Magasinett

Utskrift

Scenesjanse for unge frå Sogn og Fjordane

Skrive av Magasinett .


Unge i alderen 16 til 26 år frå Sogn og Fjordane blir no inviterte til å vere med på ei oppsetting av musikalen «West Side Story» til sommaren. Musikalen skal på turné i heile fylket.
(NPK): Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som står bak teaterprosjektet som er inspirert av oppsetjinga av rockeoperaen «Jesus Christ Superstar» i Sunnfjord sommaren 2005. Fylkeskommunen vil med dette gjere teaterarbeid til eit fast tilbod til unge i fylket fram til 2011.

Enten ein er interessert i å vere med i rampelyset eller arbeide med foto, film, suffli eller andre oppgåver bak scenen, kan ein melde seg på via nettsidene til fylkeskommunen på www.sfj.no. Det blir audition for drama, song og dans fleire stader i fylket i perioden 26. januar til 4. februar. (NPK)