Magasinett

Utskrift

Skrivekurs i Rauland, Vinje

Skrive av Arnt Birkedal .



Eg sit – og ruslar rundt - i Roma når eg skriv dette. Og tenker at eigentlig burde eg vel skriva om mitt møte med den evige stad. Om alle kyrkjene med himlar av gammal kunst i etasje på etasje oppetter mot Jomfrua høgt i kvelven. Og med tempel for prekristne kristusar i kjellarane.

Men så er det det at eg  lova nokre jenter i Rauland, Vinje, Telemark noko for  ein liten månad sidan. Og det ein lover jenter i Vinje lyt ein halda. Eg skulle skriva eit stykke om skrivekurset eg  hadde der 4. og 5. november, lova eg. Så derfor.         

Eg held relativt ofte skrivekurs for unge. Då brukar me skriva både prosa og dikt. Eg  prøver oftast å halda songen utanfor. Desse rima kjem så ofte i vegen. Og den rytme-kjensla, desse ”da-da-da di-di-di-greiene”, enten så har ein dei i seg, har eg erfart, eller så har ein dei slettes  ikkje. 13 - 16-åringar vil òg helst skriva det dei skriv. Og det bør dei få lov til i eit skrivekurs, medan dei får råd og vink. I alle fall ein god del av tida.

Men nylig blei eg altså beden om å halda to skrivekurs for unge, der ein skulle jobba med nett dette å skriva songtekstar. Trulig fordi eg har skrive slike på si ”i alle år”. Eg sa ja, eg ville prøva. Men du lærer ikkje å skriva songar på to dagar. Og du lærer ikkje å skriva songar av slike som meg i det heile tatt. Men slike som meg kan kanskje hjelpa deg litt vidare på vegen. Du får øva deg, medan eg gir deg tips og råd. Og viktigare: Du treffer andre som likar å skriva og kan utveksla tekstar og erfaringar. Menneske med skriveinteresse som du kanskje kan halda kontakten med etterpå. Dette kan du hugsa på når eg kjem til eit skrivekurs nær deg.

Og er det slik at ein har dette med rim, rytme, verselinjer inne, så har ein det ofte engelsk. Eg har ofte lurt på: Kvifor all denne engelsken? Eg nektar å tru at alle ungdommar som skriv songar, songtekstar, satsar på å bli verdsberømte. Eller at dei trur, som eg har høyrt visse artistar som skal få vera namnlause seia, at det engelske språket er så mye ”rikare” enn vårt. Det at den engelske ordboka er tjukkare, har med andre ting enn ”rikdom” å gjera. Den nynorske ordboka mi er meir enn tjukk nok. Og rikare språk enn det norske skal ein leita lenge etter.  

Eg trur heller det er slik at engelsk  er det einaste ”hemmelige språket” ein har att når ein er mest vaksen. Det ein seier blir pakka litt inn, orda blir ikkje så nakne og sanne. Foreldre, lærarar og andre betrevetarar kan ikkje trenga inn i dei så  lett. Det som verda forstår av det som kjem ut, treng ikkje å vera det ein ”eigentlig har meint”. Det er lettare å sakna kjærasten på engelsk. Engelsken blir eit ordslør å skjula seg bak. Kva ord som kjem ut er ikkje så nøye, bare dei kling bra.  Men det er dødsalvorlig, likevel, det heile. Ein kan vera misforstått kunstnar bakom solbriller og engelske ord. Og viss ein får gitt ut plate ein gong, og blir intervjua om tekstane sine, kan ein svara: ”Nei, eg blir jo inspirert av ting eg opplever og sånn…” Og eg trur ofte denne engelske overgangen er nødvendig, dødsnødvendig gjerne. Men ein gong må ein, meiner eg, viss tekstane er viktige for ein, byrja å skriva og synga på norsk. Ein må vel venta til ein blir 27 ½. Men når gamle menn, menn på min alder, skriv og syng tekstar på engelsk, blir det bare patetisk og trist. Meiner no eg. Eg klarer ikkje ta slike alvorlig.

