Magasinett

Utskrift

– Tre år er ikkje strengt for valdtekt

Skrive av Elise Løvereide .

 – Eg meiner det må bli meir vekt på samtykke i valdtektssaker. No kan eg ikkje juss, men straff skal vere normgivande. Ein dom skal ikkje skape eit endå større overgrep, seier skodespelar Andreas Gjøsæther. Foto: Elise Løvereide

Skodespelar Andreas Gjøsæther synest rollefiguren hans fekk for stor sympati i den fiktive rettssaka i Bergen tingrett førre veke, sjølv om han til slutt vart dømt for valdtekt.

 

– Eg opplevde karakteren min som kjensleg umoden. Ein som ville rettferdiggjere eigne handlingar. Likevel var det viktig at eg ikkje skulle dømme han meir enn andre, seier Andreas Gjøsæther (20).

20-åringen spelte Thomas Iversen, som i den fiktive rettssaka vert tiltalt for valdtekt mot Kristine Aas. Arrangementet, som var eit samarbeid mellom Bergens Tidende, studentteateret Immaturus, Studentersamfunnet i Bergen, Advokatforeningen og Rettspolitisk forening Bergen, blei følgt av fleire hundretals publikummarar og sjåarar.

– Individa blei plutseleg sette inn i ei større samfunnsrolle. Det var heilt unikt å oppleve det frå innsida, seier Gjøsæther.  

LES OGSÅ: – Må få informasjon om kva som er valdtekt


Emma (Stine Svellingen) i vitneboksen. Foto: Skjermfoto/Elise Løvereide

Låg i sitt eige oppkast
Dette er handlinga: Det er fadderveke og Kristine Aas (Anna Folkedal) er på vors og deretter nach hjå fadderen sin, Emma (Stine Svellingen). Der blir ho så full at ho må legge seg ned i senga til det ho trur er fadderen si seng. Sidan ho spyr over senga og seg sjølv, tar Emma av henne buksa. Utover natta ligg Kristine i sitt eige oppkast, når Thomas etter kvart kjem inn, i det som er hans rom.

Han seier i rettssaka at Kristine lagar låge stønnelydar og at ho lyfta hoftepartiet slik at han kunne ta av henne trusa. På si side seier Kristine at ho slett ikkje ønskte noko seksuell kontakt med Thomas, at ho har slite med å ha sex før, og at ho ikkje var i stand til å motsette seg handlinga.

Etter at bistandsadvokat Brynjar Meling og forsvarer Mette Yvonne Larsen har stilt sine spørsmål til Thomas, Emma, Kristine og Markus (Kristine sin ekskjærast) skal juryen, dommarane og publikum avgjere skyldspørsmålet. Var det valdtekt eller ”fyllesex”?

– Eg trur at vi fekk avkrefta nokre fordommar om kven som kan vere ein overgripar. Mange får medkjensle for figuren, men ein bør ikkje la det kome i vegen for dommen og for tanken på at nokon faktisk er blitt skadelidande av situasjonen, meiner Gjøsæther.  

LES OGSÅ: Politihøgskulen fjernar fordjupningsfag i valdtekt


Thomas Iversen, spelt av Andreas Gjøsæther, blei dømd av juryen og av dommarane, men frikjend av salen.  Eg måpte. Det var veldig overraskande å høyre at publikum ville frikjenne Thomas, seier Gjøsæther. Foto: Skjermfoto/ Elise Løvereide

– Eg blei heilt satt ut
Skodespelarane hadde øvd på rollespelet sidan september, men dei visste ikkje at det var basert på ein ekte rettssak før på sjølve framsyninga. I denne saka fekk tiltalte tre års fengsel og eitt år ubetinga fengsel, som er mindre enn minstestraffa for valdtekt (3 år). Men publikum i den fiktive versjonen meinte at minstestraffa var for streng.

I salen stemte 46 personar for at Thomas var skyldig – mot 30 personar som meinte det motsette. Viss publikum hadde utgjort ein jury, ville Thomas altså gått fri.

– Eg blei heilt satt ut. Viss du ser på klippet, ser du at eg sit og måpar, seier Andreas.  

