Magasinett

Utskrift

Innvandrarar kjem til biblioteka for å lære norsk

Skrive av Elise Løvereide .

– Eg har nett vore på jobbintervju, fortel Maliha Rahman frå Bangladesh (til venstre). Ved sidan av sit Vinathi frå India, Sidi Muray frå Eritrea, Natali Kopychko frå Ukraina, Quynh Nga Nguyen frå Vietnam og Klaudia frå Polen.

– Ein gut frå Somalia sa til meg ein gong at det var to plassar han kunne gå utan å bli mistenkeleggjort: På fotballbana, og på biblioteket, seier Siv Røyneland, som driv språkkafé i Bergen.

 

Mange innvandrarar kjem til biblioteka for å lære meir norsk. Eit av tiltaka som finst, er språkkafè, som det blir stadig fleire av. På språkkafèen ved Bergen Offentlege Bibliotek kan folk kome kvar onsdag for å prate norsk med andre. Settingen er uformell, og grupperingane per bord er tilfeldig.

– Til vanleg er det rundt hundre personar her, men i dag er det berre rundt 70, estimerer Siv Røyneland.  

Møt Olivia Lasky – amerikanaren som brukar norsk for å sjokkera!

Hundre stykk kvar veke
I lag med Alf Kåre Blindheim har ho ansvar for språkkafeen i Bergen sentrum. Prosjektet starta for seks år sidan, og har no blitt utvida til Åsane, Nesttun, Fana og Landås. Rundt kvart bord sit ein nordmann for å leie samtalen rundt temaet for veka – ofte er dei pensjonistar eller lærarar.

– Dei som kjem kan vere flyktningar, arbeidsinnvandrarar, eller folk som vil støtte ektefellen. Og det er innvandrarar frå heile verda, seier Røyneland.

Ein av dei er Paula Julieta Berntzen. Ho kjem frå Costa Rica og har kome på språkkafè kvar veke sidan påske.

– Mannen min kan snakke spansk, så det blir ikkje mange samtalar på norsk. Eg synest ikkje det er vanskeleg å skrive eller lese norsk, men munnleg er det verre, seier ho.  

Dei andre ved bordet er samde. Særleg er det U og Ø som er vanskeleg å uttale.

– Her tør alle å prate norsk. Ein treng ikkje prate perfekt. Både professorar og analfabetar kjem hit, seier frivillig Malmfrid Sletteland.

LES OGSÅ: Flyktningar lærer norsk i rekordfart

– Norsk er ikkje vanskeleg å skrive eller lese, men munnleg er det verre, synest Paula Julieta Berntzen frå Costa Rica. Ho kjem på språkkafè kvar veke for å lære meir norsk.  

– Må kunne norsk
Dei fleste på språkkafeen er jobbsøkarar og vil lære norsk for å få innpass i arbeidslivet.

– Det er viktig å kunne norsk for å få jobb i Norge. Alle krev gode norskkunnskapar, seier Liz Hamilton frå Storbritannia.

I 2012 peika Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet på ein klar samanheng mellom norskkunnskapar og mogelegheiter i arbeidslivet for innvandrarar. Å skaffe seg jobb er samtidig ein av dei viktigaste måtane å bli integrert på.

– Ein kjem inn i samfunnet gjennom språk, og forstår den norske verda gjennom dette. Slik er språk eit fundament for å lære dei kulturelle kodane i landet, seier Haci Akman, professor i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen.  

Han understrekar at språk ikkje er den einaste faktoren for å bli integrert, då det til dømes nyttast mykje engelsk i arbeidslivet. Men språk er likevel eit kommunikasjonsreiskap for dialog, og såleis for å uttrykkje seg i det daglege.

– Språk er ikkje berre ord, men også lydar som må oppfattast. Å få opplæring i norsk er identitetsbyggjande. Utan språk, ingen deltaking, seier han.  

Møt britiske James Puchowski – utvekslingsstudenten som vart med i Studentmållaget!

Alle er aktive jobbsøkarar. – Vi har lyst til å få jobb i Norge, men god norsk er ein føremon, seier britiske Liz Hamilton (andre frå venstre). Frå venstre: Rod Neill frå Storbritannia, Dominika Marinicous frå Slovakia og frivillig Malfrid Sletteland. 

– Like givande for nordmenn
Akman får støtte frå språkvitar Åsta Haukås, førsteamanuensis ved UiB.

– Norskferdigheiter er sjølve universalnøkkelen til integrering, ikkje berre for å få jobb, men også for å få venner og for å forstå det nye samfunnet innvandrarane har kome til. Det er vanleg i Noreg å få jobb gjennom vener og kontaktar, så viss innvandrarane står utanfor slike nettverk grunna manglande norsk, stiller dei svakt på arbeidsmarknaden, seier ho.

– Kor nyttige kan språkkafear vere i å lære seg norsk?

– No dukkar det opp språkkafear over heile landet der nordmenn og innvandrarar møtest for å samtale om ulike tema. Dette er svært nyttig for dei som skal lære norsk, men truleg minst like givande for nordmenn. Gjennom å hjelpe andre kan nordmenn bli meir medvitne om eigen språkbruk. Samstundes får dei innsikt i andre sine kulturar og tenkemåtar.

På eit bord sit seks kvinner frå seks ulike land. Det dei har til felles no, er norsk språk.

– Vi har alle lyst til å jobbe her i Norge. Gjennom språkkafeen kan vi møte andre å øve med, seier Quynh Nga Nguyen frå Vietnam.  

Dei fleste synest ikkje det er vanskeleg å bli kjent med nordmenn.

– Men når ein er heime og søker jobb, er det ikkje så sosialt. Då er det bra å kunne prate med andre i same situasjon og samtidig lære meir norsk, seier Liz Hamilton.  

Les også om rumenske Iosef Szamboti, som fekk norskkurs av arbeidsgjevaren: – Nordmenn er mykje hyggelegare no

I lag med Alf Kåre Blindheim driv Siv Røyneland språkkafeen på Bergen Offentlege Bibliotek. – Dei aller fleste lærer bokmål på norskkurs, og kan føle at det er vanskeleg å forstå dialektar, seier ho.