Magasinett

Utskrift

Jakta på eit godt liv

Skrive av Ragnhild Vikestrand .

– Vi skal dø, kva vil du gjere med livet ditt? spør regissør Mali Finbourd Nøren i ny film.



I «Mammas Drøm» følgjer regissør Mali Finbourd Nøren, si eiga mor og hennar jakt på å oppnå draumen sin om å bli stofftrykkar. Denne dokumentaren strekker seg på om lag ti år og viser kvardagen og livet til Gunnhild (70).

Gunnhild har alltid hatt ein draum om å bli stofftrykkar. Då ho var ung tok ho utdanning i Oslo, men på grunn av livet med born og familie, kom ho aldri i gong med verkstaden hennar. Dottera Mali, prøver gjennom denne filmen å hjelpe Gunnhild å kome i gong. Dei fyrste opptaka vart tekne i 2006 og viser Gunnhild som nett har blitt 60 år. I bursdagsgåve får Gunnhild ei veke kurs i stofftrykk, for å friske opp kunnskapen hennar. Mali håpar at dette vil gi henne eit puff til å starte opp verkstaden som ho lenge har drøymt om.

«Mammas Drøm» er ein film som viser livet slik det er og blir utifrå vala ein tek i kvardagen. Under Kosmorama Filmfestival som var arrangert i Trondheim, fortalte regissør Mali Finbourd Nøren om krava om det perfekte livet, og at ein må tørre å gi blaffen i nokre ting.

Gunnhild var svært nervøs for å vise scenene av det rotete huset hennar, men Mali synast at dette er ein god måte å vise at livet ikkje er perfekt. Det er ingen som har alt på stell heile tida.

Mali fortalte at det ikkje alltid er lett å lage film om familien. Ho er vand til å ha avtalar slik at ho kan ha med seg rett utstyr med lyd, kamera og lys.

– Foreldra mine kunne avlyse fordi for dei var eg berre dottera deira, fortalde ho.

Å lage ein dokumentar utan å bryte inn for mykje, var ei utfording. Mali forklarar at av og til  kom det hendingar som ho ville ha med i filmen, og måtte difor ta i bruk det nærmaste kameraet ho hadde.

– Eg har til og med brukt mobil! røper ho.

Filmen tek opp temaet om livet og draumane våra, og om korleis vi skal klare å oppfylle desse før det er for seint. Vi lagar alltid større planar og vil alltid prøve å strekke oss mot draumane, men må ein oppfylle desse måla for å få eit godt liv?

– Vi skal dø, kva vil du gjere med livet ditt? seier Mali til slutt.

Trailer
https://vimeo.com/157148274