Så eg må tenka, når eg held skrivekurs der songen skal vera med; skal eg ta ifrå kursdeltakarane dette sløret, denne krykka, som engelsken er. Eg har ofte vondt av dei, men eg seier: Desse to dagane skriv de – også songtekstar - på norsk. Og så gjer dei det, då.  Somme kanskje for første gong.

Eg skal ikkje skriva så mye meir om mine tankar rundt dette med songtekstar denne gongen. Eg har skrive om slikt i Magasinett før. Fleire av desse stykka/essaya er no samla på heimesida mi – www.arntbirkedal.no

Spalteplassen denne gongen vil eg først og fremst bruka til elevtekstar.

Tekstar til musikk treng ikkje alltid vera stor poesi. Men det bør vera noko med dei.  Dette ”noko” må ein henta fram frå sinn og minne. Det kan vera noko ein har sett, opplevd, har vore borti, som har rørt ein – mye eller lite. Ein må la seg røra litegranne, skal ein kunna skriva.

Ei oppgåve eg ofte byrjar med er å be deltakarane sjå for seg ein stad bare dei veit om. Sjå for seg koss det er nett no. I denne stund. Når dei sjølve er ein annan stad. Sjå for seg ein stad der noko hende dei ein gong. Og skriva ned det ein ser:

Ingenting meir, bare den gode lufta som omringar meg. Ein fugl flyg over det stille vatnet. Den er fin. Blå og gul i fargane. Ein fisk hoppar opp etter luft, den kan ikkje leva utan. Akkurat som meg, eg kan ikkje leva utan denne plassen og minna om deg.

Eller:

SOLREGNET

Kan du sjå regnbogen?
Kan du sjå soli som dansar på vatnet?
Langt vekk, slik ein vakker dag,
slik skal me dansa i solregnet.

Ein stad langs vegen, brukar eg å seia: Det kan vera ein stoppestad. Mye viktig i livet skjer på stoppestader:

 

Bussdøra åpnes, noen går av, mens andre går på. Noen sier ha det, mens andre sier hei. Stresset er der. Folk som småløper for å rekke sin tid, sitt sted og sin avtale. Luften av kulde og tanken på et varmt sted er hos alle som står og tripper ved stolpene. En gutt kommer løpende mot en far som tar han imot, og øynene hans gløder av glede. En jente tar en gutt i hånden og feller en tåre når han kysser henne farvel. Motoren starter, og bussen glir forsiktig ut av plassen.

Ein stad der noko hende ein gong, sa eg. I ei anna oppgåve noko seinare på dagen, kan me gå tilbake til ”den hemmelige staden” – staden kan vera døropninga der heime – og få inn ørlite handling: Til dømes det å komma heim etter eit studenttilvære:

Det knirker  forsiktig i døra. Jeg kan høre barnelatteren komme dypt nede fra kjelleren. Døråpningen møter meg med en varm peis og vindu med gardiner. Jeg trekker pusten  dypt og puster lettet ut. Ingenting er farlig. Alt er kjent og kjært. Det er som det alltid har vært. Døra går igjen, og dørklinka brister lett i sjelen min. Endelig. En liten søt frøken kommer løpende opp trappa. Forventningsfull. Glad. Fylt av spenning. Hun springer imot meg. Våre smil smelter sammen til ett.

 

Det kan vera ein draum som gjorde inntrykk. Draumar er halve livet. Og verkelige
nok.

 

Alle minna mine vart viska bort, eg var ikkje lenger det eg ein gong hadde vore. Det var nokon som kom og tok frå meg dei gode og vonde minna mine. Eg gret, i draumen. Eg kjende at eg vart tappa for energi. Nokon kom og tok sjela mi, energien min og minna mine. Eg hugsa framleis, og tenkte. Eg såg Skuggen inn i auga. Det var eit par store mørke daude auge. Det låg hat og ondskap i dei. Eg kjende eit stikk og ein bølgje av vondskap strøyme igjennom meg.

I neste øving kan dette brukast som essens, substans i ein song. Som suppepose til vise-
suppa, som eg brukar å seia:

Han kom og tok sjela mi,
energien min og minna.
Så møtte eg blikket hans,
då vart Skuggen sinna. 

Eg var usynleg daud,
eg såg familien min,
ingen såg mi naud.

