Magasinett

Utskrift

Kva når bestemor døyr?

Skrive av Marianne Magnussen .


Magasinett har vitja to unge menneske i Lutsk i Ukraina, som grunna fysisk handikap må vere heime heile dagen, fullstendig avhengige av dei gamle bestemødrene sine. Takka vere ei spesiell bilulukke, kan det hende at desse to likevel har ei framtid.

For fem år sidan endra livet seg brått til ei tragedie for ekteparet Natasja (29) og Sergei (31) Boltsjuk frå Lutsk i Ukraina. Ei dramatisk bilulukke førte til at den unge kona brakk nakken og vart lam i beina og delvis også i armane. Kvar dag i ektemannen sitt liv gjekk frå no av med til stell og assistanse.

Etter eit par tunge år byrja dei to å sjå på situasjonen med nye auge. Dei fann ut at det var mange andre i byen som også fysisk sett var avhengige av hjelp, men som ikkje hadde like god moglegheit som Natasja til å få dette. I lag med ei gruppe friviljuge frå ei kyrkje dei hadde byrja å gå i, tok paret til å leite etter måtar å hjelpe dei mest vanskelegstilte.

Magasinett fekk lov å vere med Sergei til to av dei mange funksjonshemma dei vitjar så ofte som råd.

 

Yvonna
Me går opp ein mørk, trong trappeoppgang i ei grå blokk frå kommunisttida som sårt treng til oppussing. Sergei stansar ved ei dør i tredje etasje og ringer på. Ei spinkel bestemor med ottefulle auge slepp oss inn i den vesle leilegheita si.

Urinlukta slår imot oss når vi kjem inn. Midt på rommet sitt sit Yvonna (12) i ein rullestol. Jenta lyser opp når ho får auge på Sergei. Det er tydeleg at ho stoler på denne mannen.
-Yvonna har i seks år hatt ein sjukdom som gjer at kroppen hennar stadig blir større og svakare. Dette er etterverknader frå ein hjernehinnebetennelse, og er svært farleg. Legane veit ikkje kva dei skal gjere, fortel Sergei.
Tolvåringen ynskjer å seie noko, men får berre fram vokalar:
-A-i-a…
-Yvonna har ikkje normal taleevne, men forstår alt, forklarer Sergei.
Bestemora bøyer seg ned til jenta for å prøve å tyde kva ho vil seie. Sergei ser agefullt på den gamle kvinna:
-Dette er helten i byen vår!

Han fortel at ho i følgje legane skulle ha vore død av kreft for fleire veker sidan, men at ho trass alle odds er i live og hjelper barnbarnet sitt så godt ho kan.
-Det er svært tunge løft for å stelle Yvonna, og dei har ikkje hjelpeapparat. Det manglar heis i blokka, og difor må jenta vere inne heile tida. Men nokre folk i kyrkja vår kjem av og til og tek henne med på ulike arrangement som vi har førebudd særskilt for handikappa.

Sergei gjev familien ein pose med frukt og juice og nokre enkle leiker som er kjøpt inn av midlar frå norske vener.
-Draumen til denne kreftsjuke gamle kvinna er å få pengar til å kjøpe eingongslaken til Yvonna, slik at ho slepp å vaske tilsmussa laken heile tida. Og å få leve lengre, slik at Yvonna har nokon som kan hjelpe henne.

Det er fyrst og fremst ein kamp om livet. Livskvaliteten kjem i andre rekke. Men ting har blitt betre for familien etter at dei vart kjent med Sergei og hjelpeteamet frå kyrkja hans. Besøk ein gong i veka, hjelp til handling, samtaler, massasje og kyrkjelege arrangement er noko dei tilbyr Yvonna og 74 andre handikappa i byen.

 

Sasja 
Vi køyrer inn på Lutsk sin gamleheim. Sergei fører oss inn på eit trongt tremannsrom, der Sasja (19) bur ilag med besteforeldra sine. Etter ei stupeulukke for tre år sidan, vart han handikappa på same måten som Natasja, kona til Sergei. Frå myndigheitene får han om lag 85 kroner om månaden i stønad på grunn av dette.

Også i denne familien er bestemora einaste menneske som kan ta seg av den funksjonshemma, og ho steller både han og mannen sin. Nett no er ho ute på marknaden og handlar. Sasja ligg stivt i senga, men augo er kvikke. Han presenterer seg på engelsk.
-Sasja er svært intelligent, roser Sergei.
-Ei amerikansk lærarinne var her ein dag, og då lærte han 70 engelske ord på ein gong. Ho sa at han var den beste eleven ho hadde hatt.
Sasja vert glad for oppmuntringa, men nektar like etterpå for at han er flink. Det er tydeleg at sjølvbiletet ikkje er så høgt.

Sergei fortel at det Ukrainske samfunnet ikkje er tilrettelagt for folk med handikap. Difor er det svært vanskeleg å ha eit sosialt liv med andre på same alder.
-Kyrkja vår har tre sosiale tilstellingar for handikappa i året. Neste år ynskjer vi å ha ein leir på tre dagar.
Sergei syner fram ei gammal datamaskin som står på eit lite skrivebord.
-Denne har vi skaffa Sasja, så han har noko å drive på med. Det er diverre ikkje Internett på den, han bur jo på ein gamleheim.

Ein annan ting nittenåringen eig, er ein elektrisk rullestol. Den er faktisk ei gåve frå Natasja.
-Kona mi gav han stolen sin, sidan ho har meg som kan køyre seg rundt.

Sergei er svært opptatt av Sasja si utvikling, og ein kunne tru nittenåringen var hans eigen son. 
-Før var guten svært pessimistisk, men no har han fått meir humør og er mindre stiv!, seier han glad.

 

Draumen
Det har vorte kveld, og vi har dratt på vitjing til eit norsk ektepar som er i ferd med å byggje ein barneheim i Lutsk. Sergei og Natasja er svært interesserte i prosjektet, og dei drøymer om å gjere noko liknande, berre for handikappa.
-Bestemødrene til Yvonna og Sasja er gamle, og kjem til å dø ein gong. Kva då? Tenk om vi hadde hatt ein heim der invalide utan familie kunne bu, ein bygning som er tilrettelagt med heis og andre hjelpeapparat, seier trettieinåringen.

Natasja fortel frå eigne røynsler at folk i byen deira manglar respekt for handikappa.
-Andre sine haldningar gjorde meg skamfull over invaliditeten min. Men eg vann over skamma idet eg forstod at eg er Guds born og at eg åndeleg sett er frisk. No ønskjer eg å la andre handikappa få bli kjent med Jesus slik eg sjølv har blitt det.

Sergei er einig med kona si i at både det fysiske, mentale og åndelege er viktig for at ”borna” deira skal ha livskvalitet.
-Samfunnet vårt har den haldninga at handikappa ikkje er naudsynte og ikkje viktig å støtte. Men vi ønskjer at også dei skal ha ei framtid.

9. oktober 2006