Magasinett

Utskrift

– Kven avgjer at fridom er å ta av seg klede?

Skrive av Elise Løvereide .

 – Vi lærer for lite om islam på skulen. No studerer eg Midtausten-historie, fordi eg berre lærte om Vesten på skulen, seier SKAM-skodespelar Iman Meskini (midten). Her i debatt med Mawra Mahmood og ordstyrar Oda Bjerkan.

Amina Bile, Mawra Mahmood og Iman Meskini har ein tydeleg beskjed: Muslimske kvinner ønsker ikkje å bli snakka for, eller om. Dei vil snakke sjølv.

 

Saman med Amina Bile (student og samfunnsdebattant) og Mawra Mahmood (forretningskvinne) tok SKAM-skodespelar Iman Meskini turen til Bergen for å diskutere korleis det er å vere ei ung, muslimsk kvinne i Norge.

Trass i ein tidleg morgon, stod studentar i kø langt ut i gata for å få med seg arrangementet, i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Det er tydeleg at temaet engasjerer.

Les intervju med forfattar Namra Saleem: – Tabu å velje annleis.

Muslim og feminist
– Kva meiner dykk om omgrepet feminisme, er det første ordstyrar Oda Bjerkan spør om.

– Eg er forsiktig med å bruke ordet feminisme. Men eg er bevisst på at Koranen til alle tider har blitt tolka av menn. På grunn av kultur og utvikling har kvinnene mista posisjonar som lærde, seier Iman Meskini.  

Amina Bile er på den andre sida ikkje redd for å kalle seg feminist.

– Er du ikkje feminist, er du heller ikkje for likestilling, slik eg ser det.  

Mawra Mahmood er ueinig.

– Feminisme handlar mykje om kamp og gruppering. Det bør vere implisitt at ein skal vere fri til å gjere det ein vil, og at det til dømes skal vere like mange kvinner i eit styre. Muslimsk feminisme er eit ekskluderande omgrep. For meg gjeld likestilling like mykje for alder og religion som for kjønn, seier ho.

«Nokon seier at ei muslimsk kvinne må kaste hijaben for å bli fri. Men må ho eigentleg det?» spør Assad Nasir i dette innlegget om å vere ung muslim i Noreg.

– Hijaben skapar tilhøyrsle
Dei tre er likevel samde i at dei som muslimske kvinner kjempar to kampar: Ein mot ukultur i muslimske kretsar, og ein mot fordommar blant ikkje-muslimar.

– Eg meiner muslimske kvinner og ikkje-muslimske kvinner kjempar den same kampen. Det handlar om å ta eigne val. Det må vere opp til ein sjølv, meiner Bile.

– Vi har det til felles at vi er kvinner. Men kven avgjer at fridom er å ta av seg klede, eller at  fridom er å ta på seg klede, spør Meskini.

Mahmood peiker på at det også er reglar for korleis menn kler seg. 

– Dei blir tilrådde å ha skjegg og gå i lause klede. Undertrykking og tvang har ikkje noko med islam å gjere, men kjem frå kultur og folk sine politiske agendaar. Ein er ikkje undertrykt som muslimsk kvinne, meiner Mahmood.

Meskini legg til at Gud veit best. Dersom Gud pålegg ho å nytte hijab, så gjer ho det.

– Hijab gjer at vi føler tilhøyrsle med andre muslimske kvinner. Eg speler kanskje den første kvinna med hijab i ein norsk serie, og det er bra at vi blir synlegare.

Frå venstre: Ordstyrar Oda Bjerkan, saman med Mahmood, Meskini og Bile, som ikkje trur det hadde vore enklare å vere muslim i Norge dersom det var eit meir religiøst land. - Det er viktig at vi ikkje er "oss og dei", men at vi kan skape eit vi, seier Iman Meskini.  

Går ut mot fordommar
Når debatten går over til fordommar mot muslimar, er dei tre klare på kva dei meiner:

– Det er fort at muslimar blir portrettert generaliserande i media. Muslimske menn får hets for å tvinge kvinner til å kle på seg, medan ikkje-muslimske menn slepp hets for å tvinge kvinner til å kle av seg, seier Mahmood.

Meskini fekk ein gong eit ark om islam og tvangsekteskap av læraren sin. Ho fortel at det var det læraren sjølv tenkte var dekkande for islam.

– Det er mange som ikkje veit så mykje om islam, det gjeld også somme muslimar sjølve. Det at det har blitt litt «oss og dei» kan også vi muslimar bli betre på å gjere noko med, seier ho.

LES OGSÅ: Med niqab på scena vil dansegruppa «We’re Muslim Don’t Panic» bryta ned fordommar

– Allah gjer ikkje feil
Dei er alle leie av å bli snakka om og snakka for som muslimske kvinner. Meskini understrekar at norske muslimar er like forskjellige som andre.

– Mange blir overraska over at vi speler basketball, eller engasjerer oss i ulike ting. Og så trekker dei konklusjonar om at vi er «spesielle muslimar».

Ordstyrar Bjerkan spør så om islam treng kritikk.

– Det er viktig at folk er kritiske, og islam oppmodar folk om å søke kunnskap, seier Mahmood.

– Men det er menneska, og ikkje islam som treng kritikk, meiner eg. Allah gjer ikkje feil, avsluttar Meskini.