Magasinett

Utskrift

– Vi er Å-kjendisar

Skrive av Camilla Brugrand .

Podcasten Å-kjendis omtala kjærleikslivet til toppbloggaren Sophie Elise, og fekk ein forsmak på kor lite kjendis-Norge faktisk er.

Ein sogning, austlending og nordlending står bak podcasten Å-kjendis der dei diskuterer norske kjendisar og livet nedst på rangstien.

Alle tre har jobba med radio i fleire år og har eit stor lidenskap for å teikna bilde med lyd. For ein månad sidan publiserte dei sin fyrste podcast kalla Å-Kjendis, som er eit samarbeid med nettstaden 730.no

– Eg går på auditions heile tida og gjere ting som eg får heilt vondt i magen av, men ein kjem seg aldri nokon veg. Det er ikkje plass til oss i medieverda, difor må vi skapa noko nytt og laga plass til oss sjølve, seier Krister Jung. 

Nordlendingen utgjer saman med Sara Aghili Taslimi frå Austlandet og sogningen Niclas Fonn Skinlo eit friskt pust blant kjendiskommentatorane i Noreg. 

Tett på kjendisane 

Dei siste åra har publikum fått eit nærare forhold til sine forbilde i kjendisverda. I dag kan ein følgja med på kva kjendisane driv med ved å følgja dei på Snapchat, Instragram og Facebook. Alt frå dei lagar mat, festar til å sminka seg. 

– Kjendis-Noreg er veldig lite. Då eg flytta til Oslo, trudde eg at det kom til å vera veldig stort, men der tok eg grundig feil. Alle kjenner alle og alle er lenka opp til kvarandre. Det er ein rein, stor vennegjeng som dreg kvarandre oppover. Då vert det vanskeleg for oss utanforståande å koma inn, seier Jung. 

Alle tre er samde om at ein sjølv må bana veg skal ein koma nokon stad i verda og heller kasta seg ut i det og jobbe ekstra hardt i nokre år. 

– Ein utleverer jo seg sjølv litt når ein driv med radio. Eg har alltid tenkt at eg har noko viktig å seia om saken og vil gjerne kommentera det samfunnet vi lever i. Podcast er ikkje noko ein blir rik på, det er meir ein hobby vi driv med for å syna fram kva vi kan og forhåpentlegvis ein inngangsbillett inn i miljøet. Tusvik og Tønne er dronningane av Podcast, men til og med dei kan ikkje leva av det, seier Taslimi. 

Fekk Sophie Elise til å reagera

Å-Kjendis har i tillegg til ein promo-episode, tre episodar som ligg ute. Her tek dei for seg kjendisar frå både innland- og utland. 

– Ein forsnakkar seg litt i starten og tenkjer ikkje alltid over kva bruer ein brenn, seier Jung. 

Etter at gjengen hadde lasta opp ein episode der dei omtala kjærleiksforholda til den norske toppbloggaren Sophie Elise Isachsen, fekk alle tre ein forsmak på kor lite kjendis-Norge faktisk er. 

– Ho sendte meg ein snap og sa at ho hadde høyrd episoden. Eg svarde at ho framleis er min favoritt. Heldigvis tok ho det ikkje så tungt. Det er ein ting å snakka om internasjonale kjendisar som The Kardashians og Justin Bieber, men å diskutera norske kjendisar er heilt noko anna, seier Jung.

Dialektar er nøkkelen

Alle tre har fått prøva seg i nasjonal radio. Nokre har vore innom P4 og P3, medan andre har hatt praksis i NRK Østlandsseninga. 

– Eg har fått beskjed heile livet mitt at eg må halda på dialekten min. Før brydde eg meg ikkje så mykje om det, men etter å ha drive med radio i nokre år og fått gode tilbakemeldingar på dialekten, har eg bestemt meg for å halda på den, seier Skinlo. 

Dei tre møtte kvarandre via studentradioen Nova på Høgskulen i Oslo og Akershus. 

– Vi høyrde at dei tre dialektane våre klang ekstra fint i lag. Det å gjera ein podcast med tre menneske kan bli litt mykje, spesielt om alle er menn og har same dialekt. Men eg synst vi tre fungerer godt saman, seier Taslimi.

Hardt å bryta gjennom

Store deler av media-Noreg er ramma hardt av tilsetjingsstopp. Dette har prega jobbsøkinga til dei tre ungdommane. 

– Vi har på ein måte utdanna oss inn i arbeidsløyse. Samstundes som vi lever i ei tid der ein har alle moglegheiter, forventar likevel arbeidsgivarar at ein skal ta del i alt og helst vera flink i det meste. I tillegg skal ein ha reist verda rundt før ein søkjer jobb, slik at ein kan visa at ein kan tenkja på andre måtar. Det er kjempevanskeleg, seier Taslimi. 

Etter å ha sendt inn fleire prøve-episodar og planlagt podcasten i over eit år, kom trekløveren endeleg fram eit produkt som 730.no ville gjere til ein del av nettsatsinga.

– For augneblinken er det 90 prosent kjendisar og 10 prosent oss. Etterkvart har vi lyst å jamna det litt meir ut. Ein må jo snakka om noko som er aktuelt for deira lesarar og lyttarar. Saman føler eg at vi fungera bra saman. Vi er veldig forskjellige og har ulike meiningar, interesser og smak i kjendisar. Så små kranglar blir det i blant, men det er det som skaper bra radio. Elles hadde det blitt veldig kjedeleg. Det viser at vi er ærlege, seier Jung. 

Høyr Å-kjendis her!