Magasinett

Utskrift

Historisk dom om sexslaveri kan gi globale ringverknadar

Skrive av Camilla Brugrand .

Foto: Ingrid Fadnes/LAG

Ei historisk rettssak i Guatemala dømte seksuelt slaveri, drap og overgrep mot urfolkkvinner, som krigsbrotlovbrot.

 

I 2011 melde 15 maya-kvinner to tidlegare militærmenn for overgrep i militærleiren Sepur Zarco under borgarkrigen frå 1982 til 1988. 

20 år etter fredsforhandlingane, fekk kvinnene endeleg rettferd. Dei to mennene vart dømd til 30 år kvar for brot mot menneskeheita. Reyes Girón fekk i tillegg ein dom på 90 år for drap, totalt 120 år. Valdéz Asij fekk også 210 år for tvungen forsvinning, totalt 240 år.

«Vi har komme hit for å fortelje sanninga. Eg kan ikkje skrive, men eg er ikkje redd for å bruke orda mine. Smerta av overgrepa sit framleis i kroppane våre. Augo våre ser framleis mennene våre, som vart teken frå oss», sa Demecia Yac (70), representant for dei 15 kvinnene frå Sepur Zarco i sin avslutningstale fredag 26.februar.

LES OGSÅ: 1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Får ta del i historia om landet
Det som gjer denne rettssaka så spesiell, er at den har gitt kvinner moglegheita til å vera med i forteljinga om borgarkrigen i landet, ifølge Mariel Christina Aguilar Støen, fyrsteamanuensis ved Senter for utvikling og miljø. 

– Dette har vore ein spesielt viktig kamp. Når ein får lov til å ta del i si eiga landshistorie, vert historia med eitt litt annleis. Det har stor betyding for korleis ein ser på ansvaret til staten Guatemala, rolla til dei paramilitære grupperingane og kor rasistisk organiseringa i samfunnet er, seier Støen.

Etter borgarkrigen vart det utnemnd ein sanningskommisjon av FN, som skulle registrera dei grusame hendingane under krigen. Dei jobba målretta og fekk fram mykje god informasjon, men dei hadde ikkje noko kjønnsperspektiv og overgrepa mot kvinnene vart ikkje tekne med. 

Derfor starta ei gruppe med kvinner arbeidet med å få fram ein sanningsrapport med kjønnsperspektiv. Slik kom historia til kvinnene frå Sepur Zarco kom fram i lyset. 

– Denne gruppa har gjort det mogleg for kvinnene å søkje til rettssystemet. Måten kvinnene har handtert denne rettssaka på, kan dei ta lærdom av i andre fredsprosessar i verda, til dømes i Colombia. Kvinnene i Guatemala er utruleg sterke og urfolk i landet er svært bevisste på viktigheita av å behalde verdigheita ved å fortelja ei slik historie, seier Støen. 

LES OGSÅ: OD-dagen vil byggja fred i Colombia


Foto: Ingrid Fadnes/LAG

Ein kamp av og for kvinnene 
Den siste månaden har rettssalen i Guatemala vore fylt til randen av kvinner. To av dei tre dommarane har vore kvinner, det er kvinnelege organisasjonar som har kjempa fram saka og advokatane til urfolkkvinnene har vore kvinnelege. 

– Det er sterkt å sjå på. Mykje av verdshistoria vi i dag kjenner er fortalt og skrive av menn. Det er uhyre viktig for notida å fortelje kvinnene si historie og det er nettopp desse kvinnene som endrar verda sakte men sikkert, seier Støen. 

Takka vera rettssaka, finst det no kompetanse, kunnskap og erfaring hos advokatane og psykologane, som har teke del i saka og som kan bruka dette i andre saker i andre deler av verda. 

