Magasinett

Utskrift

– Ikkje ver sint på oss!

Skrive av Kristine Askvik .

Syriaflyktning Muhaimen Alhussein (22) sendte nyttårsbrev til 200 naboar i Bergen. Han ynskjer å ha meir kontakt med nordmenn.

 

 

– Eg har så lyst til å verte kjent med nordmenn. Difor bestemte vi oss for å skrive nyttårsbrev og levere til naboar her i Arna. No skal vi snart arrangere ein kulturdag på Kulturhuset kor vi skal servere mellom anna syrisk mat. Då håpar eg at det kjem mange, seier Alhussein.

I brevet skreiv Alhussein og venene:

«As we enter the new year together we wish to you a happy new year, blessing, luck and peace with all respect and love from Syrian people in Arna mottakssenter. Note: I will write it in Norwegian when I learn and I hope it will be soon.»

Journalist og butikkeigar

I Syria arbeidde Alhussein som frilansjournalist, ved sida av å drive tre butikkar. I tillegg studerte han for å verte ingeniør. Han eigde òg sin eigen bustad.

– Eg hadde eit veldig fint liv i Syria. Før krigen kom hadde eg aldri tenkt tanken om å forlate landet mitt. Eg vil at nordmenn skal forstå at eg har flykta grunna krigen og ikkje kjem her for å vere ein lukkejeger. Eg hadde ikkje noko val. Eg måtte dra. Som journalist frykta eg for mitt eige liv i Syria, seier Alhussein.

Han understrekar at mange nordmenn har forståing for situasjonen til flyktningar frå Syria. Han ynskjer at alle skal forstå.

– Ikkje ver sinte på oss, ber han.

På flukt i 44 dagar

Alhussein kom til Noreg, og for tre månader sidan kom han til asylmottaket i Arna. Då hadde han brukt 44 dagar på å flykte frå krigen i byen Raqqa i Syria, via Tyrkia og Helles og nordover til Noreg. Han syner fram bilete der han smiler breitt etter å endeleg ha kome fram til Hellas.

– Eg klarte det på femte forsøk med båt. Dei fyrste fire gongane vart båten øydelagt og eg fall i vatnet. Ein gong det det skjedde ringte eg broren min i Bergen og fortalte han at eg trudde det var slutten. Eg trudde eg skulle døy, seier Alhussein.

No ynskjer han ikkje å ha fokus på kva som skjedde i Syria. Han vil byrje på nytt. I januar byrja han på norskkurs, han har fått nokre norske vener og prøver å lære seg norsk raskt. Han ynskjer å verte kjent med endå fleire og verte ein del av lokalmiljøet.

Råd til asylsøkarar

For å få til god integrering, meiner Alhussein at det er viktig at han og andre asylsøkarar gjer og tenker på følgjande:

– Vi må respektere loven og lære om den nye kulturen.

– Vi må vise at vi er intelligente og har ein god bakgrunn frå heimlandet.

– Vi kjem frå eit område med krig, men det betyr ikkje at vi vil skape krig der vi kjem. Vi har flukta frå krig og ynskjer fred.

– Vi har sett og opplevd mykje vanskeleg i krigen i Syria. Det er viktig å vere klar over, samstundes som vi byrjar våre nye liv her.

Vil realisere draumane

Då han og venene vaks opp i Syria hadde dei mange draumar.

– Sjølv om vi har mista landet vårt, jobbane våre, vener og familie, behaldar vi draumane våre. No har eg lyst til å oppnå draumane mine her i Noreg, seier Alhussein.

Han har ei oppmoding til nordmenn, og då særleg til ungdom og unge vaksne på hans eigen alder:

– Eg håper eg kan møte fleire nordmenn og verte kjent med fleire som snakkar norsk, slik kan eg lære meg språket raskare. Eg ynskjer at vi kan leve saman i fred og forstå kvarandre, seier Alhussein.