Magasinett

Utskrift

Spanande år i vente

Skrive av Malin Langøy Aarbø .

Illustrasjonsfoto: Anthony Delanoix / Unsplash

Donald Trump blir USA sin nye president. Eg tykkjer ikkje det er uventa, men er spent på korleis dette kjem til å gå, skriv Malin Langøy Aarbø.

 

 

Mange reagerte med sjokk og vantru då Donald Trump vann presidentvalet i USA.

I løpet av dei siste seks månadane har Trump fått mykje motvind, og til tider medvind, for sine dristige utsegn om blant anna klimapolitikk og Mexicomuren. Kor vidt ein er einig er eit spørsmål som har vore hyppig debattert.

Spørsmålet er: Var det verkeleg så uventa som alle vil ha det til?

Lovar betre vilkår for fattige
USA kan på ingen måte samanliknast med Noreg og Europa for øvrig. Trass i at landet er den einaste stabile supermakta som står att, er langt over halvparten av innbyggjarane under fattigdomsgrensa. Dette strekkjer seg tilbake til den store depresjonen på 1930-talet og finanskrisa i 2008-09.

Velferdsordningane er få og det eksisterer eit meget begrensa utval av fagforeiningar. Med dårleg økonomi og større befolkningsvekst, er det fleire som har konstatert at USA vil gå konkurs ein gong om ikkje nye løysingar blir lansert.

Det er der Trump kjem inn i biletet. Ei undersøking av nettstaden TheGuardian i McDowell County (West Virginia), viser at det er i fattige strøk at Trump hentar inn flest stemmer. Bakgrunnen er nettopp eit løfte om å gjera Amerika «great again». Obama sitt tidlegare helsesystem skal bli meir konkurransedyktig og gi billigare helseforsikring. Det skal etablerast fond og nye nasjonale målsettingar om å tilby skular til alle born i fattigdom. 

Alt i alt blir det lagt opp til ein total nyrenovert, finansiell reform som ifølgjeTrump skal få fleire ut i arbeid, utan å nødvendig vis utdjupa kva dette inneber i praksis. Kva meir skal til for å lura ein stakkars, desperat amerikanar?

Amerikanarane ynskjer endringar
Det er heller ikkje til å stikka under ein stol at amerikanarane er møkklei politikken og har liten tillit til sine overordna. Forventningane til Obama var store då han blei valt til president i 2008, delvis på grunn av den vanskelege situasjonen og delvis på grunn av at han jo var USA sin første afroamerikanske president. Kanskje var forventningane i overkant for store med tanke på dei utfordringane som låg til grunn. Det er begrensa kor mykje ein kan oppnå på relativt kort tid.

Hillary Clinton kan heller ikkje seiast å ha så enorm tillit hos alle etter å ha støtta opp om krig mot Irak i 2003, sjølv om ho i seinare tid har uttalt ein anger på dette. At FBI var i hælane på ho berre eit par dagar før valdagen er heller ikkje så heldig.

Fordelen til Trump må derfor vera at han representerer noko fullstendig annleis. Ved å koma med ufiltrerte og usensurerte meiningar på trykk, kan det godt henda at folket kjenner større tilhørighet til han enn til motstandarane, nettopp fordi det er så ærleg og brutalt.

Kall det gjerne for tåpelig. Men det er i alle fall openbart at amerikanarane lenge har ynskja endringar på eit ganske vesentleg nivå. Dei har mot alle odds valt dette sjølv. Og det er vel det som er mest skummelt å tenkja på?

Éin ting er i alle fall sikkert: Dei neste fire åra vil bli spanande som aldri før. Lukke til, USA.

LES OGSÅ: Unge stemte på Clinton, kvite stemte på Trump