Magasinett

Utskrift

Ein konkret, men uspesifikk trugsel

Skrive av Erlend Skjetne .

PST-sjef Benedicte Bjørnland då ho la fram trugselvurderinga i 2013. Foto: PST

Det er i grunnen veldig praktisk å vera redd.

 

I eit moderne og tolerant samfunn må vi akseptere og respektere dei ulike skavankane til medmenneska våre, som til dømes dei irrasjonelle redslene deira. Ein kan ikkje forlange av ein som er redd, at han skal skaffe seg reell kunnskap om det han fryktar, for det vil vera lite omsynsfullt. Jamvel dei som har som oppgåve å verne oss vanlege folk mot farar, som Politiets sikkerheitsteneste, må få ha dei irrasjonelle redslene sine i fred.

Dei er jo litt søte i PST, det kan eg ikkje nekte for. Akkurat som den usikre tenåringen jamvel eg ein gong var, strevar dei med å finne ein stil som høver dei. For å bli tekne på alvor i samfunnet, må dei jo verke intelligente, og det gjer dei ved å bruke mange avanserte ord. Samstundes er dei jo politi, og politifolk skal vera litt tøffe og barske, noko dei greier ved å snakke veldig alvorleg om veldig farlege ting. Men så kan dei liksom ikkje vera for tøffe og barske heller, for då verkar dei fort litt useriøse, for ikkje å seia komiske. Dette løyser dei ved å vera litt sånn mystiske, uttrykkje seg så uklårt som mogleg og aldri seia noko som helst rett ut.

Heldigvis har PST ein stor fordel framfor andre med ein tilsvarande grad av identitetskrise, for ikkje å seia schizofreni: Berre dei så mykje som kremtar, får dei den udelte merksemda til eit digert pressekorps, som sjeldan stiller dei eit kritisk spørsmål. Pressefolka ser nok òg tvers igjennom skodespelet til PST, ser at dei fyrst og fremst er usikre på seg sjølve, for ikkje å seia redde. Men her i Noreg er vi som sagt tolerante, og vi tek omsyn til denne redsla. Når PST kallar inn til pressekonferanse for å informere om «ein konkret, men uspesifikk terrortrugsel mot Noreg», set vi heile landet på hovudet for deira skuld. Dei som arbeider i sjølve Politiet er faktisk veldig glade for ein slik stor trugsel, for han inneber at dei får mykje meir tid til å leike seg med våpna sine, som jo var sjølve grunnen til at dei vart politi i utgangspunktet. At det i praksis ikkje skjer noko som helst, at trugselen renn ut i sanda, er berre prov på at PST har gjort jobben sin. Samstundes har dei lykkast godt med den langsiktige strategien sin, som er å gjera folk flest redde, slik at folk flest tek PST endå alvorlegare i neste innbilte krisesituasjon. Eg lurer enno litt på kva «konkret, men uspesifikk» eigentleg tyder, men så har eg heller aldri vore av dei skarpaste knivane i skuffa.

Nyleg forkynte PST at det er fare for at russarane driv overvaking i Noreg. Det er naturlegvis lettare å kommunisere denne heller diffuse frykta, enn å seia noko fornuftig om den overvakinga vi faktisk veit sikkert at har skjedd på norsk jord, og i stor stil, frå amerikansk side. Amerikanarane er venene våre, så dei treng vi ikkje vera redde for. Personleg ville eg riktig nok vorte meir forbausa og indignert om ein ven av meg tok seg inn i huset mitt og byrja overvake meg, enn om ein uven av meg gjorde det. Men som sagt, eg er ein enkel og blåøygd type. Ja, det har faktisk synt seg at eg er endå mykje verre enn som så: Eg er ein del av problemet, eg er ein trugsel i meg sjølv – like konkret som uspesifikk.

For eg bur nemleg i Finnmark, og nyleg kom det fram at PST har grunn til å frykte folk i Finnmark. Dei mistenkjer at vi ikkje er lojale mot Kongen og PST, men snarare mot Tsaren og KGB. Kanskje har dei fått tips frå ei anonym kjelde som har sett litt på kartet, om at Finnmark ligg mykje nærare Russland enn det ligg Oslo. Dette må vel vera sjølve prototypen på ein konkret, men uspesifikk trugsel? Det verste er at denne trugselen i Finnmark slett ikkje er ny. I gamle dagar var det den finskspråklege minoriteten i Finnmark dei norske mynda var redde for, då dei meinte at desse såkalla kvenane var meir lojale mot Finland enn mot Noreg – jamfør omgrepet «den finske fare». Kvenane finst enno i Finnmark, utstyrde med glovarm kaffi, spisse strikkepinnar og det som verre er, trugande til kva som helst. Ved tid og høve bør PST saktens sjå nærare på denne risikogruppa, men i det noverande trugselbiletet forstår eg godt at dei må prioritere russiskvenlege risikopersonar – som meg. Ja, eg kan ikkje nekte for det: Eg liker Russland betre enn eg liker USA. Eg kjenner fleire av dei mange russarane som bur her i Finnmark, og eg synst dei er hyggelege folk. Eg er ikkje redd for russarar, og det er klårt at dette gjer meg til ein trugsel.  

No skriv eg denne teksten for å gjera PST merksame på eksistensen min. Eg har vorte redd for meg sjølv, for kva eg kan finne på. Eg utgjer ein overhengande konkret, men uspesifikk trugsel mot meg sjølv og andre. Eg vonar difor at PST kan fange meg opp og avradikalisere meg. Eg forventar ikkje at dei er faste lesarar av Magasinett.no, men planen min er at dei skal finne denne teksten idet dei skannar verdsveven etter mistenkelege ord, og finne meg gjennom teksten. Eg har prøvd å bruke så mange mistenkelege ord som mogleg i laupet av sjølve teksten, men for tryggleiks skuld vil eg lesse på med slike ord no på slutten, og hente inn nokre fleire frå PST sitt sereigne vokabular. For å verke ekstra radikal, vil eg òg nytte utheva skrift. Dette blir ein trugsel som PST ikkje kan oversjå.

Mistenkeleg oppførsel. Russisk etterretning. Ekstremisme. Høgreekstrem. Venstreekstrem. Framandkrigar. Radikalisering. Radikalisert. Risiko. Risikoperson. Risikogruppe. Trugsel. Terror. Konkret. Uspesifikk. Terrortrugsel. Trugselvurdering. Trugselbilete. Terrorsituasjon. Situasjonsbilete. Ikkje tryggleiksgaranti. Ikkje konkret. Ikkje spesifikk. Trugsel. Trugsel. Trugsel. Terror. Terror. Terror. Risiko.