Magasinett

Utskrift

Fiske kan redde oss – og øydelegge hav

Skrive av Synnøve Ofte Jakobsen .

 Fiske vert stadig viktigare, men er langt frå uproblematisk. Foto: Greg Clarke/Flickr/CC BY-ND 2.0-lisens

Effektivt fiske betrar mattryggleiken og sysselsetjing for svært mange menneske, men utviklinga har ei bakside. 

Havas helse har kome meir på dagsorden dei siste åra, hovudsakleg takka vere klimaendringar. Overfiske høyrer ein mindre om, sjølv om dette faktisk er ein av dei største problema for hava.

Overfiske er når fangst går så fort og i så store mengder at fiskebestanden ikkje rekk å reprodusere seg sjølv, og dermed døyr ut. I ein rapport frå FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) kjem det fram at nesten ein tredel av dei undersøkte områda er ramma av overfiske. Kring  60 prosent av områda er fullt utnytta og under ti prosent er underfiska. I takt med at fiskeria vert meir effektive og dei underfiska områda vert færre, vert det fleire overfiska område.

LES OGSÅ: Staten i grumsete farvatn

Unøyaktig fangst
Overfiske har også andre uheldige effektar. 

Sjå for deg ein lastebil på veg til slakteriet. Anten det er storfe, svin eller noko anna som skal bli til mat, består heile lasta av det riktige dyret; ein finn ikkje grevlingar og kråker i ein bil lasta med storfe.

Eit fiskegarn er ikkje som ein slaktebil. I dag kan store kommersielle fiskeskip nytte garn opp til to kilometer breie. Då får skipa stor fangst, men ein fangar ikkje berre den fisken ein er ute etter. I garna kjem også andre fiskeslag, delfinar, skilpadder, fuglar, korallrev, hai, og anna. Det er usemje om kor mykje biomasse som blir fiska opp og slengt over ripa att, stort sett døde eller døyande, men det mest konservative anslaget er på 7,3 millionar tonn årleg (sjå Davies m.fl.). Til samanlikning var Noregs totale fiskeproduksjon i 2015 på 2,3 millionar tonn.

Fiske påverkar altså heile økosystem. Målet er ikkje å gjere store fiskeriselskap til skurkane, slik naturvernarar ofte blir skulda for å.  Det er å finne ut korleis ein kan drive industri på lang sikt.

LES OGSÅ: WWF-rapport: Det står dårleg til med hava

Usamde akademikarar
I akademia er det usemje overfisket i verda er ei krise eller ikkje. Lite nyanserte framskrivingar og bruk av usikre data er hovudargumenta mot dei mest dramatiske perspektiva. Å vente på at akademiske miljø skal bli einige om kor prekær situasjonen eigentleg er, er nok likevel inga god løysing.

Skulle det vise seg at dei har rett, dei som hevdar fiskeria globalt vil kollapse innan 2048 fordi hava rett og slett er tomme (FAO s. 46), kan ein ikkje vente til 2048 med å gjere noko. Politisk kan ein ta forhandsreglar for å sikre mat, arbeidsplassar og økosystem for framtida, og ta diskusjonen for eit større publikum.

Ålmenta har også interesse av at overfiskeproblemet blir løyst før det går for langt, både av omsyn til eigne middagar og på samfunnsplan. Økonomisk sett er fiskeri nemleg ei svært viktig næring. Den totale verdien fisk vart eksportert for globalt i 2012 var 129 milliardar dollar, og av det var fisk for 70 milliardar dollar eksportert tilutviklingsland (FAO s.44).

LES OGSÅ: Ho skal hacke havet

Fiskebåt utanfor Marbella i Spania. Foto: Hernán Piñera/Flickr/CC BY-SA 2.0-lisens

Lær ein mann å fiske...
Det er nemleg særleg i utviklingsland at fisket er viktig. I ei verd med stadig aukande befolkning blir mattryggleik stadig viktigare.

Eit døme: FNs andre berekraftsmål er å utrydde svolt. Etterspørsel etter fisk og sjømat har auka støtt dei siste åra, og vil halde fram med det. Til dømes ventar FAO at i Kina aleine vil etterspurnaden doblast innan 2030 (FAO s.30). Fangstfiske og akvakultur (t.d. oppdrettsfisk) er eit svært viktig ledd i å takle matbehovet verda kjem til å stå ovanfor i framtida.

Vidare er fiskeri og andre tilknytte næringar ein viktig arbeidsgjevar på internasjonalt nivå, frå store multinasjonale eksportørar til lokalt småfiske. Det er berekna at 10-12 prosent av verdas befolkning er avhengige av fiske og akvakultur som levebrød (WWFs. 42). Ved å finne gode løysingar for korleis fiske skal drivast, kan ein sikre sysselsetjing og mogelegheit til å livnære seg og sine på eigenhand for millionar av menneske (FAO s.34).

LES OGSÅ: – Unge må velje fiske som leveveg

Viktoriansk fiske?
«(...)nothing we do seriously affects the number of the fish,»
sa den britiske forskaren Thomas Henry Huxleypå ei fiskeriutstilling i London i 1833. Når det kjem til fiske, sit haldningar frå før Victoria-tida att. Me kan ikkje lenger vere naive om kva påverknad me har på hava.

EU hevdar sjølv å vere den fjerde største aktøren i internasjonal fiskeindustri. Dei er no i gang med å planleggje maksgrenser for kor mykje kvart medlemsland har lov til å ta opp. WWF utlovar årleg 30 000 amerikanske dollar til den som har den beste ideen til nye fangstmetodar som minkar bifangst. Ein byrjar å ta grep, men det går sakte.

Noreg er på si side den 11. største fangstnasjonen i verda, så norsk fiskeripolitikk er faktisk ei greie. Difor er det besynderleg at så få veit nok til å ha særlege sterke meiningar om fiske. Fiskeriminister Per Sandberg er god til å bli lagt merke til elles, forhåpentlegvis kan han setje søkeljoset på fiskeripolitikken også.

Eg kryssar fingrar og tær og alt eg har for at Sandberg vil ta miljøspørsmåla knytt til korleis me tener pengar på havet alvorleg , og at han vil gjere aktuell fiskeripolitikk meir tilgjengeleg «for folk flest».

LES OGSÅ: Globalt samarbeid skal redde verdshava