Magasinett

Utskrift

– Du har større klimafotavtrykk enn du trur

Skrive av Camilla Brugrand .

Fornybar energi-studentane Ragnhild Berge Feidje, Silje Helene Johnsen og Bjørnar Ophaug Boge spelar klimaspelet.

Kva er du mest viljug til å kutte for klimaet? Det skal Vestlandsforsking finne ut.

 

Vestlandsforsking skal kartleggja klimautsleppa til norske hushald, og finne ut kva for område folk er mest villige til å redusere forbruket sitt.

Prosjektet førgår parallelt i Sverige, Tyskland og Frankrike og er finansiert av EU.

– Desse landa representerer vestlege og rike land med eit høgt privat forbruk, forklarar Carlo Aall, prosjektleiar ved Vestlandsforsking.

Målet med det såkalla klimaspeleter å finne ut kva tiltak for er villige til å akseptere for å halvere utsleppa sine.

– Skal me klara FNs klimapanel sitt mål om maks 1,5 grader temperaturauke innan 2050, må vanlege folk redusere utsleppet sitt. Det kan ikkje berre vera noko som skjer ute i Nordsjøen eller i nokre fabrikkar, seier Aall.

Funna i prosjektet vil bli delt med politikarar, som kan innføre tiltak slik at klimautsleppa kan bli redusert innan 2050. Det endelege målet er at alle utslepp må stoppa innan 2100.

– Faktisk så må me ha minusutslepp, seier Aall.

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

Biff, bil og bustad
I dag måler ein utslepp frå eit land ved å ta utgangspunkt i landegrensene, og seie at alle pipene som er å finne innanfor dei landegrensene er utsleppa for det landet.

Deretter deler ein det på talet på innbyggjarar.

– Her får ein ikkje med utslipp frå fly og båtar som reiser mellom landa. Så nordmenns sydenturar vert ikkje telt med nokon stad, ikkje ein gong i landa der flya landa. Og kvar gong eg kjøper ei jakke som er laga i Kina, så er ikkje det med på det norske utsleppa. Sjølv om det er mitt forbruk, seier Aall.

Dei utsleppa som kjem av forbruket vårt er omtrent like stort som den offisielle rekneskapen, men har ein heilt anna samansetting.

– Biff, bil og bustad syner storleiksfordelinga - kor mykje me eter, korleis me bur og kor mykje me reiser. Nesten halvparten av utsleppa våre kjem frå flyreiser. Og då særleg til utlandet. Det er ingen land i verda som reiser så mykje som nordmenn, om ein ser vekk i frå øystatar som Island, seier Aall.

Desse faktorane står for 75 prosent av utsleppet. Samanlikna med andre land, slepper Noreg ut veldig mykje meir per person, nettopp fordi me er eit rikt land og fordi me har råd til det.

– Folk heng seg opp i tanken om eit lågutsleppsamfunn, men det er altså eit nullutsleppsamfunn me må få til om me skal stoppa den globale oppvarminga innan 2 eller 1,5 grader, seier Aall.

Må tru det er oppnåeleg
– Trur du det er mogleg å få til eit nullutsleppssamfunn?

– Me må tru at dette er oppnåeleg. Det moralske må vera at me må tru at me kan redusere utsleppa våre til innanfor 1,5 eller 2 gradersmålet, men så må me tilpassa oss med at me ikkje trur at det er oppnåeleg. Elles kan me gjere mykje feil, seier Aall.

Klimapolitikken består av to ulike strategiar. Den eine er å redusere utsleppa og det andre er å tilpasse seg klimaendringane. Meir flom, skred, dårlegare matproduksjon og klimaflyktningar er nokre av konsekvensane av klimakrisa.

– Som fagperson fryktar eg at me ikkje klarar det, men me må jobba for å redusere utsleppa og me må byrja no. Om grunnlaget for å produsere mat endrar seg, og det vil skje fort, så er det ein veldig dramatisk konsekvens, seier han.

