Magasinett

Utskrift

Kjenner du denne mannen?

Skrive av Magasinett .


Kven er med i den raud-grøne regjeringa? Kva er eit partiprogram? Kva funksjon har ein parlamentarisk leiar? Veit DIN KLASSE meir om dette enn til dømes Rogalands-elevane?

Ein stikktest som Rogalands Avis har utført på tre vidaregåande skular i Rogaland, syner nemleg at ein tredel av elevane ikkje heilt veit kven som styrer landet vårt.

Avisa har sett saman ein test med spørsmål henta frå Stortinget sin eigen quizz som dei har late elevane prøve seg på. Ifølgje avisa var resultatet ganske labert. Sjølv om spørsmåla kom med svaralternativ, var det til dømes nesten 40 prosent av elevane på den eine skulen som ikkje visste kva for parti den raud-grøne regjeringa består av.

Har du og/eller klassen din lyst til å ta testen? Du finn han på http://quiz.tinget.no/. Fortel oss gjerne korleis det gjekk!


PS: Mannen på bildet er sjølvsagt stortingspresident Thorbjørn Jagland (Ap). (Foto: dna.no)


25. januar 2007