Magasinett

Utskrift

Slepp bøkene fri!

Skrive av Ragnhild Margretha Taranger .

Er du ein bokorm? Har du høyrt om bokkryssing, eller «bookcrossing» som det heiter på engelsk? Ikkje la dei gode bøkene dine stå og støve ned i bokhylla, men la dei reise rundt i verda.

Elisabeth Svendsen er ein av rundt 1500 norske bokkryssarar. Her er ho i ferd med å sleppe fri ei bok på ein kafé i Sandnes. Boka ligg i ein spesialplastpose med BookCrossinglogo, men Elisabeth forsikrar at ein godt kan frigje bøker utan pose også.Å frigje ei bok, er rett å slett å ta ho ut av hylla heime og gå ut og leggje ho frå seg på ein meir eller mindre offentleg stad der ho kan bli plukka opp av nysgjerrige leselystne.

Inni boka finn finnaren informasjon om kva han no er med på, og er han av den begeistra sorten kan det hende at han går inn på nettstaden www.bookcrossing.com og registrerer funnet. Slik får personen som sleppte boka fri vite at ho er funnen, og kanskje blir finnaren også sjølv ein bokkryssar og byrjar å dele sine bøker og leseopplevingar med ukjende.

Ei av dei norske bokkryssarane kallar seg Kaleidoblikk på nettstaden, men heiter eigentleg Elisabeth Svendsen. Ho er ein 34 år gammal litteraturinteressert vernepleiar som tilfeldigvis snubla over konseptet under ein tur på verdsveven, og blei frelst.

- Eg blei vanvittig sjarmert, og melde meg inn med ein gong, fortel Elisabeth på ein e-post frå Sandnes.

 

Gi ikkje opp
Elisabeth har frigjeve 73 bøker sidan ho blei bokkryssar i 2004. Dei fleste bøkene har ho lagt frå seg på kafébord, men nokon har også blitt droppa langs turstiar og på togsete. Berre 28 av desse bøkene er blitt funne og registrerte på nettstaden.

- Mange av bøkene vi slepp fri blir aldri registrerte igjen, fortel ho.

- Det er best ikkje å bli skuffa over det, men heller gle seg over når dei dukkar opp.

- Her ein dag blei ei bok registrert halvtanna år etter at eg hadde sleppt ho frå meg, det var litt av ein opptur!

- Eg må innrømme at eg alltid har lyst til å bli igjen for å sjå om nokon plukkar opp boka eg har lagt ut, fortel Elisabeth vidare.

- Som oftast greier eg å la det vere, men det hender at eg kjem tilbake ein tur for å sjå om ho framleis er der.

 

Bokkryssarar i alle land
Bokkryssarar i heile verda finn kvarandre på nettstaden www.bookcrossing.com.

Her finn ein dei siste frigjevne bøkene, oversikt over medlemmer i kvart land, og sjølvsagt forskjellige forum der ein kan diskutere både bøker, forfattarar og ikkje-litterære tema. I det skandinaviske forumet kan til ein dømes lese at bokkryssarane både i Oslo og Trondheim planlegg å treffe kvarandre i levande live om ikkje lenge.

Elisabeth har fått fleire vener gjennom bokkryssinga. Rett nok har ho ikkje møtt nokon av dei endå, men dei treffest på nettet og snakkar om bøker.

Ho har også vore med på noko kalla bokringar, som går ut på at bøker blir sende rundt mellom folk som allereie er bokkryssarar, og ho har vore med å skrive i The Coffee Journal, der bokkryssarane sjølve skriv ei bok om korleis det er å sitje på kafe.

- Eg er også med på eit prosjekt der vi saman sender ei bok til ein tilfeldig person i kvart einaste land på kloden, fortel ho.

- Eg har allereie sendt ei bok til ein ukjent i Peru, og no står Færøyene og Svalbard for tur.

 

Tre millionar bøker
I skrivande stund har 1551 norske bokkryssarar registrert seg på nettstaden, og talet veks stadig. I heile verda er talet på over ein halv million. For tida er over tre millionar bøker på reise og kan kome til å bli funne av nysgjerrige leselystne i Kenya, Usbekistan, Tyrkia eller Finland. Nesten halvparten av bokkryssarane finn ein i opphavslandet USA, men lista over land er lang og famnar om heile kloden.

Det var Ron Hornbaker og kona hans, Kaori, som utvikla ideen om eit nytt og unikt internettsamfunn ei marsnatt i 2001. Inspirasjonen fann dei på nettstadene PhotoTag.org og WheresGeorge.com der høvesvis eingongskamera og pengesetlar blir registrerte på sin veg gjennom verda. Både logo, namn og domene var ferdig i løpet av natta, og Bookcrossing.com var eit faktum. Etter den fyrste pressekonferansen til 500 dollar har omtalar i magasin, tv og radio gjort det overflødig å bruke pengar på marknadsføring.

 

Gå på jakt!
Viss du no brenn av lyst til å gå ut og leggje frå deg bøker, gjer det! Men smør deg med litt tålmod, ting tar som kjend tid. Mens du ventar på at bøkene dine skal bli funne, kan du jo sjølv gå på bokjakt. For tida er 100 bøker på tur i rundt i Noreg.

Til dømes finn du kanskje framleis den fantastiske barndomsromanen Skipet i Flasken av den danske grafikaren og forfattaren Dea Trier Mørch i flaskehylla på ein Kiwibutikk i Asker. Eller du kan finne romanen Røyksopp av feministen Fay Weldon på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem i Fitjar i Hordaland. God jakt!

6. februar 2007