Magasinett

Utskrift

Barn og unge kan berge lokal kulturarv

Skrive av Nynorsk Pressekontor .


Stiftinga Norsk Kulturarv ønskjer å engasjere barn og ungdom under 18 år til praktisk innsats for bevaring av kulturarv gjennom aksjonen «Rydd eit kulturminne».
Skular og ulike lag og foreiningar blir inviterte til å rydde og gjera kulturminne tilgjengelege i nærmiljøet sitt – for eksempel gamle vegfâr, hustufter, attgrodd innmark, tekniske anlegg frå førre hundreår, eller ein gravhaug frå bronsealderen.


Stiftinga Norsk Kulturarv inviterer ungdom under 18 år til aksjonen «Rydd eit kulturminne».


For innsatsen får gruppene eit stipend på 2.500 kroner frå Norsk Kulturarv etter at arbeidet er dokumentert og ferdigrapportert.

Norsk Kulturarv er ei ideell stifting som arbeider etter mottoet «Vern gjennom bruk». Stiftinga meiner at kulturarvverdiane våre best blir tekne vare på og formidla på den måten.

Tidlegare ryddeaksjonar har vore svært vellukka og populære, spesielt blant skulane kring i landet, og engasjement blir skapt blant barn og unge.

Gjennom Ryddeaksjonen 2005 vart det delt ut 275 stipend over heile landet, og innsatsen til deltakarane gjev ein merkbar effekt i det lokale kulturlandskapet.

Aksjonen er gjort mogleg gjennom eit prosjekttilskot på ein million kroner frå Sparebankstiftinga DnB NOR. Også Statnett har bidrege til aksjonen, som blir sett i verk for fjerde gong. (NPK)

Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK
September 2006