Magasinett

Utskrift

Kristine og Vemund bryr seg ikkje lenger om bygdedyret

Skrive av Emte Tafjord Ringstad .

Kristine Ullebø og Vemund Eldegard er begge kreative sjeler frå Førde, som drøymer om storbyen.

Bloggar Kristine Ullebø og gründer Vemund Eldegard er godt synlege i heimbyen Førde. Det har sine fordelar og ulemper.

 

 

– Eg såg faktisk på Facebook i dag, at vi har vore vener i seks år, bryt Kristine ut. 

Vemund tek opp telefonen og scrollar nedover feeden. 

– Seriøst, det må vi dele, seier han.

Bloggar Kristine Ullebø og gründer Vemund Eldegard sit på Sobra, kafeen på Kunstmuseet i Sogn og Fjordane. Dei har begge vokse opp i Førde - det var her dei begge starta opp. Vemund laga sitt eige kosmetikkmerke på kjøkkenbenken heime som fjortenåring, samstundes var Kristine i startfasen av det som i dag er ein av dei mest leste bloggane i landet. 

– Eg hugsa vi møttest på ein fest for to år sida, då trudde eg du hata meg. Etter det skjedde det vel automatisk – vi har vore vener sidan, seier Kristine og ler. 

– Vi er på lik bølgjelengd. Det er ikkje berre det at vi har dei same interessene, men vi har lik tankegang også, legg Vemund til. 

Dei seier sjølv at det ikkje er bloggen, eller gründerbedrifta som har ført dei saman, det er heller pågangsmotet dei begge har for å lukkast.

– Vi er begge kreative personar, som gjer noko litt utanom det vanlege. Det er kvalitetar som gjer at vi passar godt som vener, seier Vemund. 

Kosmetikk frå kjøkkenbenken
19 år gamle Vemund Eldegard er mannen bak kosmetikkmerket Elde. Det starta han då han var 14 år gammal. 

– Eg hadde problem med huda mi, og var på leiting etter eit heilt naturleg produkt. Den kosmetiske marknaden er ein av dei største marknadane der ute, og dessverre ein av dei mest overflatiske. Det irriterte meg, derfor begynte eg å eksperimentere med naturlege produkt på eiga hand, for å finne noko som passa meg. Slik fann eg ut at eg også kan hjelpe andre, seier han. 

Her i Førde er det to salongar som sel Elde sine produkt – i Noreg er det totalt 25. Fire nettbutikkar sel produkta til Vemund, mellom anna Coverbrands, den største nettbutikken for kosmetikk i Skandinavia. 

– Eg starta å selje produkta mine i mai 2014, då kom også den første avisartikkelen om meg i lokalavisa. Det er berre eit år sidan, men når eg ser tilbake på det no tenkjer eg på kor uprofesjonelt det såg ut. Eg har kome langt. Det kan eg takke mange av bedriftene i fylket for. Sogn og Fjordane er flinke til å støtte unge som vil opp og fram. 

Med halve livet på nett
Kristine starta å blogge i 2009, då ho gjekk i 6.klasse. Då brukte ho ein stor, stasjonær pc, web-kamera og ein Sony Ericsson-telefon til å fortelje sine 100 følgjarar om kvardagen i Førde.

– Det var så amatørmessig! Det var på den tida det plutseleg vart stort å blogge – eg måtte prøve det eg òg, seier Kristine og raudmar. 

– Eg hadde ein sjølv også. Den var heilt krise, seier Vemund. 

I dag driv ho bloggen Krisssy.blogg.no – ein blogg med langt meir enn 100 lesarar. På Instagram har Kristine over 700.000 følgjarar spreidd over heile verda. Ho er den som har fått mest likes på Instagram frå Noreg, med over 9 millionar likes i 2015.

– Eg har heile ungdomstida mi liggande på nett. Det har både sine fordelar og ulemper, seier snart 19 år gamle Kristine. 

Set pris på Førde
I byen Førde er det 12. 000 innbyggjarar. Det er ikkje det største publikummet – men ein forsvinn heller ikkje i mylderet. 

– Bygdedyret er her, eller bydyret som ein kanskje må kalle det her. Men det er ikkje noko vi bryr oss om lenger. Det var verre før, seier Kristine. 

– Eg trur ein lærer mykje av å møte på det – ein bygg seg sjølv opp, og blir sterkare, legg Vemund til. 

Kristine nikkar. 

Det var i sommar, då Vemund budde i Oslo og arbeidde med Elde, han verkeleg kjente på lengselen etter noko større. 

– Då eg reiste frå Førde til Oslo, fekk eg eit heilt anna syn på ting. Eg fekk sjå kva moglegheiter eg faktisk har, og møte menneske med same interesser og verdiar som meg sjølv. Det fins noko større der ute – som eg ikkje visste eg lengta etter, seier Vemund. 

Mellom høge fjell, under regntunge skyer, sit dei og tenkjer på kva som kunne vore, og kva som vil bli. Av og til føler dei at tida spring frå dei, at dei kastar vekk tid og moglegheiter på å vere her. Men det gjer dei ikkje, dei har god tid.

– Eg set pris på Førde for det det er verdt. Vi har mykje fint å sjå fram til der ute, men no er vi her. Og det er fint, seier Vemund og smiler.

– Om ein har ein draum, eller ein god idé, burde ikkje noko stanse deg, i alle fall ikkje kvar du bur. Vi har greidd oss heilt fint. Kanskje er Førde litt av grunnen til at det har gått så bra, avsluttar Kristine.