Eg såg han inn i kvitauga,
det mørke daude blikket,
hat og vondskap låg i dei.
Då kom det vonde stikket.

Eg var usynlig daud,
eg såg familien min,
ingen såg mi naud.

Eller, for å gå tilbake til (den hemmelige) stoppestaden:

Han er som en elv
som drar henne med.
De reiser vekk fra fortiden
til et nytt og annet sted.
Hun trodde alt var over
som smeltende snø,
Hun trodde alle følelser
var på vei til å dø.


Og så; tilbake til regnbogen i solregnet:

REGNBOGEN

Kvar drog du min regnboge?
Kvar drog du?
Vart du lei all urettferd i verda,
vart ditt hjarte knust av dei ureine skyene?
Kven har skylt vekk dine fargar?

(Refreng)
Eg drøymer om deg og varmen din,
Du som heldt handa mi og gav meg farge.
Eg drøymer om sola di som gav liv
til tunge regndråpar, slik du gav meg liv.
Kvar er du no?

Kvar er du, min venn?
Kvar flaug du?
Såg du for mykje urett og sorg?
Vart ditt liv meiningslaust og tomt?
Kven har knust det vakre hjartet ditt?

Eg drøymer om deg og varmen din…

Gjennom dei to kursdagane kjem kursleiaren stadig vekk med dømer på songtekstar, og tips. Viser fram alt frå konfirmasjonssongar til Leonard Cohens ”Hallelujah.” Han gjer greie for korleis han jobbar sjølv og så vidare. Han snakkar til dømes om å bruka stadnamn i songtekstar. Og lagar eit vers og to med stadnamn frå Telemark som han leiter fram i NAFs vegbok. Første og siste strofa, dei i midten kan ein dikta sjølv.

 

1.
Eg trefte ei jente i Spokkeligrend,
eg måtte forbi der i bil,
me hang, lo og dilla rundt Essoen der.
Ho hadde så romslig ein smil.

17.
Så har du eit ærend mellom Dalen og Øy,
ligg Spokkeligrend på din veg,
og dillar ho framleis rundt Essoen der,
så brei ut ein smil ifrå meg.

Den finaste øvinga, vil ein skriva songtekstar, er å gjendikta tekstar andre har skrive – på engelsk, til dømes, sidan det er det målet dei fleste av oss kan ved sida av ho mor sitt. Mange poetar som sidan har skrive songtekstar byrja karrieren si med å gjendikta Bob Dylan, John Lennon, Leonard Cohen og andre.

Eg nemner i fleng: Per Olav Kaldestad, Håvard Rem og Arnt Birkedal.

Og det fine er at ein treng ikkje skjøna alt for å gjendikta. Gjendiktinga blir di tolking. Ho speglar det du fattar av ein tekst. Og medan ein driv på og jobbar med teksten fattar ein meir og meir. Slik blir gjendiktinga òg den beste måten å lesa til dømes eit dikt – med eller utan rim – på. Ein får øva seg på alt ein song har av rim og rytme. Pluss at det – bokstavlig tala – blir ein veg bort frå engelsken til morsmålet.

Som sagt; ein lærer ikkje å skriva verken songar eller annan litteratur av å gå to dagar på skrivekurs. Ein lærer å skriva ved å lesa andre forfattarar medan ein sjølv skriv og skriv og skriv. Skriva og lesa, lesa og skriva. Slik blir ein skrivar. Eg byrjar alltid eit skrivekurs med å seia nett det. 

Men noko fint og anna kjem det alltid ut av eit skrivekurs. Noko me kanskje ikkje hadde skrive på rommet der heime.


Drøm

Drøm ikke!
Drøm.
Virkeligheten er fiktiv!
Drømmen er sann.
Tror du?
Tro er fiktivt!
Fiktivt er sant.
Later du som?
Å late som er et budskap.
Er du budbringer?


Tekstane i kursiv er skrivne av kursdeltakarane (i alfabetisk rekkefølgje): Marthe Dybdahl (16), Ingrid M. Lid (15), Åsne Fossli Loddengaard (13), Ellen Marie Brenna
Løkslid (16)  Ida Ursin-Holm (15), Aasne Vinjerui (14 ½),

5. desember 2006