Magasinett

Utskrift

Blindpassasjerane

Skrive av Solveig-Marie Oma .

 På stasjonen i Krasnoyarsk medan toget stoppa i 18 minuttar. Bildet viser Ida, Tor Olav og Lena som står på perrongen ved sida av fronten på det store raude lokomotivet vårt. Lena held den kvite stokken sin i full lengde i den venstre handa si. Det er overskya.

– Eg nekta nesten å gå ut av toget. Hadde lyst til å reise same vegen tilbake.

 

Mange bruker dei mørke kveldane no til å planleggje sommaren. Ingenting er som å drøyme seg til spennande stader langt borte når vinden, regnet og snøen fyk ute. Nokre reisedraumar er større enn andre. Her kjem litt inspirasjon til deg som lurer på om  draumen din er for stor til å bli verkeleg. Denne historia handlar om å gjere noko ein del ville sagt ikkje går an.

 

Lena Gimse er 25, utdanna massasjeterapeut og leiar for Noregs Blindeforbunds Ungdom (NBfU). Arild Røland er 47, gardbrukar og er engasjert i både kommunepolitikk og Blindeforbundet. Arild ser litt, Lena ser ikkje noko i det heile. Saman med 16 andre med mykje eller lite syn, la dei ut på eit skikkeleg eventyr i fjor sommar. Dei ville til Kina, men ikkje på den vanlegaste måten. Dei ville oppleve kor langt det faktisk er dit, og dei ville få med seg landskapa og menneska på vegen:

– Når ein reiser med toget, går det akkurat så sakte at sjela heng med. Vi var tre blinde, ni svaksynte og seks fullt sjåande, 18 normale i følgje oss.

Eit godt planlagt eventyr

Arild Røland har lang erfaring med å arrangere reiser der mange av deltakarane er synshemma. I ti år har han laga sydenturar for venner og kjente saman med reisebyrået Solia. Som med desse turane måtte draumen om å reise med den Transsibirske jernbanen førebuast godt.

– Tanken og draumen var der allereie i 2009. Eg visste at det måtte vere positive og ressurssterke folk som skulle utgjere turgjengen. Vi ville jo reise med det toget som vanlege folk bruker, og standaren er ikkje akkurat som vi er van med. I september 2014 fekk eg kontakt med Kinareiser som var veldig positive, sendte ut invitasjon i november, og frå mars til august var det førebuingar. Vi var jo litt spente sidan Russland gjerne gøymer vekk dei funksjonshemma.

Førebuingane handla både om det praktiske og det sosiale. Det var fint for folk å vite at dei måtte ha med såpe og serviettar sjølv, men endå viktigare å vere forberedt på å bu oppå kvarandre så lenge. Folk måtte vere klar over at det ikkje var mykje rom for å vere åleine, og at ein sannsynlegvis ville bli litt irritert på kvarandre før eller seinare.

– Ein blir veldig godt kjend på ein slik tur, men sidan vi var så mange vart vi faktisk ikkje lei av kvarandre. Dei fullt sjåande som ikkje hadde så mykje erfaring med synshemma sa dei vart imponert og lærte mykje. Etterkvart vart det heilt naturleg at ein person "hang på" når vi skulle ein stad.

Bildet viser eit haustfargerikt russisk høgslettelandskap nær grensa til Mongolia idet toget kjører over ei bru. Bildet er tatt med sola i ryggen slik at brua, og toget som passerer over den, kastar skuggar utover det fargerike landskapet. Skuggane viser konturane til brua og toget. Heilt til venstre i bildet er det ei elv som toget nettopp har køyrt over. Det er variert
skydekke på himmelen.

10.000 km med tog

Den 28. august la dei av stad. Dei største togentusiastane fór heilt frå Trondheim der dei bur. Gjennom Sverige med førsteklasse på snabbtoget, berre for å kjenne på kontrastane, og båt over til Finnland.

