Magasinett

Utskrift

Farlege dyr i Stavanger

Skrive av Ragnhild Margretha Taranger .


Ein edderkopp på storleik med ein liten bil reiser seg og byrjar å veive med frambeina. Det lyser av den hårete kroppen.



Sydney-edderkoppen, her i ekstremt forstørra utgåve, kastar seg over byttet sitt.

- Sydney-edderkoppen er svært giftig, og kan drepe eit menneske, seier zoolog Kolbjørn Skipnes ved Stavanger Museum.

Han fortel at den skumle edderkoppen likar å gøyme seg i sko, og at australiarane derfor gjerne ser litt ekstra godt etter inni skoa sine før dei tar dei på.

Direktør Gunnar Nerheim ved Stavanger Museum er stolt av den nye utstillinga, som har fått namnet «Rovdyr inntar byen».

- Det har blitt ei stor, flott utstilling som vi gler oss over å kunne vise fram.

Han håpar dei store, interaktive dyremodellane vil trekkje mykje folk over dørstokken på museet.

- Folk får så mange inntrykk i dag. Vi kan ikkje konkurrere med dyreprogramma på Discovery Channel. Men vi kan gi folk ei anna oppleving. Kva med å sjølv prøve å høyre som ein rev?


Prøv å høyre som ein rev! Det kan du ikkje på tv.

Høyr med reveøyre!
På utstillinga kan ein nemleg putte øyret inn i ei slags trakt. Då får ein brått reve-hørsel! Neste Klikk sin utsende høyrer utruleg godt kva ei gruppe menn diskuterer seg imellom eit par meter borte. Slik er det å vere rev: store øyrer høyrer best.

- Det er like morosamt å gå på museum som å gå på fotballkamp, meiner direktøren. Han meiner at berre han får folk innanfor dørene på museet, kjem dei til å oppdage mykje spennande.

I kampen for å overleve treng både byttedyr og rovdyr skjerpa sansar, som ugla sine auge, reven sine øyre, og det følsomme nebbet til rugda.

 

Ein effektiv drapsmaskin
Kolbjørn Skipnes er oppteken av kvithaien, som også er representert med ein diger modell.

- Kvithaien drep opptil femten menneske i året. Han er vanskeleg å få auge på fordi han kamuflerer seg med ei mørk overside og ei lys underside.

Kvithaien har gode sansar også, han kan høyre plaskinga frå ein sel på ein kilometers avstand, lukte selen på 100 meter og sjå han på 50 meters hold, fortel Skipnes.

- I tillegg er haien svært rask, og før selen (eller mennesket) anar uråd, har han havna i det skumle gapet.

Utstillinga viser oss korleis rovdyra sansar. Løyndommane deira blir avdekte, vi får oppleve våpna deira, og kva strategiar dei nyttar for å bli verande på toppen av næringskjeda.

 


Bli kjend med ein kjempekameleon med fjernstyrte auge og tunge...

Fjernstyrte auge
Ein gigantisk kameleon får mykje merksemd på utstillinga. I kvart av auga hans er det eit kamera. Du kan styre augene i alle retningar. På to monitorar kan du sjå kva kameleonen ser. Når du har fått ein sommerfugl i sikte, trykkjer du på ein knapp. Då skyt kameleonen tunga ut og fangar byttet sitt.

Delar av utstillinga er innlånt frå Natural History Museum i London. Men utstillinga fortel også om dei norske rovdyra, som ulv, bjørn, jerv og gaupe.

- Visste du at den vesle jerven, som blir omlag 10-15 kilo, hovudsakleg lever av å fange reinsdyr? Ein reinskalv kan bli opptil 150 kilo, fortel Kolbjørn Skipnes. Det er ganske


Vips, så er sommerfuglen historie!

imponerande kva den vesle tøffingen har på menyen.

Vi får eit innblikk i korleis rovdyra har vore frykta og jaga opp igjennom historia. Konflikten mellom rovdyr og husdyr er noko vi ikkje blir ferdige med i Noreg før vi ikkje har fleire rovdyr igjen.

Den norske delen av utstillinga minnar meir om det tradisjonelle museet slik vi kjenner det, med utstoppa dyr og små scener, samt tekst på veggen. Dei innleigde, meir eksotiske dyra i gigantstorleik byr på interaktive opplevingar.

Hadde du overlevd?
Eit populært samlingspunkt på opninga er ein slags jegertest.


Kva hadde sjansane dine vore i naturen? Hadde du overlevd?

Kor rask er du? Kor store sjansar hadde du hatt til å overleve i naturen? Barn og vaksne konkurrerer om å fange lysande ringar som dukkar opp på eit bord. Ringane illustrerer byttedyr, og vi er på jakt i kampen for å overleve.

Etter kvar runde får deltakarane poeng etter kor mange byttedyr han har fanga og ein konklusjon om korleis dette kunne ha gått viss det var «på ordentleg». Ei dame får beskjed om at ho ikkje hadde overlevd viss ho var nøydd til å fange maten sin sjølv. Ei lita jente derimot, får beste karakter, og hadde klart seg heilt eineståande som jeger ute i skogen.

I dag er barn frå barneskulane i Stavanger i gang med å lære om rovdyr og byttedyr på museet, fortel direktør Nerheim.

- Dei lærer like mykje av dei gamle, utstoppa dyra, som av dei nye og imponerande interaktive modellane, meiner museumsdirektøren.

Det er trist å bli spist, heiter det i Hakkebakkeskogen. Men i naturen må nokre bli etne for at andre skal overleve.


16. januar 2007