Magasinett

Utskrift

Saftbygdas svar på Silicon Valley

Skrive av Camilla Skjær Brugrand .

ROBOT: Saman med kollegaer i Rocketfarm testar Aslak Os (t.v) ut innstillingane til deira nyaste robot i kunnskapsparken i Sogndal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Inst i Sognefjorden mekkar Aslak Os robotar som skal løyse alle problem dei får beskjed om.

 

– Robotar er veldig smarte fordi dei gjer akkurat som dei blir fortalt. Samstundes er dei veldig dumme, fordi dei gjer akkurat som dei blir fortalt, forklarar Aslak Os, seniorkonsulent i selskapet Rocketfarm.

I 2008 fekk to ingeniørar frå NTNU tilbod om å starta opp selskapet sitt Yast i Kunnskapsparken i Sogndal. Fire år seinare slo Yast seg saman med søsterselskapet nLink og vart til Rocketfarm. I dag har talet på tilsette auka til 11 og selskapet har planar om å bli dobbelt så stort dei kommande åra.

No har dei teke teknologiverda med storm. Oppskrifta er nasjonale software-løysingar og sjølvlaga robotar som løyser alle problem dei får beskjed om.

LES OGSÅ: Robot skal gå på skulen for sjuke born

Eit lite stykke Silicon Valley
Dei siste åra har selskapet vunne internasjonale prisar for pitching, publikumspris og beste produkt, i byane Boston og San Francisco. Eit av deira mest omtala produkt er boreroboten dei lanserte i 2015, og som var den fyrste i sitt slag i verda.

Roboten vurderer sjølv kva som er den mest effektive måten å bora hol på og måler kor lang tid jobben vil ta. Store land som Kina, Japan og Taiwan har synt stor interesse for robot-teknologien i Sogn.

– No brukar vi roboten til å bora hol i dei nye studentbustadane her i Sogndal. Byggjeleiaren reknar med å bruka fire dagar med mannskraft på jobben som roboten gjer på ein dag. I tillegg til at ein sparar tid, unngår arbeidarar også risikoen for skadar, seier Os.

Roboten er programmert og bygd på teknologisenteret i Sogndal, som ligg på fotballstadionet i saftbygda, Fosshaugane Campus. Det fyrste problemet roboten løyste, var å flisleggje eit større område. I tillegg til boreroboten, har nLink også levert ein robot til Nortura i Sogndal som pakkar pallar.

Ingeniørane er no i gang med å utvikle ein robotarm som kan handtera eit filmkamera og brukast av alle broadcastsystem i verda.

LES OGSÅ: Slik endrar teknologien jobbkvardagen


Slik såg ein av dei fyrste robotane som vart produsert ut. Den har fått plass på Rocketfarm sine kontor i kunnskapsparken i Sogndal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Smarte, men også veldig dumme
Nortura-roboten er ein relativt enkel robot, som ser kva som står framfor den og pakkar det. Her styrer roboten seg sjølv. Boreroboten derimot, får ei teikning av huset og finn ut korleis den på enklast mogleg måte kan bora alle hola på kortast mogleg tid.

– Robotane er smarte fordi dei kan tenka veldig fort, men dei er dumme fordi dei berre kan tenka dei tankane som me har gitt dei, seier Os.

Dei fleste ingeniørane som jobbar for Rocketfarm, nLink og Yast er utdanna innan programmering og kybernetikk, som er læra om robotar.

–  Ein robot kan enda ikkje tenka sjølv. Det finst robotar i dag som lærer seg sjølv å gå. Det ser ut som dei tenker, men som regel er det basert på erfaring. Roboten får eit poeng kvar gong den gjer noko som fungera, og då lærer den etterkvart kva den skal gjera i ulike situasjonar. Det er også slik vi menneske lærer. Dataprogram har nokre avgrensingar på kva den kan gjera, men desse grensene vert heile tida flytta, forklarar Os.

