange vil jobbe frivillig i jula. 

 

– Det hadde blitt veldig rart å gå tilbake til ikkje å jobbe frivillig i jula, seier Kristin Lygre. Det er sjuande jula 33-åringen jobbar frivillig for Røde Kors i Bergen, og i år har ho fått hovudansvaret for ope hus hjå Bergen Røde Kors i jula.

Lygre understreker at absolutt alle er velkomne til å komme innom. Sjølv begynte ho som frivillig i Røde Kors i 2005, fordi ho sjølv følte seg einsam. Den første jula vart ho spurt om å underhalde i besøkstenesta si julefeiring, som er ei julefeiring Bergen Røde Kors held kvart år for einsame eldre.

Er du lei av julegåvemaset? Få tips til alternative julegåver her! 

Forventar mange gjestar
Bergen Røde Kors held ope mellom klokka 11 og 16 på julaftan, samt første og andre juledag. Her vert alle invitert inn, både tiggarar, huslause og einsame. Det er andre året Røde Kors held ope hus i jula. I fjor kom det innom totalt 250 menneske for litt julemat, ein kopp kaffi eller ein god prat, medan i år forventar dei mange fleire, då dei i mykje større grad enn i fjor har reklamert for tilbodet.

– I fjor visste vi ikkje heilt korleis det kom til å bli, så då ville vi ikkje gå så sterkt ut med det. Men det gikk kjempefint, og vi er veldig optimistiske for i år, seier Lygre.

Treng folk heile året
Med så mange gjestar, trengs det ein del frivillige. Men det er det ikkje mangel på, i alle fall ikkje i jula. Lygre jobbar frivillig hjå Røde Kors heile året, og seier at det vanlegvis tar seg opp rundt juletider.

– I år merkar vi det ikkje like godt, fordi det har vore så stor pågang heile hausten på grunn av flyktningkrisa. Det er både positivt og negativt at det kjem fleire frivillige i jula. Vi treng alle som vil hjelpe, men det hadde jo vore fint om det var like mange året rundt. Det er alltid folk som treng oss, sjølv når det ikkje er jul eller ei eller anna form for krise, forklarer ho.

– Kvifor trur du at det er fleire som vil jobbe frivillig i jula enn elles?

– Det er nok fordi folk tenker meir over det, mellom anna har jula blitt ei tid då media har mange saker om folk som er einsame, svarer Lygre.

LES OGSÅ: O, jul med di glede? 

Lærar seg norsk
Ein av dei som er frivillig for første gong i år, er Horia Barbulescu (31). Han ønskjer å fortsette med frivillig arbeid også etter jul, men meiner jula er eit godt tidspunkt å starte på.

– Eg har mykje fritid, og har lyst til å gjere noko nyttig for samfunnet, seier han.

Barbulescu flytta til Noreg frå Romania for eit år sidan, og forventar å kombinere det å hjelpe andre med å få ein sjanse til å øve seg på å snakke norsk.

– Eg trur det blir hyggeleg, og eg håpar på å bidra til at andre også får ei fin jul, seier han.

Veit ikkje at alt er stengt
Ifølgje Kristin Lygre var det i fjor ein del muslimske familiar som kom innom Røde Kors-huset, i tillegg til tiggarar, eldre, einsame, og «byens lause fuglar».

– Dei som nyleg til landet veit ikkje nødvendigvis at alt er stengt i jula, så det kjem som ei overrasking. I tillegg har dei kanskje ikkje andre i livet sitt som er her i Noreg, seier ho.

Julefeiring med bymisjonen
I tillegg til Røde Kors-huset, held Kirkens Bymisjon i Bergen også dørene opne i jula. I Korskirken er det julefeiring frå klokka 17 til 22. Dei manglar heller ikkje frivillige som vil jobbe i jula, og frivilligkoordinator Celine Winter seier at det er rundt hundre frivillige som er i sving i høgtida.

– Vi manglar ikkje frivillige resten av året heller. Eg har inntrykk av at ønsket om å jobbe frivillig er svært stort, og at det er mykje engasjement der ute, fortel Winter.

Ifølgje Winter kan det aldri bli for mange frivillige, og ho seier den viktigaste oppgåvene ikkje nødvendigvis handlar om dei praktiske oppgåvene, som matlaging og oppvask.

– Det handlar om å vere der, og prate med dei som kanskje ikkje har ei så hyggeleg jul, og feire med dei som har det, forklarer ho.

Gruppelaus aften
Ho fortel at det er mange ulike grupper med folk som kjem innom til jul, både folk som er med på arrangement dei har elles i året, og folk som av ulike grunnar er einsame i jula.

– Det kan vere eldre, studentar, familiar og einslege. Det er også folk som jobbar turnus, vi har til dømes hatt besøk av flytilsette som har vore fast på Flesland i jula, seier Winter.

– Vi ønskjer ei gruppelaus aften der alle er velkomne, seier ho.