Magasinett

Utskrift

– No er det trendy å kjøpe brukt

Skrive av Elise Løvereide .

– Vi kom akkurat, og tenkte å kikke, seier Renate Løvlid (til venstre) og Aleksandra Haugen. Dei merkar at det er trendy å kjøpe mindre nytt.

Nordmenn ligg på forbrukstoppen i Europa. Stadig fleire hoppar av forbrukskarusellen.

 

 

– Ein møter så mange herlige menneske på loppemarknad, seier dei fire medlemma i Landåspikenes bruktmarked. Dei har blitt gode venner, trass i forskjellig alder.

Jeanette Gramstad, Veronica Brudeseth, Maria Stenersen Waagø og Malin Iren Nes har brukt ein del tid på å planlegge bruktmarknad denne sundagen. Dei synest det er ein koseleg sundagsaktivitet å finne ting heime som dei ikkje treng, og så selje det vidare for ein slant.

Denne sundagen er dei også særs heldige med vêret: Det er 17 grader og sol i Bergen, og Slettebakken skule er full av loppe-entusiastar.  

LES OGSÅ: 7 av 10 gir vidare klede dei ikkje brukar sjølve

– Blir eit miljø
Det er takka vere Jeanette Gramstad. Fire år tilbake arrangerte ho open dag i hagen sin på Landås. 10 seljarar melde seg på, og hagen var full av gjestar. Andre gong kom det heile 24 seljarar.

– Framleis kan eg treffe på menneske som seier at dei har vore i hagen min. Det blir eit miljø rundt det, som er veldig gøy, seier ho.  

No er åtte damer aktive i Landåspikenes bruktmarked, og det er fleire gjengangarar både blant seljarar og kundar. Denne sundagen var det så mange interesserte seljarar at dei måtte ha loddtrekning.


Landåspikene (frå venstre) Veronica Brudeseth, Jeanette Gramstad, Malin Iren Nes og Maria Stenersen Waagø er alle loppisentusiastar.

– Dumt å kaste
I tillegg til det sosiale, meiner Landåspikene at det er dumt at så mange ting blir kasta:

– Det er for høgt forbruk i Norge. Heile den vestlige økonomien er bygd på forbruk. Med loppemarknad kan ting byte eigar, i staden for at dei hamnar i boset, seier Gramstad.  

– Eg er blitt meir bevisst på kva eg kjøper, seier Maria Stenersen Waagø.

Dei andre nikkar.

– Det blir mindre og mindre ting å selje for kvar gong, seier Gramstad, som har sin eigen bod denne dagen. Ho tilbyr både smykke og klede.

LES OGSÅ: Møt Marie Nord – motebloggaren som slutta å shoppe

 
 Eg hadde ein del arvegods. Det har forsvunne mykje her allereie, seier seljar Mette Espås.

Nordmenn handlar mest i Europa
Rundt om på dei andre bodene, finn ein gamle antikvitetar, bøker, leiker og pynteting. Mette Espås er ein av seljarane på marknaden, og er svært nøgd med salet:

– Eg har selt for 3600 kroner så langt. Dei fleste seljarane her er nok damer som har tatt ei opprydding heime, seier ho og ler.

– Merkar du at det er ei trend å kjøpe brukt?

– Ja. Det er førebels mykje større marknad for dette i Oslo enn i Bergen, men det finst bruktmarknad på Møhlenpris også.

Nordmenn generelt har eit høgt forbruk. Frå 1958 til 2007 har forbruket tredobla seg i Norge. Private hushald brukte i gjennomsnitt 436 000 kroner på varer og tenester i 2012, skreiv Statistisk Sentralbyrå i 2013.Same år skreiv Aftenposten at nordmenn har høgast forbruk i Europa: I 2012 var det personlege forbruket 37 prosent høgare enn gjennomssnittet for EU-innbyggarar.

Trendforskar Lisbeth Larsen trur at shoppingvanene til nordmenn har endra seg dei siste åra, og at fleire no er interessert i gjenbruk, og å ta vare på gamle ting.

– Vi begynner å bli lei av å gå i flokk. Vi ønsker individualitet. Ein må ikkje ha seks like tallerkenar for å be seks personar på middag. Det å ha éin frå loppemarknad, éin frå tanta og éin frå innflyttingsgåve kan vere like stilig. Kva er så kult med å vere som alle andre, seier Larsen til Framtiden i våre hender.

LES OGSÅ: 6 av 10 foreldre opplever kjøpepress


– No arrangerer vi bruktmarknad ein gong i månadan. Men vi gjer det ikkje for pengane, seier Jeanette Gramstad.

– Ein skattejakt
Landåspikene kan skrive under på at brukt har blitt meir trendy.

– Eg trur folk er meir bevisste på forbruket sitt, særleg på grunn av miljøet. Mange har kanskje sett seg leie av å hamstra ting, seier Stenersen Waagø.

– Ei dame sa til meg i dag at «lommeboka mi smiler når eg er her». Det var så godt sagt, meiner Brudeseth.

Saman såg dei altså at behovet for ein bruktmarknad var til stades.

– I tillegg er det spennande at det er nye ting kvar gong. Det kan vere klede som kjem frå London eller New York. Sjølv kallar vi det ei skattejakt, seier Gramstad.  

LES OGSÅ: Klede er aldri boss