Magasinett

Utskrift

Ringenes herre på nynorsk

Skrive av Toyni Tobekk .

Forlaget Tiden skal omsetje «Ringenes Herre» til nynorsk. Triologien vil få namnet «Ringdrotten», melder avisa Klassekampen.


Gandalf frå filmen Ringenes Herre.Til avisa fortel omsetjaren, Eilev Groven Myhren, at Tolkien var oppteken av å bruke gamle engelske dialektord.
- Språket til Tolkien er ei blanding av høg og låg stil, alderdommelege trekk og trekk frå talemålet, seier han.

Sjølv vekslar han mellom ulike nynorsknormalar og rettskrivingsreformar når han set om «Ringenes Herre».
- Det kan la seg gjere på nynorsk, men ikkje på bokmål.

Forlaget reknar med at «Ringdrotten» er klar for utgjeving i slutten av november.

Tekst: Toyni Tobekk
Foto: Filmweb.no