Magasinett

Utskrift

Slik feira Håkon og June sigeren i skrivekonkurranse

Skrive av Svein Olav Langåker .

Håkon Åsebø (15) og klassevenninna June Hermansen (15) fekk ei heilt spesiell feiring av kontaktlærar Kjell Eivind Holmen (t.h.) – skikkeleg surfe-kjensle i klasserommet.

Håkon Åsebø (15) og June Hermansen (15) fekk skikkeleg surfe-kjensle i klasserommet etter at dei vann heider i skrivekonkurransen til Framtida.no.

 

 

«Eg trur at å heie fram dei som er interesserte i data er sjakktrekket som kan gjere at Norge framleis er eit rikt land i framtida», skriv  Håkon Åsebø.

10.klassingen ved Møre Ungdomsskule i Ålesund er vinnar av skrivekonkurransen til Magasinett og Framtida.no om livet på nett.

– Eg blei gira av temaet. Dette er noko eg brenn for. Eg har alltid vore opptatt av spela dataspel, heilt sidan eg fekk mitt første Mario-spel då eg var fem år, fortel Håkon Åsebø.

– Ein høyrer ofte om dei negative sidene med dataspeling, men det er ikkje berre negative sider, og eg ville visa fram nokre av dei positive sidene også, legg han til.

Får skryt av juryen
Juryen, som er sett saman av redaksjonen i Framtida.no og Magasinett, meiner vinnaren skriv engasjerande, har klare meiningar, argumenterer godt for seg og viser til kjelder.

– Eg blei veldig, veldig glad då eg fekk vita det, seier han til Framtida.no.

Klassevenninna June Hermansen (bildet) fekk heider av juryen for eit innlegg om mobilavhengigheit.

Læraren deira gjorde skikkeleg stas på dei på skulen. Elevane blei sett på eit lite akebrett, og ein løvblåsar sørgde for vind i håret.

– Me skulle få ei skikkeleg wakeboard-kjensle, fortel den glade vinnaren.

Integrert seg inn i nynorsken
Dialekten hans avslører at han kjem frå Austlandet. Håkon flytta frå Lillestrøm då han var ni år. Men sjølv om han snakkar austlandsk, og hovudmålet er bokmål, så synest han det går greitt å skriva nynorsk.

– Eg skriv mest på dialekta herifrå på sosiale medium. Eg har integrert meg inn i nynorsken, fortel han.

No i haust har dei jobba mykje med sidemål på skulen, som har 105 elevar.

– Det er ein veldig kjekk skule me går på, seier han.

Juryen valde i tillegg å gi særleg heider til Frida Snowball (15) frå Aukra og Henrikke Madeleine Furu (16) frå Drøbak. Tekstane blir publisert på Framtida.no og Magasinett.