Magasinett

Utskrift

Barnslig målar monster over heile Bergen

Skrive av Elise Løvereide .

 Barnslig har måla monster i Bergen i sju år. Blekkspruten med fjell var på et lovlig hus i Sandviken, men dei diverre borte, fortel kunstnaren. Foto: Barnslig

Ho har måla kunsten sin over heile Bergen by dei siste sju åra. Framtida blei med Barnslig på gatekunst-tokt.

 

– Det er positivt at det kjem litt fargar på elles grå veggar.  

Framtida møter Barnslig i Bergen sentrum, og blir med på eit «mission», som gatekunstnarane kallar det. Ho skal spraye ein vegg ein stad ved Korskirkeallmenningen.

– Eg har eit univers som monstera lever i. Dei er litt skumle og litt søte. Eg liker å putte humor og kjensler i monstera som karakterar. Av og til tar eg med eit sitat frå ein songtekst, fortel Barnslig.

I 2009 flytta gatekunstnaren til Bergen for å studere kunst. Sidan har ho markert seg i byen med søte monster i alle slags fargar.  

– Eg fekk personleg glede av å gjere det, og håpar at det gjeld dei som ser det òg. Det berre fall meg naturleg å byrje med, fortel ho sjølv.

LES OGSÅ: Med graffiti på timeplanen

Får eit kick av å gjere det
Heilt sidan barndomen på Austlandet har Barnslig vore oppteken av graffiti og hip-hop. Ho kjøpte seg eit målesett og starta med klistremerke og paste-up. På sistnemnde nyttar ein tapetlim eller limstift på eit papir. Klistremerka finn fort vegen til lyktestolpar og el-boksar.

– Nokre stadar er lovlege å dekorere, medan andre er ulovlege. Du får eit adrenalin-kick av å gjere det, men eg er aldri redd, seier ho.  

Trass i at fleire av gatekunstnarane i bergensmiljøet har fått bøter, skremmer det dei ikkje frå å halde fram.

– Eg prøver å vere Barnslig så mykje som mogeleg. Politiet er nok oftare ute etter dei som taggar heile veggar, men eg synest det er bra at det blir meir toleranse for gatekunst etter kvart.  

Trur at Barnslig er ein mann
At noko av gatekunsten er ulovleg, gjer at Barnslig ønskjer å vere anonym. Men ho synest også at det er bra med litt mystikk rundt kunsten hennar:

– Mitt andlet treng ikkje vere forbunde med kunsten. Det er ingen løyndom at eg er kvinne, men det er ikkje ein del av poenget heller. Og eg har høyrd mange som omtalar Barnslig som mann.

Denne veggen ved teateret i Bergen fekk Barnslig lage lovleg saman med Anne Angelshaug og Gunvor Rasmussen. Dei brukte to dagar på å sette opp kunstveggen. Foto: Elise Løvereide

Ho er ei av få kvinner i miljøet, og det var via kompisar at Barnslig blei ein del av det i første omgang. I lag eller åleine lagar dei kunst på gata både dag og natt. Men sjølv om politiet ikkje alltid er ute etter gatekunstnarar, kan også vanlege folk hisse seg opp.

– Det har hend at venner av meg har vorte banka opp av vanlege folk som hissar seg opp over det vi gjer. Ein gong fekk eg masse kjeft av ein huseigar som ikkje likte det eg måla. Trass i at kommunen hadde gjeve meg lov til å bruke veggen.  

– Kva vil du formidle med gatekunsten?

– Eg ønskjer at kunsten kan snakke for seg sjølv. Eg vil eigentleg berre uttrykke meg som eit kreativt menneske. Dei ulike tinga eg lagar formidlar ulike bodskap, seier Barnslig.  

Målet er at den eigenutvikla stilen hennar skal få folk til å kjenne han att.

– I Bergen trur eg ikkje mange tar feil av meg og andre gatekunstnarar. Stilen er i stadig utvikling. Først og fremst vil eg uttrykke kven eg er, og spreie positive bodskap.

LES OGSÅ: Gategeografen

Kommunen: Visse veggar og bosspann er lov
Eileen Dalland i Bergen kommune er spesialkonsulent ved Bergenhus og Årstad kulturkontor, og jobbar spesifikt med ungdomskultur og ungdomsprosjekt. Barnslig har ved fleire høve blitt invitert til å halde teiknekurs for barn og unge av kommunen.

– Barnslig har ein morosam og kul stil. Ein kjenner alltid att monstera til Barnslig, seier Dalland. 

– Eg har lyst til å leve av kunst, men kjem nok ikkje til å slutte med Barnslig. Her ved ein av dekorasjonane ho har laga. Foto: Elise Løvereide

Ho presiserer at dersom kommunen eig eit hus, er det kommunen som avgjer, og dersom veggen er privateigd, er det opp til huseigar.

– I Bergen har kommunen og politikarane bestemt at visse veggar og bosspann i sentrum er lov å dekorere. Bergen kommune har også eit samarbeid med BKK (Kraftselskap på Vestlandet, journ.merk.), slik at det er lov å lage gatekunst på nokre av el-skåpa. Ulovleg gatekunst er å dekorere utan å spørje først, seier Dalland.