Magasinett

Utskrift

Billig kultur for ungdommen

Skrive av Magasinett .


Kulturen er (nesten) gratis for ungdom i Austfold, Rogaland og Nord-Trøndelag, viss dei skaffar seg det nye kulturkortet.

Kortet kostar 200 kronar i halvåret og gir rett til gratis inngang på museum og utstillingar. Ein får og store rabattar på billettar til kino, fotballkampar, konsertar, bussen og liknande.

Det er Kultur- og kyrkjedepartementet som har løyvd pengar for 2006 og 2007 til ei prøveordning med kulturkort for desse tre fylka. Rogaland fylkeskommune opna nettstaden www.kulturkortet.no rett før jul og er allereie i god gang med ordninga. Også i Austfold har kulturkortet kome i sving, og der har det òg fått eigen nettstad, www.kulturkode.no. Nord-Trøndelag fylkeskommune er ikkje heilt klare enno, men fylkeskultursjef Ragnhild Kvalø lovar at ordninga skal vere på plass 1. april.

Målsetjinga med kulturkortet er å gje ungdom tilgang til eit bredt spekter av kulturopplevingar for ein billig penge. Kortet er for ungdom mellom 16 og 20 år.

11. januar 2007