Magasinett

Utskrift

På denne skulen skal elevane bli klimabevisste gründerar

Skrive av Elise Løvereide .

 Frå venstre: Henriette Ameln (17) og Kristin Rye Frisvold (17) designar insektsfeller i 3D-programmet Fusion 360. Designet blir sendt til ein 3D-skrivar som står i klasserommet.

På Nordahl Grieg vgs i Bergen har dei eigen bikube, 3D-printar, og snart eige vasskraftanlegg. Grøn innovasjon skal lære elevane å skape nye løysingar i møte med ei verd trua av klimaendringar.

 

Det er time i teknologi og forskingslære, og vg2-elevane sit gruppevis framfor eigne lap-topar. Volumet er høgt, for her skal elevane samarbeide.

På ein pult sit Henriette Ameln (17) og Kristin Rye Frisvold (17) og designar insektsfeller i eit 3D-program kalla Fusion 360. Designet blir sendt til ein 3D-skrivar som står i klasserommet.

– Dette er eit praktisk fag, der ein gjer noko meir enn å berre skrive. Det er litt annleis, men eg trur vi kan lære mykje som vi får bruk for i arbeidslivet, seier Kristin.

Ho gjekk på Fana vidaregåande i fjor, og merka at det å kome til Nordahl Grieg var totalt annleis.  

– På Fana vgs brukte dei tavle, medan vi her utelukkande nyttar PC i undervisinga.

Henriette er einig.  

– Vi har mykje gruppearbeid, og vi lærer å samarbeide og å vere kreative. Det trur eg kan kome godt med i vidare arbeid, seier Henriette, som vil satse vidare på realfag.  

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng


Frå venstre: Lektor i teknologi og forskingslære, Jørgen Kristoffersen, avdelingsleiar ved studiespesialiserande, Roar Helleve Haugland, og lærar i økonomifag, Morten Nyhagen, vil gje framtidas entrepenørar  kjennskap til korleis marknaden fungerer. 

Vil foreine fag for å skape felles løysingar
Det var våren 2015 at prosjektet Grøn innovasjon såg dagens lys. Den tidlegare rektoren på skulen hadde vore på eit møte om dette, og ville lage eit tilbod om grønt entreprenørskap ved skulen. Lærarar kasta seg på, og i dag undervisar fem lærarar i fem ulike fag.

Tilbodet gis til vg2-elevar som studerer realfag (fysikk og IT) og til økonomilinja (marknadsføring og leiing). Målet er at dei som utviklar teknologi skal kunne samarbeide med dei som kan selje og marknadsføre produkta.  

– Faga på Grøn innovasjon er praktiske, og skal gje djupnekunnskap. Entreprenørar har ikkje alltid kjennskap til korleis marknaden fungerer, og økonomar har ikkje alltid kjennskap til det tekniske. Derfor ønskte vi å foreine desse elevane med eit mål om berekraftige løysingar, fortel lektor i teknologi og forskingslære, Jørgen Kristoffersen.

LES OGSÅ: Vil dyrke den undersøkande og nysgjerrige eleven

– Det held ikkje å bare produsere elbilar
På Grøn innovasjon blir det dessutan arrangert Framtidskonferansen, der dei har workshops om innovasjon og forretningsløysingar. Både , VilVite næringspark, Innovasjon Norge og Raftostiftinga har besøkt skulen, der dei har diskutert berekraft og menneskerettar.

– Basert på FN sine klimamål, veit vi at vi treng nye løysingar, og at vi må tenkje nytt i framtida. Det handlar om å forstå kvifor vi må gjere noko for klimaet, seier lærar i økonomifag, Morten Nyhagen.  

Avdelingsleiar ved studiespesialiserande, Roar Helleve Haugland, skyt inn:

– Med Grøn innovasjon ønskjer vi å gje både realfagselevane og økonomielevane noko felles. Det held ikkje å bare produsere elbilar, ein må også vite korleis ein skal få folk til å bruke dei.  

For å gje elevane meir praktisk erfaring, har skulen bikubar i skulegarden. Snart skal dei også bygge eit vasskraftanlegg, så dei kan produsere eigen strøm til eit av klasseromma.

LES OGSÅ: – Du har større klimaavtrykk enn du trur


Sophie Fossmark (17) og Ole Kristian Brettingen (18) lærer mykje om næringslivet og har vorte meir bevisste på klimautfordringane.

Meir klimabevisste
I faget til Nyhagen, marknad og entreprenørskap, er både Sophie Fossmark (17) og Ole Kristian Brettingen (18) elevar. Dei angrar ikkje i det heile på at dei valde Grøn innovasjon.

– Dette faget handlar om vidareutvikling og forbetring av forretningsplanar. Til dømes brukte vi kledebutikken Twisted i Bergen som case, og vurderte kva som kunne gjere denne forretninga betre, seier Sophie.

I tillegg skal elevane sjå etter korleis forretningsmodellar kan bli meir berekraftige.

– Eg har blitt mykje meir bevisst på klimautfordringar etter at eg valde Grøn innovasjon, legg ho til.

Ole Kristian er også svært nøgd med programmet.

– Ein får eit unikt innblikk i korleis næringslivet fungerer. Vi har lært teknikkar for korleis vi skal jobbe med idear, og vi har laga sensorar som gir deg beskjed om du ikkje har rydda etter deg, fortel han.  

Trur dykk vi kan klare å løyse klimaproblemet?

– Det vil nok ta tid. Gjennom små skritt og klare mål kan vi klare det, seier Ole Kristian.  

– Det er viktig at folk blir meir bevisste på utfordringane. Utviklinga med internett og mobiltelefonar har gått lynraskt, så vi klarar nok å finne løysingar etter oljen også. Eg trur det blir mange endringar i framtida, avsluttar Sophie.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet