Magasinett

Utskrift

Skjult sanning om skjult mobbing

Skrive av Sigrid Sørumgård Botheim .

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Gutar slåss og gjer opp med kvarandre der og da, medan jenter driv meir med psykisk terror. Har du òg høyrt denne påstanden? Kanskje har du sagt det sjølv? Eg har sagt det mange gonger: «Jenter er meir utspekulerte enn gutar.» Men dette stemmer faktisk ikkje – kvifor etablerer slike sanningar seg?

 

Ingunn Eriksen (NOVA) og Selma Therese Lyng (AFI) har fylgt lærarar og elevar ved tjue ulike skular for å kartlegge skulemiljø og mobbing. Dei fekk stadig høyre at det var jentedrama som var problemet, men det skulle vise seg at funna deira var heilt motsett.

Gutar er like utsett for skjult mobbing som jenter. Kjønnsskilnaden ligg ikkje fyrst og fremst i måten ein blir mobba på, men moglegheita for å få hjelp. Fordi det har vore mykje større merksemd rundt skjult mobbing blant jenter, har det vore vanskelegare for gutar å faktisk forstå at dei har blitt mobba.

Når gutar har opplevd å bli utfryst, har dei ikkje tolka det som mobbing – men som at dei faktisk er mindre viktige enn dei andre. Studiar viser òg at gutar både mobbar meir og blir mobba meir enn jenter. Når vi veit at unge gutar er høgt representerte på sjølvmordsstatisikken, er det all grunn til å ta denne informasjonen svært alvorleg.

Fordi direkte mobbing er mest utbreidd blant gutar, har skjult mobbing vorte sett på som eit jentefenomen. Tanken om at det må vera skilnad på kjønna, gjer at ein blir blind for det som faktisk skjer. Dette er skadeleg for båe kjønn. Det er lett å tenkje at likestilling berre handlar om kvinner, men å generalisere er dumt for alle. Når det blir vanskelegare for gutar å seia i frå om indirekte mobbing fordi det er «jentete», da har vi eit problem. Både fordi det går utover dei som fell utanfor dei etablerte sanningane om kjønna, og fordi det å vera «jentete» eller «feminin» blir brukt som noko negativt.

Eit kjapt søk på google med søkeorda «jenter + gutar + mobbing» viser ein stor variasjon i dei overskriftene som dukkar opp. «Gutter og jenter mobber likt» seier ein artikkel frå forsking.no.

Blant fakta om mobbing frå Uni Research står det at langt fleire gutar enn jenter mobbar, og at det ikkje er nokon skilnad på kjønna når det gjeld digital mobbing.

Samtidig dukkar ein artikkel frå NRK Super opp som heiter «Hvorfor mobber jenter mer enn gutter?» Ei personleg historie frå ei jente som har opplevd å få stygge meldingar på Snapchat blir fylgt opp med ei avstemming over kvifor jenter mobbar mest på nett. Svaralternativa er 1) fordi jenter er meir på nett og sosiale medium 2) fordi ein er sjalu 3) fordi det er lettare når ein ikkje ser personen 4) jenter er meir kranglete. Det er synd at ein seriøst aktør som NRK Super opprettheld slike falske oppfatningar, når all forsking seier noko anna.

Det har vore mykje merksemd i samfunnet vårt om å redusere mobbing. Som studien til Eriksen og Lyng viser, så går dette hand i hand med likestilling. Det er vanskeleg å gjera noko med det eine utan å gjera noko med det andre. Å dele mobbing opp i gamaldagse kjønnsrollemønster er iallfall ikkje vegen å gå.

Lenke til artikkelen om Eriksen og Lyng: http://kjonnsforskning.no/nb/2016/08/gutter-mest-utsatt-skjult-mobbing