Magasinett

Utskrift

På Europa sitt tak

Skrive av Anna Kirsten Hellevang .


Mange reisande har skrytt av Kaukasus som eit av dei flottaste fjellområda. Det kan underteikna skrive under på etter ein tur på Elbrus.

 


Eg sat i ei steinrøys med ryggen bak på sekken og tenkte berre på å kvile og puste. Nei, eg hadde ikkje vore på fest og ikkje funne vegen heim att. Plastskoa med stegjarna røpte at eg var på ein heilt annan tur.

Elbrus 1. Foto: Anna Kirsten HellevangDraumen om Elbrus starta for mange år sidan. Etter topptur på Mt. Blanc i Frankrike og på Afrika sitt høgaste fjell, Kilimanjaro. Høgderekorden var såleis 5895 meter med turen i 2002 til Tanzania. Men å vere på det høgaste fjellet i vårt eige kontinent hadde eg til gode.

Vegen opp er teknisk sett ikkje vanskeleg. Guiden vår Juri fortel at overskya vêr, snø og vind kan gjere turen dramatisk. Fleire hadde mista livet berre i 2006 på grunn av brått vêromslag, lite klede og ikkje bruk av lokal guide.

Høgdesjuke kan også bli eit problem dersom ein ikkje er godt nok akklimatisert. Nokre i gruppa tok høgdesjuketablettar Diamox. Eg var blant dei som ikkje nytta tablettar, men satsa på naturleg akklimatisering dagane før toppturen.

Det er framleis ikkje noko masseturisme til Elbrus. Dei russiske guidane fortel at berre eit par tusen menneske bestig toppen i løpet av eit år. Reiseleiar Marit Andreassen frå Høgfjellspesialisten seier det har blitt lettare å kome til fjelltoppen etter Sovjetunionen sitt fall. Grensene til Russland har opna seg. Men framleis er dette eit av landa ho syntest er krevjande å planleggje tur til. Dels fordi dei er nøye på visum i passet i god tid før avreise, og dels fordi ein må ha invitasjon frå eit selskap i Russland.

Eg fann det best å booke denne turen gjennom eit operatør. 12 deltakarar var med på turen med avreise frå Bergen og Oslo den 31. juli og retur den 12. august.

Etter ein kort stopp i eit nokså trafikkfylt Moskva, var kontrasten stor over å kome til rolege Baksan-dalen med sine høge snødekte fjell. Vi hadde kome til Kaukasus og var velsigna med fint vêr, sol og sommar. Marit Andreassen fortel ho valde august fordi det er den mest stabile tida på året vêrmessig. Men kunne vêret berre fortsette å vere fint dag etter dag så høgt til fjells? Vi undra oss over dette, og det gjorde også den russiske guiden vår.

Elbrus 2. Foto: Anna Kirsten Hellevang

Første dag tok vi gondolbane og vann raskt høgdemeter. Vi gjekk ein kort tur til Barrels, tønnehyttene som vi seinare skulle ligge i. Eg var spent på komforten. Seks personar var det plass til i kvar hytte, med utsikt rett mot fjellkjedene på andre sida av dalen. Senga var litt hard men elles grei. Toalettforholda var det verre med. Eit hol rett ned i avgrunnen og ei veldig lukt, slik som toaletta i Afrika. Vel nede i Baskan-dalen gledde vi oss over den fantastiske hotellstandarden med tre retters middag.

Neste dag gjekk turen til Cheget og vi fekk ei fantastisk utsikt mot Elbrus. Sola steikte og vi måtte berre hugse på å ta på nok solkrem i ansiket og på nakne armar og leggar. Tredje dagen gjekk turen på ny med gondolbane, og så stolheis heilt til Barrels. Derifrå fekk vi testa kor dyktige vi var med plastsko og stegjarn. Nokon hadde med utstyr, og andre hadde leigd i dalen.

Alt hadde gått fint. Men vel nede på hotellet, byrja eg å bli trøtt og svimmel. Hadde bruk for å kvile, men eg var også svolten. Eg tok nokre bitar av eit knekkebrød. Det trigga magen. Eg rakk doskåla før eg kasta opp. Ein knapp time seinare var eg akkurat i nok form til å gå til middag. Men etter forretten måtte eg berre gi tapt. Eg rakk så vidt doskåla igjen før eg kasta opp all maten.

Tre dagar på tur, og så skjer dette berre tre dagar før toppdagen. Eg måtte leggje meg. Alt eg klarte å få i meg var litt vatn og ein sup med brus.

Marit lurte på om eg ville ha høgdesjuketablettar, og vi venta til morgondagen med å avgjere dette. Eg hadde ikkje brukt det før. Nokon toler det godt, andre ikkje. Det er vassdrivande og krev at ein drikk endå meir vatn, og så må ein endå oftare på do.

Eg fekk sove litt, så neste morgon kjende eg meg betre. Eg hadde matlyst under frukosten og denne gongen ville ikkje maten i retur. Det var godt. Eg droppa tablettane.

Det var fridag, noko som passa meg veldig bra. Vi flytta til Barrels og eg slappa godt av og prata med guiden Migma, medan dei andre tok ein tur med beltebil for å vinne høgdemeter. Migma kom frå Nepal, og i sin unge alder av 26 år har han vore fem gonger på Mt. Everest. Han skulle vere med gruppa vår vidare.

