Magasinett

Utskrift

Kva er greia med Harry Potter?

Skrive av Elise Løvereide .

 Maren Stenstad (19) prøvar seg som Sirius Black. Både Maren og Sina Storelv (19) blei fans allereie i barnehagen. – Harry Potter betydde alt for meg. Hermine var min rollemodell, seier Maren.

Studentar i tjueåra er framleis ikkje gått lei av Harry Potter. Kva er det med guten som overlevde?

 

 

Fleire hundre studentar og unge vaksne møtte opp på Det Akademiske Kvarter i Bergen for å høyre Harry Potter-omsettar Torstein Bugge Høverstad fortelje om eventyret frå barndommen deira.

I det klokka rundar 20.30, er det trongt om plassen for å kome seg inn.

Hovudpersonen, som er runda 72 år, brukar stokken for å kome seg på scena. 

Då Bugge Høverstad fekk oppdraget om å omsette Harry Potter and the Philosopher's Stone til norsk, hadde han inga aning om at Harry Potter ville bli ein slik enorm suksess. 

– Eg hadde ikkje høyrd om Harry Potter før dagen i forvegen, vedgår omsettaren. 

Collage
– Favorittkarakteren min er Slur, sidan han korkje er ond eller god, seier Høverstad (venstre). Aslaug Mork-Topphol og Marta Nagel-Alne (begge 23) har vore Harry Potter-fans sidan barneskulen. 

Høyrde om Harry Potter dagen før
Attende til 1997 var J.K. Rowling lærar og åleinemor då ho leverte inn teksten til dei engelske forlaga. Alle dei store sa nei, medan forlaget Bloomsbury sa ja.

I dag er bøkene omset til over 70 språk og seld i nesten ein halv milliard eksemplarar.

– Det eksisterte allereie mange hundre slike ungdomsbøker i den sjangeren. Den som kan forklare kvifor Harry Potter gjorde så stor suksess, kunne vore milliardær! Men eg trur noko av det har å gjere med at dei sju bøkene følgjer ein person i takt med alderen til lesarane.

Då det norske forlaget Ex libris fann ut at boka selde som berre det i utlandet, måtte dei skunde seg å omsette han. I den samanheng byta dei omsettar, og valet fell på Torstein Bugge Høverstad. Han hadde allereie omsett Dickens, Shakespeare og Ringenes Herre.

 Forsking: Difor blir du avhengig av Harry Potter

Fekk nei av Rowling
– Ein av tinga som skil seg ut med den norske omsetjinga, er at du endra namna. Kvifor gjorde du det, spør intervjuaren.

– Eg tenkte på kvifor Rowling valde å gje karakterane desse namna, og konkluderte med at det måtte vere eit signal om korleis ein skulle oppfatte personane. Eg veit at det er ein norm om å ikkje omsette eigennamn, men no var vi i eventyrverda, svarar Høverstad.

Av forlaget fekk han 1,5 månad på å omsette den første Harry Potter-boka, utan å vite kva dei neste bøkene ville handle om.

– Ho må ha meint noko med å bruke tid på å lage desse namna. Eg omsette jo for dei som ikkje kunne engelsk så godt.

Høverstad sende ein epost til Rowling for å spørje om han kunne omsette namna til norsk.

– Eg fekk svar frå nokon som sikkert jobbar for Rowling, om at namna skulle bli sånn som dei var. Då bestemte eg meg for at den eposten – den hadde eg ikkje fått, seier Høverstad, til brølande latter frå salen.

Då blei det til at Dumbledore blei til Humlesnurr, Snape til Slur, Hogwarts til Galtvort og så vidare.

– Eg ville eigentleg kalle Harry Potter for Morten Gunnar Olsen eller noko slikt, men der sa forlaget nei.


Overalt i Det Akademiske Kvarter var det Harry Potter-tema. I andre etasje kunne ein spele beerpong-rumpeldunk.

Blei oppringt midt på natta
– Kva namn blei du ikkje så nøgd med?

– Det var nokre karakterar eg trudde var mindre viktige enn andre, og det gjekk fort å gå over 200 namn. Ein av karakterane eg trudde skulle bort etter kvart, var magiministeren, Cornelius Fudge. Fudge tydde både noko seigt, men også å unngå noko – to fudge. I første boka kalla eg han Kornelius Bort-Forklar, men då eg forstod at han var viktig, omdøypte eg han til Bloeuf, som i «bløff».

Men då han skulle finne ein norsk versjon av trollmannssporten Quidditch, blei det vanskeleg. Alle idear blei skrive ned på eit ark, før valet blei tatt: Rumpeldunk. Trylleformlane ville han gjere så like så mogeleg.

– Språket blei meir avansert utover i serien, og ho slepp seg meir laus. Den første boka var vanskelegast å omsette på grunn av alle namna. Eg kunne jo ikkje la resten ha engelske namn når eg først var i gong.  

– Kvifor «Gullsnoppen», spør ei plutseleg høgt frå salen.

– Ja, eg er framleis usikker på kor den kom frå. Men eg synest det passa, svarar han.

– Fekk du nokon gong klagar frå fansen?

– Å, ja. Dei kunne ringje klokka tre natt til ein sundag og seie sin meining. Det gjekk utelukkande på namna, men eg angrar ikkje på det. Fleire fans er nøgde med det.

– Kvifor er det så få omsettarar som har endra namna, trur du?

– Det kjem av pengar, ikkje av kjærleik til det ein gjer. Dei som lever av og gjennom Rowling følte nok at dei måtte gjere det.

LES OGSÅ: Her er sonen til Harry Potter

– Takk for barndomen vår
I desse dagar har «The Cursed Child» blitt utgjeven i Norge, og Høverstad har omsett ho til norsk. Boka er ein spin-off historie som handlar om Harry sin son.

– Boka er god, men du merkar at ho ikkje er skrive av Rowling, seier Høverstad, som sjølv omtalar seg som Harry Potter-fan.  


Fleire hundre ville inn og høyre Torstein Bugge Høverstad fortelje om Harry Potter-eventyret laurdag kveld.

På spørsmål om han hadde gjort noko annleis i dag, svarar han kontant nei. Samtidig trur han at det hadde vore strengare i dag enn det var då. Namna hadde nok forblitt engelske.

– Det vil nok aldri skje igjen at ein bokserie vil følgje ein generasjon slik som Harry Potter gjorde. Det var dykk ho skreiv dei for, avsluttar Høverstad.

– Takk for at du kom hit i dag, seier intervjuaren til Høverstad då samtalen er slutt.

– Og takk for barndomen vår, roper ein kar heilt framme.