– Folkevandring vil oppstå når det ikkje er mogleg å leve i visse område. Den sørlege delen av Europa vil bli som sørsida av Middelhavet er i dag. Sahara vil krypa nordover. Då vil søreuropearane rømma nordover. Ein les om tørke og brannar i Australia. Dette er menneskeskapt og ein del av klimaendringane. Nokre av desse ekstremhendingane byrjar å bli svært tydelege, seier Aall.

Ta den store klimaquizen!

Spelar klimaspel
Forskarane skal no spele klimaspelet med 65 hushald i Bergensområdet. Studentar frå fornybar energi i Sogndal har i tillegg testa ut spelet på 20 familiar i lokalområdet.

– Når me spelar dette klimaspelet med familiar ser me at folk har nokre feilaktige førestillingar om kor stort utsleppet deira er. Me hadde ein fyr som budde i Oslo som ikkje hadde bil. Han gjekk, sykla og tok buss til jobb, som sjølv rekna med at han hadde eit lågt utslepp. Så viste det seg at han var 50 prosent over landsgjennomsnittet. Grunnen til det høge utsleppet var at han åt veldig mykje biff og hadde sju flyreiser det året.

Då han skulle redusere utsleppet sitt med 50 prosent så byrja han med dei enkle tinga, som å sortere søppelet litt betre og sykla litt meir, eta økologisk mat av og til. Men det hjelpte ikkje. Då kom han nesten ned mot gjennomsnittet. Så til slutt måtte han bite i det sure eple og kutte ut både å fly og bli vegetarianar.

– Ein treng ikkje hoppe utfor stupet med ein gong. Lær deg opp til å bli vegetarianar. Start med å ete berre grønsaker ein gong i veka og et meir fisk. Om ein et sunnare, så er ein langt på veg klimamessig, seier Aall.

LES OGSÅ: Auke i klimautsleppa frå Noreg

Bensinprisfrykt
Målet til forskarane er å vekkje merksemda til politikarane og få dei til å setja i gong verkemiddel som påverka kvardagen til folk.

– Det er ein frykt politikarane har, også kjend som bensinprisfrykt. Det handlar om at når ein utfordrar den vanlege mannen og kvinna i gata, så stemmer dei ikkje på deg lenger. Det trur me at ikkje stemmer. Me trur folk er villige til å gjere endringar, men då må det ramma rettferdig og komme gode alternativ, seier Aall.

Dei ønskjer å syne kva folk er villige til å akseptere om dei forstår at dette blir gjort på ein ordentleg måte.

– Eit døme på tiltak er parkeringsrestriksjonar som dei kranglar om i Oslo. Me vil først ta dialogen med vanlege hushald og deretter med politikarane.

Noreg kan ikkje åleine ha veldig strenge reglar om fly om ikkje nabolanda følgjer etter. Difor håpar Aall at ved å samkøyra prosjektet med fleire land, vil det skapa liknande tiltak i fleire rike land.

Detaljert skjema
Hushalda skal fylla ut eit ganske detaljert skjema på nett om kva forbruket deira er. Basert på denne kartlegginga reknar forskarane ut utsleppet deira. Deretter må personane ta stilling til ulike klimavennlege tiltak.

– Personane får vita klimagevinsten, kor mykje pengar dei sparar og helseeffekten av tiltaka dei vel. Målet er at dei skal redusere utsleppa sine med 50 prosent, seier Aall.

Prosjektet er no i gong i Bergensområdet. Forskarane går ut i frå familiesamansetting, type bustad og inntekt.

– Det mest fornuftige me i den vestlege delen av verda kan gjere er å redusera kjøtforbruket. No er nordmenn nesten på linje med USA. Folk dagpendlar med fly frå Stavanger til Oslo. Noreg er blant dei landa med størst utslepp, men fordi me har vasskraft, er mykje av oppvarminga vår i prinsippet fri for utslepp, seier Aall.

Han meiner at nordmenn må gå tilbake til det same kosthaldet som ein hadde på 1950- og 60-talet. I tillegg me må klara oss med mindre areal, solceller, transport må elektrifiserast og me må reisa mindre.

LES OGSÅ: Smeltande is tippar kloden