Magasinett

Utskrift

Jåle, spjåk, fjolle, gås

Skrive av Sigrid Sørumgård Botheim .


Foto av Amtmandens Døtre: © Petter E. Thorsrud

Songen «Synonymordboka» førte til at Gyldendal måtte koma med ny ordbok. Er det trong for ein ny revisjon?

 

For ei stund sidan høyrde eg songen «Synonymordboka» på radioen. Songen er skriven av den feministiske visegruppa Amtmannens Døtre, som var aktive mellom 1974 og 1976. Songen kritiserte synet på kvinner og menn, og kritikken førte faktisk til at Gyldendal reviderte synonymordboka si. I songen får vi veta at synonyma til ei kvinne mellom anna er jåle, spjåk, fjolle, gås eller høne. Ein mann derimot er ein gentleman, person eller det sterke kjønn.

Eg lét meg inspirere av denne songen og tenke eg skulle sjekke kva nynorskordboka og bokmålsordboka seier i dag. Synonyma til kvinne og mann var nokså nøytrale, men når eg søkte på diverse andre ord var tendensen ganske tydeleg.

For eksempel er definisjonen på ei bølle slik: «(da. laga i 1885 etter namnet Bøllemosen, ein stad der ein bande rampete gutar frå København heldt til i fritida) rå og brutal (valds)mann; ramp, bilbølle / ein fæl bølle.» På den andre sida blir verbet å syte forklart slik: «person, særleg kvinne, som syter mykje.»

Dei fleste orddefinisjonane seier ingenting om menn eller kvinner, men i mange av eksempla som blir brukte er det ein klar skilnad. Keisame verb eller ord som gjeld utsjånad har oftast kvinner og barn i eksempla, medan tøffe eller valdelege ord har menn i eksempla.

Om vi slår opp på ordet å mase, les vi at ordet kan brukast slik: «barna masar om søtsaker / ho masa på dei for å få dei til å vere stille». Å hyle nyttast på liknande måte: «ungen hylte og skreik / ho hylte av redsle». Og til slutt kan vi slå opp på søt, der ser vi at det står «ein søt unge / ei søt jente».

Ordet tøff blir brukt om «tøffe karer på ishavsferd». Ordet modig brukar ein om «ein modig gut», medan sterk blir nytta i denne samanhengen: «vere den sterke mannen i regjeringa».

Problemet er ikkje at det finst søte jenter eller tøffe gutar, det er heilt greitt. Problemet er at vi reproduserer forventningar om korleis jenter og gutar skal oppføre seg, ofte heilt umedvite. Dette er noko som går utover båe kjønn – kanskje aller mest gutar. For sjølv om ei jente helst skal vera søt og snill, så er det greitt at ho er tøff. Men det er kanskje ikkje så lett å vera ein søt gut som likar rosa.

Å arbeide med orddefinisjonar er definitivt ikkje lett. Ein må alltid avvega om ein skal dokumentere orda slik dei har vore brukt, eller om ein skal modernisere orda og gjera dei mest mogleg nøytrale. Skal ein for eksempel ha med nedsetjande ord som oppfattast diskriminerande? Dei finst jo i språket, men skal helst ikkje nyttast. Eg meiner at ei ordbok ikkje skal vera eit deskriptivt og historisk dokument, men ei levande og normativ samling. Om orda er definerte mest mogleg nøytralt, blir det lettare for oss språkbrukarar å nytte dei heilt fritt.