Google og Apple flytta til dømes grensene for kva som er mogleg ganske langt med sine sjølvstyrde bilar. Volvo gjekk nyleg ut og sa at dei ikkje kom til å sleppa sjølvstyrde bilar ut på vegane før dei sjølve kunne ta skylda om noko gjekk gale.

LES OGSÅ: Sjå – ein haikande robot!

Ein bransje i vekst
Software-miljøet i Noreg er blant dei største i Skandinavia og den årlege Javazone-konferansen i Noreg er den største teknologikonferansen i Norden.

– Det er mange dyktige folk her til lands som pushar grensene for kva som kan bli gjort. Robotmiljøet er endå ikkje så stort, men det er ein bransje som vil veksa med åra. Innan software er til dømes det me lærde for fire år sidan utdatert i dag. Me byter verktøy kvar einaste månad, seier Os.

Må satse på høg kvalitet
Rocketfarm hadde i 2015 ei omsetjing på 13 millionar kroner. Mykje av pengane skal brukast på investeringar, eigne produkt, utviding av selskapet og nye satsingar.

– Det kan godt vera at me er mellom 50 og 70 tilsette om fem år, men det kan også vera at me berre er 20, seier Os.

Dei to ingeniørane som starta teknologieventyret i Sogndal har utvikla seg til fem selskap; nLink, Applaus, Rocketfarm, Yast og Falkeblikk, men alle samarbeidar på sett og vis.

– Ekspansjonen har vore veldig stor. Spørsmålet som mange stiller seg er kva me som nasjon skal leva av i framtida. Me ser til dømes at det er ein stor etterspurdnad etter programmering. Norsk arbeidskraft er dyr. Me er gode på å produsera gode og høgt utdanna arbeidarar som leverer høg kvalitet, seier Os. 

LES OGSÅ: Sjå den livaktige roboten Geminoid F syngja

Verda blir meir automatisert
Han har tru på framtida for robotane.

– Automatisering og robotar vil løyse konkurranseproblematikken i framtida. Robotar tek over dei jobbane som er for farlege og som nordmenn ikkje vil ha, noko som kan bidra med å få ned talet på sjukemeldingar i bedrifter, seier Os.

Eit av problema som dei fleste teknologbedrifter verda rundt prøver å løyse for tida er velferdsteknologi. Men så langt er det ingen som har knekt koden.

– Filosofien vår går ut på å prøve ut og læra. Jo fleire gonger ein får prøve ut og få tilbakemelding, desto riktigare treff ein til slutt. I dag er me veldig opptatt av å kontrollera ting rundt oss, men i framtida vil me nok at ting skal løysa seg sjølv. Bilen skal køyra seg sjølv, kjøleskapet skal bestilla seg mat sjølv, huset skal passa på seg sjølv. I framtida vil ikkje det å gløyme kaffitraktaren bli eit problem fordi den vil skru seg av seg sjølv, seier Os.

Rocketfarm har mellom anna levert MinID og Difi på Leikanger og Digipost til Posten, i tillegg til festival-appen Applau, som festivalen Malakoff nyttar seg av i sommar.

Os meiner miljøet i Sogndal er stort nok til at ein torer å satsa.

– Mange av oss som kjem hit etter å ha studert i store byar, ønskjer å bu i ei lita bygd. Sogndal er urbant nok til at ein slepp å snakka med alle på butikken. Ofte er folk redde for at det blir for klamt, men det er det ikkje her. Studentane på høgskulen skapar fest, moro og kulturtilbod. Samstundes er det viktig med fritidstilbod som ski, sykkel og turmoglegheiter, seier Os.


Aslak Os er i full gong med siste finpuss på den splitter nye robotarmen som er spesieltbestilt frå eit selskap i Bergen. Meir kan han ikkje avsløra om det hemmeleg prosjektet. Foto: Camilla Skjær Brugrand.