Magasinett

Utskrift

Kom ut av skapet på Instagram for å sleppe bygdesnakk

Skrive av Elise Løvereide .

Etter at Idar kom ut som homofil for eit år sidan, har han berre fått positive tilbakemeldingar. - Men eg har blitt kalla homo på byen. Det er sårande at homo blir brukt som skjellsord, seier han.

Idar (20) frå Kvinnherad kom ut som homofil på Instagram. No er han klar for å ta kampen om å ein gong få lov til å gifta seg i kyrkja.

 

 

– Eg er frå ein liten plass der alle kjenner alle, og ville ikkje at folk skulle byrje å snakke. Dei måtte høyre det frå meg.

Det seier Idar Sundal Rangsæter (20) frå Rosendal. I fjor sommar publiserte han bildet på Instagram der han held opp handa med skrifta «I’m gay».

 Bror min kunne spørje meg om korleis det gjekk med damene. Eg gjekk gjennom vidaregåande utan å seie noko, fordi eg var redd for å miste vennene mine, fortel Idar.

 Her kan eg vere meg sjølv
Han hadde aldri vore vant til at homofili var noko ein prata om i Rosendal. Ved å stå fram ville han skilje seg ut.

 Det er ikkje kjekt å vere åleine i situasjonen. Eg tenkte jo at alt berre var ein fase, og at det ville gå over. Men det gjorde det jo ikkje.

For eitt år sidan flytta Idar til Bergen for å studere eigedomsmekling på BI. Der har han fått fleire vener som er homofile.

 Her i Bergen er det ingen som bryr seg, og ein kan vere seg sjølv. Det er befriande. Eg synest likevel det er dumt at ein må flytte for å kunne vere seg sjølv, seier han.

I følgje Idar er det i Rosendal er det fleire konservative kristne, og ein del kristne som er mindre aktive. Han kallar også seg sjølv kristen.

Ingen vil vie homofile i Kvinnherad
I april sa Den Norske Kyrkja ja til å vie homofile. Men enkeltprestar kan framleis reservere seg – det har ført til at ingen prestar i Kvinnherad vil vie homofile.

Då Idar høyrde det, kasta han seg i debatten.

 Det er framleis mykje negativitet rundt det å vere homofil i dag, og det er sårande. Eg forstår at nokre vil reservere seg mot å gjere noko dei ikkje vil. Samstundes må ein jo ofte det i arbeidslivet, seier han.

Idar blei intervjua av Kvinnheringen om emnet der ein av prestane, Kjetil Kringlebotten, tok til ordet mot homofil vigsel.

 Det står klart i Bibelen at ekteskap er mellom mann og kvinne – ikkje berre heterofilt, men også monogamt. Det betyr ikkje at andre deler av samfunnet ikkje skal tilby det, seier Kringlebotten til Framtida.

Han er ein av dei fire faste sokneprestane i Kvinnherad kommune. Kringlebotten er ikkje kjend med at homofile i kommunen har spurd om å bli via.

 Kva synest du at kristne, homofile skal gjere?

 Det er eit vanskeleg spørsmål. Som kristne har vi eit kall om å følge Vår Herre, som seier klart kven ekteskapet er for. I vigselsliturgien velsginar presten ekteskapet, og mange prestar vil ikkje velsigne noko som Gud ikkje ønskjer at skal velsignast.

Sjølv om kyrkjemøtet sa ja til vigsel av homofile i april, er liturgien enno ikkje på plass. Ifølgje Kringlebotten blir dette tatt opp på neste kyrkjemøte i 2017.

Forbind bryllup med kyrkja
Idar forstår at nokre prestar ikkje vil, men synest det er dumt at det gjaldt alle saman. Først og fremst vil Idar ha ein prest som ønskjer å vie han.

 Det er mange ting som står i Bibelen som folk har tatt avstand frå. Så kvifor gjeld ikkje det homofili, spør han.

– Kvifor vil du gifte deg i kyrkja når prestar nekter å vie homofile?

– Eg får ofte det spørsmålet. Men det handlar om at eg skal kunne gjere det same som alle andre. Sjølv forbind eg bryllup med kyrkja, seier han.

– Korleis hadde du hatt det om du måtte leve som heterofil?

– Eg hadde aldri blitt lykkeleg. Eg har aldri vald å vere homofil. Tvert om har eg alltid ønskt at eg ikkje var det. Det hadde spara meg for masse energi og krefter gjennom åra. Men no har eg akseptert det, seier Idar.

 Eg krev ikkje spesialbehandling
Han trur det er fleire ungdomar på heimstaden som slit med å kome ut som homofile.

– Eg veit om eit par andre homofile, men dei seier jo at kvar tiande person er det. Eg håpar at dei som er unge og usikre kan tore å komme fram viss eg fortel mi historie.

Når den tida kjem, håpar Idar at han kan bli via i kyrkja av ein prest som ønskjer det.

 Eg krev ikkje spesialbehandling. Eg vil berre vere normal, og å få den same respekten og dei same rettene som andre. Eg håpar ein dag at det å vere homofil er like naturleg som å vere heterofil, avsluttar han.