Magasinett

Utskrift

– Musikken er min medisin

Skrive av Elise Løvereide .

Tone Rose Bratland er klar til å ta fatt på karreira sommusikar.

For artist Tone Rose Bratland (25) er livet kontrastfylt. Sjølvmordstankane har følgd henne nesten heile livet, men er også kjelde til det ho lever for – å lage musikk.

 

– Eg vaks opp med folkemusikk. Ein gong vann eg norgesmeisterskap i fløyte, seier Tone Rose, syster til folkmusikar Ingebjørg Bratland. 

I stova har ho keyboard, gitar, høgtalarar og anna utstyr. Songane byrja ho å skrive allereie på barneskulen. Som 16-åring flytta ho frå heimstaden Vinje i Telemark for å gå på musikkgymnas i Os.

Men på gymnaset sa det stopp.

– Det var noko som skjedde. Eg strøyk i fleire fag, og blei kasta ut av skulen. Ting stemte ikkje med forventningane, fortel ho.  

I ettertid har Tone Rose levd av musikken på fulltid. 10. september song ho på Festplassen i Bergen i høve dagen for førebygging av sjølvmord. Mellom anna dedikerte ho ein song til musikaren Benedikte Skogøy Innvær, som tok livet sitt i ein alder av 19.

– Historia hennar gjorde sterkt inntrykk på meg. Benedikte hadde platekontrakt og ei lys framtid. Likevel ønskte ho ikkje å leve.

LES OGSÅ: Maria Bokneberg: – Vi kan redde mange ved å snakke om sjølvmord

Ville ta sjølvmord på 23-årsdagen
Mor til Benedikte, Anita Skogøy, fortel at Tone Rose har blitt hennar favorittartist:

– Eg syntest det var veldig modig av Tone Rose å stå fram på markeringa av Leve sitt arrangement i høve Verdsdagen for førebygging av sjølvmord. Det å slite med sjølvmordstankar må vere det vondaste som finst, seier Skogøy.

Ho fortel at Tone Rose fekk høyre om Benedikte då EP-en kom ut, ein månad etter sjølvmordet.  

– Tone Rose kontakta meg ganske fort. Eg var langt nede, men det varma meg å høyre frå henne. Det kjennast godt at musikken til Benedikte hadde treft henne. Benedikte sin draum var at musikken hennar kunne hjelpe andre med å sette ord på kjenslene sine, og å få hjelp. Tone Rose lagar musikk som trøystar og får ein til å kjenne på smerta i livet, seier Skogøy.

Tone Rose har sjølv hatt alvorlege sjølvmordstankar. Ho bestemte seg for å ta livet sitt på 23-årsdagen. Men berre to månadar før fekk ho medisinsk behandling som gjorde at mykje av den kroniske migrenen letta.  

– Det er utruleg herleg å vakne opp utan å ha migrene kvar einaste dag.

Inn og ut av psykiatrisk avdeling
For Tone Rose er det kvardagen som er best. Høgtidar verst. For mange lydar, for mykje lys, for mykje lukt.

Som barn blei Tone Rose diagnostisert med Asperger syndrom. Det har gjort at ho har slitt mykje med å klare ting som for andre er enkelt.

Fleire gongar har ho vore innlagt på psykiatrisk avdeling ved Haukeland. Ein gong møtte ho ei dame som heitte Cecilia. For andre var Cecilia sjuk, og hadde fleire personlegdomar. Men for Tone Rose var ho berre Cecilia.

– Nokre av dei sterkaste personane eg har møtt, har vore på psykiatrisk. Mykje av musikken min er dedikert til dei, fortel ho.

Kroppsspråket til Tone Rose er livleg og positivt. Når ho får spørsmål om sjukdomen, ler ho høgt.  

– Det er berre sånn eg er. Men iblant kan det vere vanskeleg å bli forstått, og då føler eg at eg kan uttrykke meg betre gjennom musikk. Musikk er min medisin, seier ho.

– Menn som prøver å overkøyre deg
Fleire av songane handlar om dei psykiske vanskane, til dømes «Håp», «Read My Mind», og «Likegyldig».  

– Den eine tingen eg kan, er musikk. Men bransjen er veldig mannsdominert, med menn som prøvde å overkøyre meg, og gjere musikken min ugjenkjenneleg. Mine verdiar er å vere seg sjølv. Då vil eg heller nå toppen langsamt på dei rette premissa.

Derfor har ho blitt produsent av eigen musikk, og lagar også musikkvideoane sjølv. Det gjev meistringskjensle.  

Bokdebuterer med Bipolar Superstar: – Skamma var femti prosent av problemet for meg

– Kombinerer suksess og liding med glans
Etter årevis med sjukdom og dårleg sjølvtillit, er Tone Rose no klar på å ta fatt på livet.

– Eg har levd eit dobbeltliv og brukt tid på å skjule ting. No vil eg heller vere open om diagnosane og sjølvmordstankane. Eg bryr meg ikkje lenger om folk ler av meg, eller kallar meg rar, seier ho.  

Men Tone Rose vil heller ikkje at diagnosane skal utgjere hennar identitet.

– Eg vil vere menneske, først og fremst. Men eg vil òg seie at eg kombinerer suksess og liding – med glans.  

LES OGSÅ:
– Du treng ikkje forstå den psykisk sjuke

Fleire unge som slit psykisk tek kontakt med lege

Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjere sjølvmord