– Vi måtte jo så klart innom mummibutikken. Nokon gjekk heilt amok og var plutseleg fire år. Frå Helsinki tok vi nattoget vidare til Moskva. Det var eit moderne tog, og vi fikk assosiasjonar til orientekspressen i restauranten. Kvite dukar og det heile. Var ikkje mykje vits i å leggje seg tidleg, for det var grensekontroll klokka elleve.

Den 1. september brukte dei dagen i Moskva. Hovudstaden i Russland er kjend som ein vakker by med mykje flott arkitektur. Sjølv T-banen i denne byen ser bra ut, med lysekroner i taket på stasjonane og ingen reklame.

– Vi var på elvekrus, og vi drog til Den Røde Plass og til Kreml, Putin var visst ikkje heime. Vi hadde eit fyrverkeri av ein guide. Ho sa dei retta tinga ute. Då vi kom inn sa ho sanninga, og fortalde om all korrupsjonen.

Transsibirske blindpassasjerar

Så, endeleg skulle eventyret verkeleg kome i gang. Der sto toget. Fire i kvar kupé med køyer og eit lite bord. Fire på fire kvadrat i seks døgn. Kolfyrt varmesystem og samovar med kokande vatn. Med varmvatn får ein fiksa det meste, enten det er å lage te og kaffi eller om noko eller nokon skal vaskast.

– Pang, tilbake til 60-tallet. Vi var lukkelege! Vi hadde ordna så vi budde i same vogna, og med ein så positiv gjeng og så mange å spele på gjekk det bra. Vi satt i underkøyene om dagane og hang utav togvindauga for å sjå. Dei var så møkkete at dei måtte opnast.

Dei som såg kunne nok bli skulda for å vere asosiale innimellom:

– Kva ser det no?

– Ikkje noko.

– Særleg!

Men folk var gode til å fortelje og forklare. Lena seier ho fekk mykje ut av turen sjølv om ho ikkje ser i det heile.

– Vi hadde om Transsibirske Jernbanen på ungdomsskulen. Det er noko heilt anna å oppleve det, ikkje berre lese og høyre om det. Og det er bra å få forklaringa av nokon som kjenner deg og veit kva du vil høyre om.

Arild fortel at han nesten ikkje rakk å lese noko på turen fordi det alltid var noko å sjå og noko som skjedde. På stasjonane lagde folk marknad som var fin variasjon frå spisevogna på toget. Ikkje at spisevogna ikkje var bra. Dei hadde heilt fin mat, og sidan det tilfeldigvis vart gjengen frå Noreg som gav mest tips, fekk dei veldig god service. I Russland er dette heilt vanleg. Servicen var bra elles også. Med fire konduktørar i kvar vogn som tydelegvis takla fint at folk ikkje såg så mykje, gjekk det bra. Dei var nok litt uvand med det, men folk vart bra behandla.

Utsnitt av gèrleiren der vi budde under mesteparten av opphaldet i Mongolia. På bildet er det sju bu-telt for 2–4 personar per telt. Telta, som i denne leiren ligg på ei lang rekke etter kvarandre, ser ut som små sirkustelt. Dei er kvite og har skarp oransje tredører med «rosemaling». Det er full stå-høgde inne i telta. Framfor rekka med bu-telt står det eit gult partytelt med bord og benker inni. Det er berre tak og ingen vegger på partyteltet, og tanken er at me skal kunne sitje utandørs med skugge for sola viss vi ønskjer det. Bildet viser også at landskapet rundt gèrleiren har endelause grassletter med nokre fjelltopper i det fjerne. Leiren ligg 1350 meter over havet, og det finst ikkje eit einaste tre i mils omkrins. Det er eit variert skydekke på himmelen. Til venstre i bildet ser ein ryggen til ein person som er på veg bort frå fotografen.

Å vere «blindpassasjer»

Lena Gimse er van med å reise mykje. Sidan ho har ein viktig rolle i NBfU og også har fleire andre verv, er det ikkje sjeldan ho tar toget til Oslo. Å reise åleine går fint an utan å sjå, men det må planleggjast. Både på flyplassane og ein del av dei største togstasjonane kan ein bestille ledsaging.

