Magasinett

Utskrift

Prosjekt perfekt – kor mange «liker» er nok?

Skrive av Camilla Brugrand .

Foto: Etter løyve

Søket etter det perfekte biletet og kavet etter godkjenning i sosiale medium fekk den 26 år gamle fotografen Ann Charlotte Sund Voie til å starte prosjektet «Unembellished», som betyr den usminka sanninga.

 

– Ideen bak prosjektet var å minne både venner, kjente og ukjende om kor mykje energi og tankar vi bruker på å ta bilete. Med teknologien vi har i dag, så er det blitt mykje enklare å ta betre kvalitetsbilete med telefonar, billige kamera og bruken av filter har skote i vêret. Dette er noko som på sett og vis set press på oss til å produsere gode nok bilete av oss sjølve, seier Voie. 

Ein retusjert røyndom

Det siste året har det vore mykje fokus i media på ungdommar sin jakt etter å sjå perfekt ut og få dette stadfesta i sosiale medium. Reklamebransjen og bloggar sin innverknad på kva som er godkjent som perfekt har blitt heftig debattert. Seriar som TV2–satsinga «Sykt Perfekt» har også sett søkjelys på problemstillinga, som møter mange unge i dagens samfunn.

– Det er ei endelaus jakt etter å få mest mogleg«liker» på bilete vi tek og vi bruker ofte ein god del tid på å redigere, både når vi fotograferer, men også i etterkant med effektar,som filter på Instagram, som komplimenterer oss enda meir, fortel Voie.

Med dette prosjektet, ønskjer den unge fotografen å produsere ein serie med uredigerte bilete av seg sjølv. Fyrst og fremst for å vise omverda korleis ho verkeleg ser ut, men også for å få folk til å tenke på prosessen dei sjølve går gjennom når dei legg ut bilete på sosiale medium.

Enkelt å mista grepet

Bodskapen er å få menneske, men spesielt kvinner og unge jenter, til å tenkje over kor mykje stadfesting i sosiale medium betyr for dei.

– Det er enkelt å la sosiale medium ta over. Ein føler fort at desto meir «liker» ein får på bileta sine, desto finare er du. Ein får stadfesta at ein er flink til å ta bilete og ein kjenner seg populær. Det er ein måte å bli «godkjent» på, seier ho.

I dagens samfunn har jenter  og unge kvinner eit enormt press på seg for å oppfylla ein høg standard på utsjånad. Voie meiner det ikkje er rart at kvinner spesielt prøver å oppnå dette nettopp i sosiale medium.

– Eg seier ikkje at ein ikkje burde dele bilete av seg sjølv der ein kjenner seg vakker, sunn eller fabelaktig. Det eg vil, er å få folk til å tenkje på kven dei lastar opp bileta for, prosessen og forventingane ein har for bilete, seier ho.

Samanliknar seg med andre

Tanken om forventingar og talet på «liker» i sosiale medium, er noko fotografen har tenkt mykje på dei siste åra, men som for alvor tok merksemda hennar i haust.

– Ei venninne av meg fekk rundt 200 «liker« på eit nytt profilbilete på Facebook. Min fyrste reaksjon når eg såg det høge talet, var å samanlikne meg sjølv med henne. Eg klikka på mitt eige profilbilete og tenkte; «Shit, skulle ønskje eg hadde like mange liker på mitt også, men eg er jo ikkje like vakker».

Som fotograf kan Voie ein del om biletmanipulering. Ein manipulerar til ein viss gard objektet eller personen når ein posisjonerar modellen i ein viss vinkel, bruker lys til å skjule kurver eller gjer modellen meir smigrande med utjamning av huda i Photoshop.

Kan aldri få nok «liker»

– Eg bestemte meg difor for å bruke litt energi på å ta eit nytt sjølvportrett. Resultatet var eg kjempenøgd med og eg følte at eg jammen meg kan vera vakker eg også!

Ho fekk rundt 80 liker på biletet i løpet av ein dag. Men dette var ikkje nok.

– Eg innsåg då at uansett kor mange liker ein får, så kjem det aldri til å vere nok. Nokre dagar seinare las eg ein artikkel om ein populær Instagram-brukar ved namn Essena O’Neil, som legg ut usminka videoar av seg sjølv og snakkar om kor lei ho var av sosiale medium. Konklusjonen hennar var at mykje av det ho la ut av seg sjølv, var falskt, seier Voie.

Forskjellane mellom dei ekte bileta og dei redigerte gjorde eit sterkt inntrykk på fotografen og det var då Voie bestemte seg for å fotografere seg sjølv kvar morgon, usminka og uredigert medan ho ikkje var førebudd på å bli teken bilete av. Etter to månadar vart denne rutinen ein vane og ho kjende sjølv at ho hadde nok materiale til å dele det med omverda.

Vanskeleg å snakka om

Etter at Voie publiserte prosjektet, har mange tatt kontakt for å seie at temaet ho tek opp er viktig. Ho meiner likevel at det er eit vanskeleg tema å snakka om. Nettopp fordi dei fleste av oss gjer det, sjølv om vi er samde om at det er feil.

– Vi held framleis på å sjekka kor mange nye «liker» vi får på det nye biletet vårt. Inkludert meg sjølv. Då eg la ut dette prosjektet, spurde eg spesielt folk om å ikkje like det, men heller dele og kommentere tankane sine rundt det, seier ho.

Det er mykje press rundt det å ta det perfekte biletet og mange blir oppslukt av kavet etter det perfekte idealet.

– Ein undrar seg om ein er fin nok, pen nok, god nok, om ikkje nok personar klikkar på biletet ditt. Eg meiner det er viktig å vere klar over at nokre er mykje flinkare enn andre på å redigere. Profilbiletet ditt på Facebook representerer nødvendigvis ikkje den verkelege deg.

Voie trur ikkje prosjektet hadde sett dagens lys om ho hadde vore inne på tanken om sosiale medium si makt over sjølvbilete for nokre år tilbake.

– Heldigvis har eg gjennom mine eigne sjølvportrett lært meg å godta meg sjølv nettopp slik eg er. I dag har eg ingen problem med å vise den usminka sanninga. På ein måte skulle eg ønskje eg såg litt verre ut, for då hadde kanskje prosjektet nådd fram til endå fleire, avsluttar ho.