Dagen etter gjekk vi i sju timar tur/retur får 3800 til 4800m. Dagen før dagen fekk vi ei overraskande melding i leiren. Ein nordmann hadde forsvunne frå ei gruppe. To guidar hadde gått ut for å leite. Vi undra oss. Han hadde gått i same område som vår gruppe berre nokre timar før. Dette roa ikkje nervane til toppdagen. Alt såg så enkelt ut. Men ikkje langt borte frå løypa lurte sprekkene. 

Omsider fann dei mannen. Det viste seg å vere ein amerikanar som hadde delvis falle ned i ei sprekk. Han hadde slått lag i eit telt med nokre russarar og ikkje gått ned att til hyttene. Då han ikkje dukka opp, hadde alarmen gått.

Det var mest uråd å sove. Vêret hadde vore så fint så lenge, men ville det halde fram?

Vi skulle tidleg opp neste dag, alt klokka 2 til frukost. Eg åt nesten to tallerkar med havregrynsgraut og hadde verkeleg fått att appetitten. Klokka 3 drog vi med beltebil til området vi hadde gått dagen i førevegen, Pastuhova Rocks, 4800m. Vi skulle gå 800 høgdemeter.

Elbrus 3. Foto: Anna Kirsten HellevangVi gjekk sakte, veldig sakte, eg var i god form og kunne ikkje skjøne at vi skulle gå sååå.. sakte. Eit steg, pause, eit steg, pause, eit steg, pause….
Vi tok eit par pausar og kryssa oss oppover retning Aust-toppen. Så braut sola fram mellom skydekket i det fjerne. Vi kunne slokke lyktene og ta fram solbrillene. Vêret kunne ikkje blitt betre. Vi bora piggane i stegjerna ned i is med puddersnø på toppen, og trakka oss oppover.

Så byrja det å skråe litt lett bortover mot Saddle, dalen mellom dei to fjelltoppane. Der skulle vi ha pause. Eg gjekk på og tenkte eg kunne drikke når eg kom fram. Men det gjekk seint å gå ein distanse så høgt til fjells. Vi var over 5000 meter. Eg kom fram, heiv meg ned og lente meg bakover og berre kvilte. Då skjøna eg at det hadde vore lurt å drikke litt jamt. Eg var utmatta. Hadde bruk for næring, men var ikkje spesielt svolten. Klarte etter kvart å få i meg drikke og litt å bite i.

Etter 40 minuttars pause, måtte vi vidare. Vi stod framfor den brattaste delen av turen, opp ei skråing mot sjølve Vest toppen. Eg byrja å synest at tempoet var passe. Det var slett ikkje for seint. Eit steg, så eit steg til og eitt til…

Eg såg mot ei steinrøys og lengta etter å kome meg dit og setje meg ned. Berre 20 meter att, det var freistande å forte seg, men det gjer ein berre ikkje så høgt til fjells. Endeleg ny pause. Eg trakka stegjerna opp i steinane og sette meg ned og kvilte hovudet bakover på sida.

Der låg eller sat eg fullt påkledd i fjellklede og med plastsko og stegjern, og pusta. Det var det viktigaste vi kunne gjere akkurat då; sørgje for å få nok oksygen. Guiden Juri, kom bort til meg og pikka meg på skuldra.

Elbrus 4. Foto: Anna Kirsten Hellevang

– Kom igjen. Du er sterk. Det er ikkje langt att no, sa han oppmuntrande. Eg vrei meg rundt og kom meg langsamt på beina. Med eitt vart det lettare å gå då eg kunne gå i fotspora hans. Dei andre i gruppa reiste seg og følgde på. Sola steikte, det var lett bris. Draumevêr å gå på Europa sitt høgaste fjell i. Snart såg vi toppen av Elbrus.

Det var berre ei svak stigning og så ei kort bratt stigning til sjølve toppen. Målet var innan rekkevidde. Vi gjekk i vårt eige tempo vidare. Men det var ikkje heilt tida for å berre småspringe siste stykket. Eg måtte ha krefter til returen. Eg gjekk roleg. Så var det berre eit par steg att og eg stod på toppen med andre glade turgåarar, som gratulerte kvarandre med innsatsen.

Utsikta frå toppen var fantastisk med 360 grader panoramautsikt. Det kjennest som å stå på verda sitt tak då eg såg ut over Kaukasus si mektige fjellkjede, isbrear og grønkledde dalar. På toppen stod framleis fundamentet etter Leninbysta. Alle ivra etter tur å bli fotografert ved den. Eg tok fram det norske flagget av sekken og svinga det smilande over hovudet.

 

Dei første pionerane
Foto: Anna Kirsten HellevangElbrus er ein tidlegare vulkan og har to toppar, Elbrus Aust topp på 5621moh og Elbrus Vest topp på 5642moh. I 1874 var dei første klatrarane på Elbrus Vest topp, nemleg britane Grove, Walker og Gardiner. Dei leigde ein lokal bonde 86 år gamle Akia Sottaev som guide. Tidlegare same år var han guide for den britiske klatraren Douglas Freshfield på Aust toppen. Alt i 1829 hadde bonden og ein kamerat, Kilar Hashirov, vore på Aust toppen for første gong.

Under andre verdskrig planta nazistane eit naziflagg på kvar av toppane for å symbolisere siger over Kaukasus. Russarane fekk etter kvart fjerna flagga og planta deira eige flagg.

Foto: Elbrus sett frå tur til Cheget. Vest toppen, som er høgast, ligg til venstre.



Alle foto: Anna Kirsten Hellevang
September 2006.