Magasinett

Utskrift

Benjaminprisen 2006 til Mandal

Skrive av Magasinett .

Mandal vidaregåande skule har fått Benjaminprisen 2006. Prisen blir delt ut ein gong i året til ein skule med eit aktivt arbeid mot rasisme og diskriminering.

- Eg er imponert over arbeidet dykkar for inkludering, toleranse og likeverd, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal til Mandal vidaregåande skule
- Skulens visjon er "vi bryr oss", og det er det vi menneske må gjere i møtet vårt med andre menneske og med verda.

Benjaminprisen blir delt ut til minne om 15-åringen Benjamin Hermansen frå Holmlia i Oslo som vart drepen i eit rasistisk motivert drap i 2001. Prisen består av ei byste av benjamin og 100 000 kroner.

Prisen blir utdelt 29. januar 2007.

Les meir i denne pressemeldinga frå Utdanningsdirektoratet.