– Ein er litt meir prisgitt andre menneske. Om du ser kan du jo berre følgje straumen og sjekke tavla og finne vegen til rett spor. Med mindre eg er veldig godt kjent, må eg bestille ledsagar. Det går an å huke tak i folk å be om hjelp, men det er helst ei kriseløysing. Folk har det ofte travelt og må springe til toget sjølv. Har eg bestilt ledsagar veit eg at dei kjem.

Ho fortel at i Noreg har vi tilbod om assistanse på fem av jernbanestasjonane, medan Sverige tilbyr på 200. Ikkje ein gong på Hamar, der det ofte er aktuelt å bytte tog, finst det nokon avtale om assistanse.

Lena seier ho gjerne unngår å reise til Oslo med Røros-bana åleine, for då må ho bytte på Hamar. På flyplassane er tilbodet veldig bra, men det hjelper ikkje for dei som likar toget best.

– Eg likar ikkje å fly. På toget får ein så god tid. Til å vere sosial eller bruke tida på seg sjølv. Slappe av eller gjere noko nyttig. Fly er så mykje styr, flybuss og innsjekking og alt, ein får ikkje gjort mykje kontorarbeid på ein flytur.

Toget gjer ein stor halvsirkel i det det køyrer gjennom ein stor sving på dei mongolske grasslettene med nokre åskammar i bakgrunnen. På åskammen i midten er det faktisk ein del tre. Bildet er tatt idet fotografen lener seg ut av vindauga i vogna vår, som er nr. 12 frå lokomotivet. På bildet ser ein det blå dobbelt-lokomotivet og dei elleve grøne vognene med gule striper fram til vogna vår. Stort sett blå himmel.

Stilla i Mongolia

Ruta dei hadde valt til Beijing førte dei frå den Transsibirske til den Transmongolske bana. Turgjengen frå Noreg tok ein pause frå vogna og budde fem dagar i ein nomadeleir. Mongolia er ein annleis og veldig interessant stad som gjorde sterkt inntrykk. Her er det demokrati, og internett er heilt ope i motsetning til nabolandet Kina der for eksempel Facebook er sperra. Halve befolkninga er nomadar, bur i telt og flyttar etter flokkane med kamelar og sauer.

– Teltet vi budde i var som eit sirkustelt i miniatyr. Det er kaldt om natta, så teltet var isolert og hadde golv, og vi sov i skikkelege senger. Det er slik dei bur. Dei bruker alt på dyret og kastar ingenting, og dei har stor respekt for dyra. Dei er eit stolt folkeferd, behagelege, gjestfrie menneske. Eg trur vi har mista noko i den travle materialismen vår. Stilla var absolutt, og det var både ei lette og merkeleg etter at vi hadde vant oss til å sove i togstøyen. Kanskje det er difor dei ikkje stressar.

Før dei gjekk om bord at for dei siste 28 timane med tog, fekk dei også med seg den berømte, mongolske strupesongen som var ei fascinerande oppleving. Då dei var på toget att kjendest det nesten som heime, og jammen var det ikkje fint med bråket og ristinga òg.

Beijing

– Beijing var bare ei mjuk landing i seks dagar. For nokon var det målet, men for oss var det sjølve turen. Vi filma dei siste 200 metrane og kjende sorg då med gjekk av toget. Eventyret var slutt.

I Kinas tettpakka hovudstad hadde dei plutseleg veldig, veldig mange rundt seg. Den mest kresne i gruppa leidde an rett til McDonalds, men det var bare å lære seg å ete med pinnar så fort som råd, for dei åt stort sett lokal mat, og gjorde alle dei typiske tinga.

Så ikkje tenk at den store, glitrande reisedraumen din er for stor. Med god planlegging og ei positiv innstilling kan du gjere det! Og vil du lese meir og sjå mange fleire bilde kan du ta ein kikk på bloggen dei lagde:

http://transsibirskeblindpassasjerer.blogg.no/