Magasinett

Utskrift

Kvifor snakkar skandinavar baklengs?

Skrive av Solfrid Vestli .

Det er nok mang ein norskkurslærar som har hatt vanskar med å forklåra sine undrande studentar logikken bak nettopp det. Foto: Marius Torgersrud/Flickr/CC BY 2.0-lisens

Dette er historia om den etterhengde bestemte artikkelen.

 

Har du nokon gong tenkt på kvifor engelskmennene seier the horse og tyskarane das Pferd, medan me nordmenn ganske enkelt snakkar om hesten? Det same gjeld skiltet, vennen og freden. Der me nordmenn berre bruker eitt ord, treng engelskmenn og tyskarar to.

LES OGSÅ: Språk på liv og død

Hosthe og Hausdas
Sett utanfrå er ikkje dei nordiske språka av norrønt opphav så særmerkte. Både ordforråd og grammatiske strukturar har mykje sams med andre germanske språk som nederlandsk, tysk og engelsk. Men i tillegg har dei nordiske måla nokre trekk som skil dei frå desse andre på viktige punkt. Her skal eg ikkje gå inn på dei alle.

Men eitt av dei merkelegaste er den etterhengde artikkelen som gjer nordisk så bakvendt. For medan tyskarane målar das Haus og engelskmennene gjer det same med the house, så målar ikkje nordbuarane "det hus", men "hus det", altså huset. Vi snur med andre ord det heile att fram. Om ein engelskmann skulle ha snudd det på same vis, så ville han ha måla housthe og tyskaren Hausdas.

Det er nok mang ein norskkurslærar som har hatt vanskar med å forklåra sine undrande studentar logikken bak nettopp det.

LES OGSÅ: «Språk er makt – og maktmisbruk?»

Ein språkmedviten russar
Men alt har ei forklåring, og ein som var meir enn vanleg oppsett på å finna den var Jurij Kusmenko, ein russisk professor i nordisk språkvitskap. Etter mange år med grundig forsking kom resultatet ut i ei omfangsrik bok på tysk i 2008.

Svaret han kom fram til var temmeleg uventa og kontroversielt. For stikk i strid med det som vi er vane med å tenkja om språkelege påverkningsvegar, så meiner Kusmenko at slike trekk som etterhengd artikkel må skuldast eit stort press frå grannespråk som ikkje finst lenger sør, og slo fast at «de flesta språkdrag som skiljer de nordiska språken från de andra germanska språken har kommit från samiskan».

LES OGSÅ: Språk og identitet

Gussa og vuostá
Sjølv om ein på eit vis kan seia at nordgermansk "vann", så meiner han at det samiskspråklege presset har vori så kraftig at det framleis finst avtrykk av det i dagens skandinaviske språk.

At påverkinga har gått den andre vegen er jo velkjend. Det finst jo fleire tusen skandinaviske låneord i både finsk og samisk, og nokre av dei slik som til dømes áiru (åre), gussa (ku) og vuostá (ost) vart innlånte alt i urnordisk tid.

Men det at få samiske ord har vandra motsett lei og inn i grannemåla har styrka inntrykket av at det er skandinavisk som har stått for presset.

Den nære forhistoria med fornorsking og tvang har også medverka til det synet at dei skandinavisktalande alltid har utgjort det sterke fleirtalet i høve til samane.

Samisk dominans
Nyare forsking tydar på at det lenge var ei likevekt mellom gruppene slik at Kusmenko kan ha rett når han hevdar at «föreställningen om samernas låga anseende i det nordiska samhället i slutet av det första och början av det andra årtusenet är en anakronism».

Likeeins er det ikkje sjølvgjevi at dei alltid har vori mindretalet.

Lengst i nord var sjølvsagt den samiske folkegruppa dominerande, men det er ikkje heilt visst at dei var den minste gruppa lenger sør på en skandiviske halvøya heller. Det er derfor inkje i vegen for at samisk kultur kan ha prega grannane sin kultur, også språkleg.

Rett nok ser ein ikkje særlege spor av dette i ordforrådet. Men språk kan også påverka kvarandre på andre område, til dømes i grammatikken.

Grammatikk anno 800-talet
Når ein person går over frå eit språk til eit anna, vil han gjerne ta med seg dei strukturane han kjenner frå morsmålet sitt over i det nye, anten dette nye språket har desse strukturane frå før eller ikkje.

Ein finne kan til dømes seia at "det regnar snø" fordi finsk har eit eige verb for "å nedbøra" som  norsk manglar og han mistolkar "å regna" som eit norsk synonym til det finske "å nedbøra".

Kusmenko meiner at den etterhengde artikkelen nettopp er ei døme på ei slik misforståing som oppstod i det 8. eller 9. hundreåret.

Finsk-ugrisk har ikkje ein slik etterhengd artikkel som syner bestemtheit, men dei har eit eigendomsetterledd som dei kan hengja på substantivet for å fortelja at det høyrer til noko(n). Finsk døme: käsivarsi = arm, käsivarren = arm sin.

Denne strukturen vart så med over i det norrøne ved at det lause eigendomspronomenet sinn (sin) ikkje lenger fekk stå åleine når det kom etter substantivet som i arm sinn (arm sin), men vart knyta saman etter finsk-ugrisk mønster til arminn (når det kom etter).

Frå byrjinga var altså etterhenget ei ending som fortalde om eigendomstilhøve, nett som i samisk.

Men sinn (sin) og (h)inn (den) var ikkje berre var lydleg like, dei minna og om kvarandre i tyding noko som vi framleis kan sjå i moderne norsk. Døme: han har knekt foten. Her skjøner vi at viss vedkomande ikkje er særleg brutal, så er det sin eigen fot han uheldigvis har broti av.

Her kan ein altså seia at endinga -en ikkje berre syner bestemtheit, men også eigendomstilhøve.

Dermed er det ikkje så rart om nokon gjekk i ball og tolka sinn og (h)inn som det same, i alle fall når desse kom etter substantivet.

(Leddstillinga var nemleg opphaveleg fri slik at sinn og

(h)inn også kunne stå fyrst som i dagens tysk og engelsk).

Gamal vane…
Og slik gjekk den samansmelta nylaginga arminn (arm + sinn) saman med arm + (h)inn slik at også "arm den" vart til arminn, og den etterhengde bestemde artikkelen var fødd.

Sidan då har mykje anna endra seg og døydd ut i språket vårt, men akkurat den denne er rariteten har ikkje berre overlevd, men er like sprek etter 1200 år.