Magasinett

Utskrift

I porten, på veg inn

Skrive av Toyni Tobekk .


Elise Winterthun er 16 år og har allereie debutert som forfattar hjå Gyldendal. Odda-jenta har skrive heile livet. – Eg utelukkar ikkje at eg vil satse på forfattaryrket, men eg veit at det er vanskeleg å leve av det.


Elise har nett lese novella «Ved porten» høgt for ein sal fylt med lærarar. Gyldendal lyste i fjor ut ein skrivekonkurranse kor unge folk vart inviterte til å skrive ei novelle basert på eit gitt bilde. Av 33 bidrag som kom inn, vart 24 antatt og utgjevne i antologien «På kanten». Novella til Elise handlar om kjærleik, om å kunne stole på ein som er ulik ein sjølv.

Likar ikkje klisjéar
- Eg brukte ikkje så lang tid på å skrive ho, seier Elise. – Det går meir tid med til å tenkje.
Ho er svært bevisst kva ho skriv og korleis ho uttrykkjer seg. – Eg likar ikkje å skrive klisjéaktig. Denne novella var nesten litt utypisk til meg å vere.

Sjølv om ho skriv mykje, er det ikkje gitt at ho skriv mykje som blir ferdig. Somme gonger er det berre nokre setningar, ein stemning. Det å skrive er ein måte å få ting ut på, meiner ho, og seier at ho alltid vil kome til å skrive.

Enkle grep
I to dagar har ho vore gått på skrivekurs med forfattaren Olaug Nilssen. Det passa midt i blinken for Elise.
- Eg har lært å gjere nokre enkle grep for å forbetre teksten min. Gjennom å kutte fyllord og endre på setningar blir både teksten og innhaldet betre.
Olaug Nilssen får skrøyt for å ha halde kurset på eit jordnært nivå. – Ho hadde eit interessant opplegg. Eg har forresten nett lese boka hennar «Få meg på, for faen».

Ikkje alltid tid
Som lesar opererer ho meir i periodar enn ho gjer som skrivar. – Eg har mange andre interesser, eg skriv jo, og eg driv med idrett. Det er ikkje alltid det er tid til å lese.

Men ho likar å lese og skulle ønskje at skulen i større grad let elevane få lese berre for å utvikle seg. Ho er samd med dei som seier at det kan bli for mykje analyse.

Det er mange unge som seier at dei ikkje les bøker, kva tenkjer ho om det? – Det er det mange som seier i klassen min og. Men når me snakka litt om det ein dag, så kom det fram at mange faktisk les litt likevel. Dei ser berre ikkje på seg sjølv som lesarar. 

26. oktober 2006.