Magasinett

Utskrift

Spegel, spegel på veggen der, kven er eg i landet her?

Skrive av Astrid Underlid .

Astrid Underlid saman med Helene som ho couchsurfa hos i Bordeaux i Frankrike. – Ei inspirerande dame som har budd mange stadar i verda, bur åleine og køyrer sitt eige løp.

På to veker i Nederland, Frankrike, Sveits og Spania gjekk eg frå å nesten hate konvensjonell reising med stram timeplan, kartlesing og turistattraksjon etter turistattraksjon, til å forelske meg i å vere på eventyr åleine.



I ei tid der «Eg vil reise og oppleve verda» har blitt vår generasjons største klisjé, har eg lite lyst til å vere endå ein idiot som prakkar på deg at du også må pakke kofferten, utforske andre kulturar og komme tilbake som eit nytt og betre menneske. Du har høyrd det før, du vil få høyre det igjen, og som om ikkje det er nok har du sikkert reist litt og gjort deg opp ei meining om fenomenet du også.

Personleg forstod eg aldri kvifor reising var så himla fantastisk før eg ved uhell enda opp med å sose rundt åleine i Vest-Europa fordi vennane eg skulle besøke enten
a) ikkje hadde tid meg
eller
b) ikkje budde der eg trudde dei budde.

Det høyrest jo ganske tragisk ut, og litt tragisk var det også. Særleg rett før eg skulle dra og ikkje ante kva eg hadde begitt meg ut på. Men på to veker i Nederland, Frankrike, Sveits og Spania gjekk eg frå å nesten hate konvensjonell reising med stram timeplan, kartlesing og turistattraksjon etter turistattraksjon, til å forelske meg i å vere på eventyr åleine. Eg kunne gjere nett det eg ville når eg ville, og ta sjansar og utradisjonelle val folk flest ikkje ville vore med på. Eg kunne sofasurfe, haike, snakke med framande, vere rar og gal utan den sosiale kontrollen ein ofte kjenner på heime, nyte vakker arkitektur midt på natta, sove lenge og ikkje minst stole på min eigen magefølelse i ein kvar situasjon.

Sofasurfing er forresten også ein ting eg døøør etter å prakke på deg, sjølv om det verkeleg øydelegg hovudpoenget mitt med denne historia, som er at lykke for meg ikkje treng vere lykke for deg, og at å reise åleine kan vere ein god metode for å teste ut kva som gjer det glad i praksis. For kor vanskeleg er det vel ikkje å finne ut av det i verd som stadig prøver å fortelje deg kven du er, kven du bør vere og kva du skal like og bruke tida di på?  På reise åleine må ein til ei kvar tid ta heilt eigne val, og ein kan teste ut både det eine og det andre. Fell noko i i smak kan ein prøve å implementere det i kvardagen, og om ting skulle gå heilt skeis kan ein dra heim utan at det får konsekvensar i det heile. 

Eg har haldt fram med å reise åleine med jamne mellomrom, og det går gong på gong opp for meg at det eg synst er kjekt, ikkje nødvendigvis er «kva andre synst eg synst bør vere kjekt», eller «kva eg trur eg synst er kjekt fordi alle andre synst det er kjekt», som uttrykt i ordtaket «Mange menneske går på fisketur heile livet, utan å vite at det eigentleg ikkje er fisk dei er ute etter». Det kan høyrast utruleg enkelt og banalt ut, men det å tenke heilt uavhengig av nære venner, familie og samfunnet ein har vakse opp er etter mi meining totalt umogleg. Eg ser meir på det som ein livslang prosess; å vere bevisst på det og spørje seg sjølv kva ein vil med jamne mellomrom, kan gje fantastiske resultat. Kanskje er ikkje eit tradisjonelt arbeidsliv noko for deg, kanskje vil du ikkje ha barn, og kanskje vil du ikkje feire jul om det inneber å konstant vakse, pynte, stresse og å bli totalt blakk og utslitt på berre to-tre veker kvart einaste år?

Eg har lyst til å ta val på eiga hand som er gode for meg og tenke at det ikkje speler nokon rolle om andre forstår det eller om det er sosialt akseptert. Sett heilt på spissen: Vi trur vi er verdas mest opne land, men kva livsstil er eigentleg spesielt sosialt akseptert i Norge utanom den som inneber å ta ei god utdanning, få ein god jobb, få seg kjærast/ gifte seg, bli forelder, ha ein hobby/ trene/ jobbe frivillig, vere travel og ha det sånn midt på treet?