Han vedgår likevel at han forstår kvifor mange stemte mot at Thomas var skyldig.

– Dei tenker gjerne at Thomas ikkje hadde vonde intensjonar, at han er ung og berre eksperimentell. Sjølv meiner eg at det er noko giftig i samfunnet når valdtekt skjer så ofte, utført av heilt vanlege menneske. Sjølv om nokon ligg i senga di, kan ein ikkje berre ta for seg, meiner skodespelaren.

LES OGSÅ: Stor auke i melde valdtekter


Anna Folkedal spelte offer i den fiktive valdtektssaka. Ho tykte det var veldig spesielt å spele eit valdtektsoffer. – Eg trur ikkje du veit korleis det kjennest før du har opplevd noko sånt, seier ho. 

– Fekk overraskande mykje sympati
Anna Folkedal, som spelte offer i saka, veit sjølv ikkje kva ho ville stemt.

– Undervegs følte eg veldig mykje tvil og hadde overraskande mykje sympati med Thomas. Mange av oss har kanskje eit stereotypisk bilde av ein valdtektsmann, og Thomas passa ikkje heilt inn i det bildet. Eg føler eg har eit meir differensiert syn på slike saker no enn før, og skjønner betre kor vanskeleg det er å avgjere skyld.  

Folkedal vert likevel overraska over at salen valde såpass annleis frå juryen.

– Eg trur den korte tida kan ha hatt mykje å seie, og det at salen fekk sjå ei veldig avkorta sak. Thomas hadde ei forklaring som verka truverdig, og som fekk folk til å tvile.

– Strafferamma gjorde oss usikre
Også juryen vart usikre på om dei skulle dømme Thomas basert på straffenivået, sjølv om dei ikkje var i tvil om skyldspørsmålet. Først svarte heile juryen at dei ville dømme Iversen til ei normalstraff på fire år. Men rundt halvparten ombestemte seg raskt og meinte at 3,5 år var strengt nok. I etterkant uttrykte juryen tvil om straffenivået var for strengt.  

– Eg bestemte meg i siste liten, og skulle gjerne hatt meir tid, sa talsmann for Feministisk Initiativ Bergen, Sunniva Schultze-Florey, som stemte for normalstraff (4 års fengsel).

Lengda på straffa gjorde også fleire i juryen usikre på om dei ville dømme eller frifinne.

– Sjølv om vi var samde i at tiltalte var skyldig, gjorde lengda på straffa at vi blei usikre. Ein gjennomgang av dette hadde kanskje vore på sin plass, sa byråd Dag Inge Ulstein (KrF).

LES OGSÅ: Fleire valdtektssaker etter Tinder-møte


Skjermfoto frå den fiktive rettssaka i Bergen tingrett, med ekte dommarar og advokatar. 

– Ein stakkarsleg fyr
Det meinte også stortingspolitikar Peter Frølich (H).

– Dette med minstestraff og alvorsgraden det er for den tiltalte, kom som ein snikande tanke i bakhovudet. Den tanken triggar nok ein del avgjerder om frifinning.

– Ein får ein del sympati for Thomas, som kanskje har gjort ting han ikkje burde, eller vore heilt mentalt bevisst på, sa jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen.  

Forsvararen Mette Yvonne Larsen sa etter rollespelet at ho sleit med å skulle vurdere saka objektivt.

– Når eg er forsvarar går eg veldig inn i den rolla  så eg klarar nesten ikkje å dømme dette objektivt – no når eg har forsvart ein stakkarsleg fyr som risikerer fire års fengsel for å ha gjort noko dumt.   

Andreas Gjøsæther meiner at det er skremmande kor mange som går fri, og viser spesifikt til saka der ein 17 år gamal gutt blei frikjend etter å ha tilstått overgrepet.

– Ein blandar ung og eksperimentell med å ikkje ta eit nei for eit nei. Ein skal jo ikkje gå inn for å øydelegge framtida til ein overgripar, men tre år er ikkje strengt i forhold til kor alvorleg valdtekt er.

Sjå heile den fiktive rettssaka hjå Bergens Tidende!