– Symbolsk sett har rettssaka også stor betyding. Det var ein nasjonal domstol som gjennomførte saka. Sjølv om store deler av rettssystemet er korrupt, var det i dette tilfelle dei svakaste som fekk tilgang til systemet. Noko har blitt betre som følgje av rettsaka, og det må vi bygge vidare på. Det blir ikkje fred i eit land av å signera ein fredsavtale. Det er slike typar rettssaker, som er med på å skapa fred. Denne saka vil alltid bli hugsa, nettopp fordi den har hatt ei så enorm betyding for rettferd for kvinner i ein krigssituasjon, seier Støen. 


Kvinnelege offer i rettssalen. Foto: Ingrid Fadnes/LAG

Systematisk overgrep mot kvinner
Latin-Amerika-ekspert og talsperson for FOKUS kvinner, Marianne Gulli, meiner rettsaka set fokus på kven som har rett til å fortelja si historie i eit samfunn.

– I dommen vert det lagt vekt på samfunnsovergrepet mot kvinner. Dette var utslagsgivande då det var snakk om eit folkemord og ikkje ein massakre. Her er det ikkje snakk om enkeltvaldtekter av kvinner, men eit systematisk overgrep mot menneskeheita, seier Gulli. 

Mange kvinner i landet, som ikkje har utdanning eller snakkar spansk, har aldri fortalt si historie frå borgarkrigen. Denne rettssaka har snudd om på akkurat det. 

– Det er snakk om menneske som elles aldri ville ha blitt høyrde. Difor blir enkeltståande dommar som dette svært viktige. Støtteorganisasjonane, UN Women og grasrota har kjempa fram denne saka saman. Denne rettsaka hadde ikkje vore mogleg utan det sterke nettverket av kvinner, seier Gulli. 

Kvinnesynet i Guatemala er ikkje vakkert
Forsvarsadvokatane til dei to militærmennene har prøvd å undergrava prosessen både juridisk og sosialt. Forsvaret har til dømes hevda at den kvinnelege hovuddommaren er partisk, fordi ho er spesialist på folkemord. 

– Dei hevdar også at kvinnene køyrer ein svertekampanje og berre er ute etter pengar. Ifølgje dei, er menneskerettsorganisasjonane opphavet til all konflikten i landet. Militærfolka er ikkje store i tal, men dei er svært høglytte og synlege i samfunnet, seier Gulli. 

Ho fortel vidare at kvinnesynet i det latin-amerikanske landet generelt ikkje er vakkert. 

– Menn har tvihalde på makta i alle år. Formelt sett har kvinner fått fleire rettar, både når det gjeld politisk deltaking, helsetilbod og velferdsteneste, men det er dessverre ikkje alle som har tilgang på det. Spesielt urfolkkvinner, seier Gulli.

Vald mot kvinner er så utbreidd i Latin-Amerika at det i mange tilfelle er snakk om ein pandemi. 

– Kvinner i alle former vil oppleva å få slengkommentarar frå menn på gata. Om at ein er hore eller vakker. Det treng ikkje vera ein trussel eller eit angrep, men det er haldningar som tilseier at kvinner er eit objekt, seier Gulli. 

Urfolkkvinnene, som gjekk sigrande ut av rettsalen i Guatemala, har dei siste åra fått føle på skamma rundt det å ha blitt systematisk misbrukt av menn i ein krigssituasjon. 

– Det er utruleg mykje stigma knytt til overgrepa. Politisk sett, er det svært få saker om seksuelt overgrep som blir dømd som krigslovbrot. Dei fleste slike saker blir haldt for ein spesialdomstol eller i utlandet. Det at den blir halde i Guatemala, der torturen og overgrepa fann stad, gir håp for kvinner verda over, som også har blitt eller blir misbrukt i ein krigssituasjon. Dommen kan brukast som tolkingsgrunnlag i andre deler av verda, avsluttar Gulli.

I rettssalen.  Foto: Ingrid Fadnes/LAG

I rettssalen. Foto: Ingrid Fadnes/LAG