Magasinett

Utskrift

Internasjonal bokorm

Skrive av Marianne Magnussen .


Asta Vazgauskaite (26) elskar å lese og å bli kjent med folk frå andre land, og har studert framandspråk i ti år. Trass all tida som går med til grammatikk og pugging av nye ord, er ho ikkje i tvil om at mangfaldet av ulike språk er eit gode for verda. 

 


Litauiske Asta Vazgauskaite (26) har tatt sommarferie frå russiskstudium og tolkearbeid i Oslo. Men interessa for språket er like sterk når myggen summar og gradestokken kryp oppover mot tretti. På soverommet sitt heime hjå foreldra i Vilnius har Asta eit godt utval i litteratur, både på morsmålet sitt og på andre språk ho har studert: russisk, engelsk, tysk og norsk.

 
Litauisk er eit av dei eldste europeiske språka.

Ho oppdagar ei litauisk ordbok ho ikkje har sett på lenge, og tek til å bla i henne.

 

Gammalt og vanskeleg språk
- Korleis veit vi at litauisk er så gammalt?

- Latvisk og litauisk tilhøyrer ei eiga språkgruppe, nemleg baltisk. Dei har mykje til felles med sanskrit og latin, to av dei eldste medlemmene i den indoeuropeiske språkfamilien.
Asta held for tida på med ein bachelorgrad i russisk ved universitetet i Oslo, og språkhistorie var ein del av pensum i førre semester.
- Eg burde jo vite kor gammalt språket vårt er, men eg har diverre gløymt det etter eksamen, smilar ho.
Langtidsminnet er nok meir mottakeleg for gloser enn for årstal. Ein stad går grensa for lagringskapasitet.

- Er litauisk vanskeleg å lære for utlendingar?

- Ja, veldig. Me har uregelrett trykk, vanskelege diftongar, seks kasus og særeigne bokstavar, ramsar ho opp, men legg til at det ikkje er umogleg å lære:
- Stadig fleire utlendingar prøver seg. Eg veit om ein nordmann som snakkar det flytande.
Det er likevel ikkje alle som er like lystne på slike studiar. Noko som er praktisk for Asta, for det gjev henne moglegheiter for språkrelaterte deltidsjobbar i Oslo. I vår har ho tolka mykje frå engelsk til litauisk.

- Tek folk i Litauen i bruk nyare ord, som hot dog og hamburgar ?

- Nei, me lagar våre eigne ord, seier ho stolt, og forklarer at reklamebyråa samarbeider tett med det statlege språkrådet om dette.
- Hot dog er til dømes «deshrainis» på litauisk, og hamburgar «mesainis».
Asta fortel at myndigheitene er opptekne av å hjelpe innbyggjarane til å meistre nasjonalspråket sitt. I tillegg til å utvide det litauiske ordforrådet ettersom nye produkt kjem ut på marknaden, sender dei TV-program med opplæring i både grammatikk og bruk av dei nye orda.
- TV har stor påverknad, og pregar daglegtalen til folk.

 

Litauen AS
Er det nokre likskapar mellom norsk og litauisk?

- Mange hankjønnsord er like, berre at me har ein ekstra «as» på slutten, til dømes i orda «agurkas» og «ananasas». Dette var truleg vanleg i gammalt indoeuropeisk, før språket delte seg opp i ulike greiner. Dei germanske språka, inkludert norsk, har med tida slutta å bruke denne gamle endinga.


Kjær forfattar har mange namn, her på litauisk.

Asta viser ei bok ho har av «Bjornsonas» og «Hamsunas», og seier at forfattarane våre faktisk hadde hatt slike etternamn om dei hadde levd tidlig nok.

- Kva synest du om norsk?

- Eit komplisert språk, sidan det finst så mange ulike dialektar. Det er til dømes umogleg for meg å samarbeide med folk som kjem ifrå Stavanger, noko som er svært pinleg.
Asta legg til at det er vanskeleg å høyre skilnaden på lang og kort vokal, til dømes å skilje mellom orda «legar» og «leggar», og seier at dette fører til mange rare misforståingar.
Den unge kvinna snakkar sjølv flytande oslomål, etter å ha budd fem år i Noreg sin hovudstad. I byrjinga kan ein jamvel tru at dette er morsmålet hennar, heilt til ho brått snublar i ei grammatisk bøying. Men studenten trur ikkje det nyttar å vere perfeksjonist på slike område:
- Norsken min kjem aldri til å kunne bli heilt korrekt.
 
Forandring frydar
- Kvifor er du så interessert i språk?

- Det har alltid vore det beste faget mitt. Eg elskar å lese og å kommunisere med folk.
Tjueseksåringen er sjølv svært kommunikativ; ho lyttar intenst med store, strålande auge, og snakkar tydeleg med mykje gestikulering. 

- Eg er nysgjerrig, og synest det er morosamt å forstå korleis andre tenker. Viss ein er avhengig av tolk for å snakke med innbyggjarane i eit land, går ein glipp av detaljane. 

 
Kva språk skal eg lese på i kveld, tru?

- Hadde det vore betre om alle folk snakka same målet?

- Nei, kjem det fort og bestemt.
- Det er altfor morosamt å lære språk! Dessutan er det spanande med ulikskapar, og det er ofte praktisk å ikkje kunne forstå alt som blir sagt.

No er tida komen for å velje kveldslektyre. Det er nok å ta av, sidan Asta kan lese på fem ulike språk. 

Ti år har ho i alt nytta til å studere framandspråk, men ho er enno ikkje lei. Bokormen har nyleg starta på kveldskurs i spansk og fransk, og gler seg til ho kan lese klassikarane frå desse landa. 

- Ulike språk er veldig viktig for litteraturen si skuld. Mange bøker må lesast på originalspråket for at ein skal få maksimalt ut av dei, kjem det overtydande frå Asta Vazgauskaite.

 


August 2006.