Magasinett

Utskrift

Kampen for storkommunen

Skrive av Emte Tafjord Ringstad .

Ane Halsebakke Hoff møter Jan Tore Sanner.

– Eit av dei første sjukdomsteikna med dagens kommunestruktur er den låge valdeltakinga, seier «statsminister» på Fagerlia vidaregåande, Lisa Norén.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner besøkte Fagerlia vidaregåande skule i dag, tysdag.

Elevane ved skulen har dei siste månadane danna eit politisk rollespel kalla «Det vesle Stortinget», der elevane var stortingsrepresentantar og ministrar. Dei inviterte den ekte ministeren til politisk debatt i aulaen på skulen. Temaet var kommunereform.

Per i dag er det 428 kommunar i Norge, kommunane varierar stort i både areal og folketal – over halvparten av kommunane har under 5000 innbyggjarar. I snitt har norske kommunar i overkant 1200 innbyggjarar. 335 av landet sine kommunar har lågare innbyggjartal enn det.

Den kommunen i landet med minst innbyggjarar er Utsira med om lag 200 innbyggjarar. Medan Oslo er det største med over 600.000. Målet med kommunereform er å danne større og meir robuste kommunar. Akkurat dette er svært aktuelt for kommunane på Sunnmøre.

(saka held fram under bildet)

«Statsminister» Lisa Norèn frå venstre og «regional og inkluderingsminister» Ane Halsebakke Hoff, saman med debattleiar Rune Kleiven.

Låg valdeltaking
Fagerlia vidaregåande sin regional- og inkluderingsminister Ane Halsebakke Hoff innleia debatten ved å kort grunngi skulen sine regjeringsstandpunkt. Ho brukte Danmark si kommunereform som eit eksempel når ho delte sine meiningar for kommunereform for Ålesund og omegn.

– Danmark gjekk mellom 2002 og 2007 gjennom ei kommunereform der 271 kommunar blei gjort om til 98.

Tal frå 2012 viser at kommunane reduserte sine administrasjonskostnadar med 1,3 milliardar danske kroner gjennom reforma, det tilsvarar 1,6 milliardar norske kroner.

– Dermed vart dei i betre stand til å utføre sine oppgåver. Det gav auka tiltru til politikarane i kvar enkelt kommune, og dermed auka valdeltaking.

Valdeltaking er eitt av problema ungdommane tek for seg under debatten.

– Eit av dei første sjukdomsteikna med dagens kommunestruktur er den låge valdeltakinga. Ved siste kommuneval valde over 40 prosent av veljarane å ikkje stemme, seier skulen sin eigen statsminister, Lisa Norèn.

Medan høva til å delta aukar jo mindre kommunane er, vil kommunane si handlingsevne auke jo større kommunen er. Regjeringa er derfor sikre på at store og robuste kommunar vil gi fleire fordelar enn ulemper.

– Idiot?
Før Jan Tore Sanner får ordet, spør debattleiar Rune Kleiven salen nokre enkle spørsmål.

– Veit de kva folkestyret heiter på gresk?

– Det betyr demokrati. Demokrati er altså ei styringsform, og den er veldig krevjande. Vi har lett for å ta den for gitt. Ho krev oppsikt, gode diskusjonar, ueinigheit og innsikt.

– Eit anna gresk ord; veit de kva grekarane kalla folk som ikkje var interesserte i samfunnsstyring og politikk?

– Idiot. Det er sant. Det er det greske ordet for dei som ikkje interesserar seg for samfunnet. Eg skal ikkje spørje kor mange idiotar det er i salen, seier han og ler.

– Men eg håper det blir færre av dei etter denne debatten.

Sanner: – Det er de som har makta
– Det de skal vite er at det er de som bestemmer, seier Jan Tore Sanner når han får ståplassen på scena, framføre elevane på Fagerlia.

Han dreg fram den førre kommunereforma i Norge som vart gjennomført på byrjinga av 60-talet. Mykje har forandra seg sidan det.

– Mange sit nok og tenkjer, kvifor treng vi ei kommunereform no? Og det første svaret på det er at kommunane er viktige.

Kommunane i dag har ansvaret for barnehagar, skular, eldreomsorg, heimehjelp, og dei som tek vare på oss i den siste fasen av livet vårt. Kommunen har ansvaret for å planlegge kor det skal byggjast skular, kor det skal vere vegar, og korleis sentrum skal utvikle seg.

– Dei har ansvaret for dei mest såra iblant oss, barn som treng barnevern, menneske som slit med rus eller psykiske problem. Ansvaret har etter kvart vorte veldig, veldig stort.

Førre gong ein diskuterte kommunereform hadde kommunane berre ansvaret for ein liten del av dette. Då hadde ein knapt nok barnehagar. Ein hadde ikkje sjukeheim. Ein hadde ikkje barnevern. Då kommunereforma sist vart diskutert var det ikkje ungdommen sine foreldre som var med i diskusjonen, det var besteforeldra deira.

– Samfunnet har utvikla seg sidan den gong, og det viktigaste målet i kommunereforma er at folk uansett kor dei bur - om det er på Utsira med 206 innbyggjarar, eller om det er i Oslo kommune - så skal dei vere likeverdige og ha like tilbod. Det er det viktigaste målet, legg ministeren til.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, tek opp problema rundt sentralisering og mangel på arbeid for ungdom i dei små kommunane. Ho ser på fordelane med eit rikt kulturliv med gode tilbod innan kollektiv transport. Ålesund-regionen må verte meir attraktiv.

– Vår region taper stadig meir av funksjonar og arbeidsplassar mot dei større byane. Vi blir mindre og mindre viktige i nasjonal samanheng. Vi er for små, seier ordføraren.

Les meir om kommunesamanslåing her!

Debattleiar Rune Kleiven taler for ein full sal på Fagerlia Vidaregåande skule.