Magasinett

Utskrift

– Utruleg trist at så mange bruker homoskjellsord

Skrive av Kristine Askvik .

Programleiar Silje Nordnes i NRK P3 trur det er mangel på kunnskap som gjer at ungdom bruker homoskjellsord. Foto: NRK

Halvparten av unge gutar og tretti prosent av unge jenter bruker homoskjellsord kvar veke, syner ny forsking. Programleiar Silje Nordnes i P3 reagerer.

 

 

– Det er utruleg trist at det er så vanlig å bruke homoskjellsord blant ungdom. Viss ein har problem med å akseptere den ein er frå før av, så veit eg av erfaring at det ikkje hjelper å høyre akkurat det ein er så usikker på om er greitt, verte brukt som skjellsord, seier Silje Nordnes. Ho er sjølv lesbisk.

Doktorgradsavhandlinga til Hilde Slåtten syner at ungdom i ungdomsskulen gjerne bruker skjellsord og kallenamn som ”homo”, ”homse” og ”lesbe” for å rakke ned på kvarandre eller for å tøyse, syner ei ny doktorgradsavhandling ved Universitetet i Bergen. Ho disputerte med avhandlinga 8.juni.

Slåtten har basert forskinga på eit spørjeskjema som 921 elevar på 9.trinn har svart på.

Avhandlinga syner at homoskjellsord som oftast vert brukt mellom vener, og at ungdommar ikkje ser ut til å ta skade av å bli utsett for slike skjellsord når det vert ytra blant vener.

LES OGSÅ: – Manglande trivsel i ungdomstida og opplevd mangel på mangfald i lokalsamfunnet ser ut til å vere ei viktig årsak til at ungdom flyttar frå, og ikkje ønskjer å flytte tilbake til bygda, seier Helga Eggebø, ein av forskarane bak rapporten «Skeiv på bygda»

Til dei ein ikkje kjenner
Men det utgjer ein skilnad om ein vert kalla til dømes ”homo” av ein person ein ikkje kjenner. Ungdommar som har opplevd å verte kalla slike ord av nokon dei ikkje kjenner, har fleire depressive symptom enn dei som berre har fått høre slike skjellsord frå vener.

Vi har spurt fire 14-åringar frå Bergen om kva for opplevingar dei har kring desse orda og korleis dei vert brukt.

– Her er det ikkje vanleg å seie ”homo”, men vi bruker ordet ”bøge”, seier Lars Aaseskjær Wilkinson. Han forklarer at ordet gjerne vert nytta når vener er irriterte på kva andre eller tullar med kvarandre.

– Når vi seier det er det berre på tull, seier Wilkinson.

Det er ikkje vanleg å seie dette til nokon ein ikkje er god ven med.

 
Jacob Wallestad (frå venstre), Lars Aaseskjær Wilkensen, Eira Sund Øvreaas og Maria Solheim Cornell meiner det er mest vanleg å bruke homoskjellsord på tull. Foto: Kristine Askvik 

Gutar og jenter
– Dette er noko som gutar seier til kvarandre. Vi jentene seier ikkje slike ord, seier Eira Sund Øvreaas.

Homoskjellsord er slik dei fire ungdomane oppfattar det, meir vanleg blant gutane. Det gjeld òg seksualiserte ord som ”MILF”, som tydar ”mother would I like to fuck”. 

– Eg visste ikkje kva det sto for. Eg synast ikkje det er greitt at nokre av gutane bruker slike ord om til dømes lærarar, seier Maria Solheim Cornell.

Gutane er einig i at slike ord ikkje bør brukast. Dei to jentene fortel at jentene gjerne bruker ”jævlig” og så eit adjektiv om dei skal banne eller utrykke sterke kjensler.

LES OGSÅ: – Eg har ein lapp som dottera mi skreiv til sonen min på 80-talet, då ho var seks år og han var ni år. Ho var frykteleg sint og skreiv: «dust, jevel, hommo». På andre sida av lappen står det berre «Du har stava jævel og homo feil», fortalde språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld då Framtida snakka med ho om banning gjennom tidene

I kombinasjon med mobbing
Avhandlinga syner at 50 prosent av gutane og 30 prosent av jentene sa at dei hadde kalla ein ven for ord som «homo», «soper» og «lesbe» den siste veka. 40 prosent av gutane og 26 prosent av jentene sa at dei hadde kalla nokon dei ikkje likte desse namna, medan 23 prosent av gutane og 13 prosent av jentene sa dei hadde kalla nokon dei ikkje kjente desse namna.

I kva grad lærarar slår ned på skjellsorda kjem ikkje fram i avhandlinga.

Resultata syner at det var aller verst for gutane som vart kalla ”homo” av nokon dei ikkje kjende, samstundes som dei vart utsett for mobbing.

I studien kjem det òg fram at gutane som hadde sterke førestillingar om korleis gutar bør oppføre seg, som til dømes at gutar ikkje bør dele kjensler med nokon, i større grad brukte homoskjellsord mot nokon dei ikkje likte eller kjente. Desse gutane bruker slike ord i større grad enn gutar som ikkje hadde slike førestillingar.

Fleire brukte ordet ”homo” når andre òg brukte det, og når det ikkje var nokon som hadde negative haldningar til at det vart brukt.

LES OGSÅ: Justin Bieber blei møtt med avsky og humor i ein britisk studie av tenåringar sitt forhold til identitet, maskulinitet og populærkultur

Kan stigmatisere
Sjølv om avhandlinga syner at homoskjellsord mellom vener kan virke uskuldig, meiner Slåtten at bruken bør reduserast.

– Eg meiner at homoskjellsord blant ungdomar bør førebyggast. Til trass for at avhandlinga viser at homoskjellsord mellom vener kan virke uskyldig, er det viktig å vere merksam på at bruken av homoskjellsord ikkje er harmlaus, fordi skjellsorda kommuniserer noko nedsettande om homofile og lesbiske som gruppe, og kan bidra til stigmatisering av homofile og lesbiske.

Nordnes meiner det er viktig å snakke masse om det med ungdom og informere om kor sårande det faktisk kan vere, for å kunne førebygge bruk av slike ord som skjellsord.

– Eg er ganske sikker på at mange ikkje meiner å såre nokon, men at det er mangel på kunnskap som ligg bak bruken av sånne ord. Kven som helst rundt oss kan slite med alt mogleg og det må vi alle vere bevisste på. Ingen har lyst til å såre ein venn.